< Salmenes 88 >

1 Ein song, ein salme av Korahs born. Til songmeisteren; etter Mahalat leannot; ein song til lærdom av ezrahiten Heman. Herre, min Frelse-Gud! Dag og natt ropar eg framfyre deg.
[A Song. A Psalm by the sons of Korah. For the Chief Musician. To the tune of "The Suffering of Affliction." A contemplation by Heman, the Ezrahite.] YHWH, the God of my salvation, I have cried day and night before you.
2 Lat mi bøn koma for di åsyn, bøyg ditt øyra til mitt klagerop!
Let my prayer enter into your presence. Turn your ear to my cry.
3 For mi sjæl er mett av ulukkor, og mitt liv er kome nær til helheimen. (Sheol h7585)
For my soul is full of troubles. My life draws near to Sheol. (Sheol h7585)
4 Eg er rekna lik deim som fer ned i gravi, eg er som ein mann utan livskraft.
I am counted among those who go down into the pit. I am like a man who has no help,
5 Eg er forlaten millom dei daude, som dei ihelslegne som ligg i gravi, som du ikkje meir kjem i hug, då dei er avskorne frå di hand.
set apart among the dead, like the slain who lie in the grave, whom you remember no more. They are cut off from your hand.
6 Du hev lagt meg i den djupe hola, i myrkrer, i ovdjup.
You have laid me in the lowest pit, in the darkest depths.
7 Din harm kvilar tungt på meg, og med alle dine bylgjor trengjer du meg. (Sela)
Your wrath lies heavily on me. You have afflicted me with all your waves. (Selah)
8 Du hev drive mine kjenningar langt burt frå meg, du hev gjort meg til ein styggedom for deim, eg er innestengd og kann ikkje koma ut.
You have taken my friends from me. You have made me an abomination to them. I am confined, and I can't escape.
9 Mitt auga hev vanmegtast av liding, eg hev kalla på deg kvar dag, Herre, eg hev rett ut mine hender til deg.
My eyes are dim from grief. I have called on you daily, YHWH. I have spread out my hands to you.
10 Gjer du vel under for dei daude? eller vil skuggar stand upp og lova deg? (Sela)
Do you show wonders to the dead? Do the dead rise up and praise you? (Selah)
11 Tru dei i gravi fortel um di miskunn, og um di truskap i avgrunnen?
Is your loving kindness declared in the grave? Or your faithfulness in Destruction?
12 Vert dine under kjende i myrkret, og di rettferd i gløymelandet?
Are your wonders made known in the dark? Or your righteousness in the land of forgetfulness?
13 Men eg ropar til deg, Herre, og um morgonen kjem mi bøn imot deg.
But to you, YHWH, I have cried. In the morning, my prayer comes before you.
14 Kvifor, Herre, støyter du burt mi sjæl? Kvifor løyner du ditt andlit for meg?
YHWH, why do you reject my soul? Why do you hide your face from me?
15 Arm er eg og døyande frå ungdomen av, eg ber dine rædslor, eg lyt gjeva meg yver.
I am afflicted and ready to die from my youth up. While I suffer your terrors, I am distracted.
16 Logarne av din harm hev gjenge yver meg, dine skræmor hev gjort meg til inkjes.
Your fierce wrath has gone over me. Your terrors have cut me off.
17 Dei hev ringa seg um meg som vatn all dagen, dei hev i samlag kringsett meg.
They came around me like water all day long. They completely engulfed me.
18 Du hev drive langt burt frå meg ven og næste, mine kjenningar er myrkret.
You have put lover and friend far from me, and my friends into darkness.

< Salmenes 88 >