< Salmenes 140 >

1 Til songmeisteren; ein salme av David. Herre, fria meg ut frå vonde folk, vara meg ifrå valdsmenner
[For the Chief Musician. A Psalm by David.] Deliver me, YHWH, from the evil man. Preserve me from the violent man;
2 som tenkjer vondt i hjarta, som kvar dag samlar seg til strid!
those who devise mischief in their hearts. They continually gather themselves together for war.
3 Dei kvesser tunga si som ein orm, orme-eiter er under lipporne deira. (Sela)
They have sharpened their tongues like a serpent. Viper's poison is under their lips. (Selah)
4 Vakta meg, Herre, for henderne til dei ugudlege, vara meg ifrå valdsmenner, som tenkjest til å få mine fet til fall.
YHWH, keep me from the hands of the wicked. Preserve me from the violent men who have determined to trip my feet.
5 Dei ovmodige gøymer snara til meg og reip, dei strekkjer garn ved vegen, gildror set dei snaror for meg. (Sela)
The proud have hidden a snare for me, they have spread the cords of a net by the path. They have set traps for me. (Selah)
6 Eg segjer til Herren: «Min Gud er du.» Lyd, Herre, på mi bønerøyst!
I said to YHWH, "You are my God." Listen to the cry of my petitions, YHWH.
7 Herre, Herre, du mi sterke frelsa, du vernar mitt hovud på væpningsdagen.
YHWH, the Lord, the strength of my salvation, you have covered my head in the day of battle.
8 Herre, lat ikkje den ugudlege få si lyst, lat ikkje hans vonde råd få framgang! Dei vilde elles upphøgja seg. (Sela)
YHWH, do not grant the desires of the wicked. Do not let their evil plans succeed, or they will become proud. (Selah)
9 Yver hovudet på deim som kringset meg, skal den ulukka falla som deira lippor valdar.
As for the head of those who surround me, let the mischief of their own lips cover them.
10 Brennande kol skal ein rista ned yver deim, i elden skal han kasta deim, i djupe vatn, so dei ikkje kann koma upp.
Let burning coals fall on them. Let them be thrown into the fire, into miry pits, from where they never rise.
11 Ein munnkåt mann skal ikkje trygt på jordi, den vonde valdsmann skal dei jaga til han sturtar.
An evil speaker won't be established in the earth. Evil will hunt the violent man to overthrow him.
12 Eg veit at Herren skal greida saki for armingen, og retten for dei fatige.
I know that YHWH will maintain the cause of the afflicted, and justice for the needy.
13 Ja, dei rettferdige skal prisa namnet ditt, dei ærlege skal bu for di åsyn.
Surely the righteous will give thanks to your name. The upright will dwell in your presence.

< Salmenes 140 >