< Leviticus 24 >

1 Et locutus est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Præcipe filiis Israel, ut afferant tibi oleum de olivis purissimum, ac lucidum, ad concinnandas lucernas iugiter,
«Seg med Israels-folket at dei skal koma med skir olje av sundstøytte oljeber til ljosestaken, so lamporne stødt kann setjast upp!
3 extra velum testimonii in tabernaculo fœderis. Ponetque eas Aaron a vespere usque ad mane coram Domino, cultu rituque perpetuo in generationibus vestris.
Utanfor tæpet som heng attfor lovtavlekista i møtetjeldet, skal Aron stella lamporne so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon, stødt og stendigt; det skal vera ein fast sed hjå dykk og etterkomarane dykkar:
4 Super candelabrum mundissimum ponentur semper in conspectu Domini.
på den bjarte gullstaken skal han skipa lamporne for Herrens åsyn seint og tidleg.
5 Accipies quoque similam, et coques ex ea duodecim panes, qui singuli habebunt duas decimas:
So skal du taka fint mjøl, og baka tolv kakebrød; i kvart brød skal det vera tvo kannor mjøl.
6 quorum senos altrinsecus super mensam purissimam coram Domino statues:
Og deim skal du leggja i tvo rader, seks i kvar rad, på gullbordet, for Herrens åsyn.
7 et pones super eos thus lucidissimum, ut sit panis in monimentum oblationis Domini.
Og på kvar rad skal du leggja rein angekvåda; det skal vera eit minningsoffer for brødet, ein offerrett åt Herren.
8 Per singula sabbata mutabuntur coram Domino suscepti a filiis Israel fœdere sempiterno:
Kvar helg skal han leggja det brødet fram for Herrens åsyn, stødt og stendigt; det skal vera ei æveleg sambandsgåva frå Israels-borni.
9 eruntque Aaron et filiorum eius, ut comedant eos in loco sancto: quia Sanctum sanctorum est de sacrificiis Domini iure perpetuo.
Og Aron og sønerne hans skal få det og eta det på ein heilag stad; for det høyrer til det som er høgheilagt av Herrens offermat, og prestarne skal hava rett til det i all æva.»
10 Ecce autem egressus filius mulieris Israelitidis, quem pepererat de viro Ægyptio inter filios Israel, iurgatus est in castris cum viro Israelita.
Ein som var son til ei israelitisk kona, men hadde ein egyptar til far, gjekk ein gong inn millom Israels-folket, og han og ein av Israels-mennerne kom i trætta med kvarandre i lægret.
11 Cumque blasphemasset nomen, et maledixisset ei, adductus est ad Moysen. (Vocabatur autem mater eius Salumith, filia Dabri de tribu Dan.)
Og son til den israelitiske kona - ho heitte Sjelomit Dibrisdotter, og var av Dans-ætti - tok til å banna Guds namn og spotta det.
12 Miseruntque eum in carcerem, donec nossent quid iuberet Dominus.
Då førde dei honom burt til Moses, og sette honom fast til dei kunde få ein orskurd av Herrens munn.
13 Qui locutus est ad Moysen,
Og Herren tala til Moses, og sagde:
14 dicens: Educ blasphemum extra castra, et ponant omnes qui audierunt, manus suas super caput eius, et lapidet eum populus universus.
«Før spottaren ut or lægret, og alle dei som høyrde på det, skal leggja henderne på hovudet hans, og heile lyden skal steina honom.
15 Et ad filios Israel loqueris: Homo, qui maledixerit Deo suo, portabit peccatum suum:
Og til Israels-folket skal du segja: «Den som bannar sin Gud, lyt lida for syndi si,
16 et qui blasphemaverit nomen Domini, morte moriatur: lapidibus opprimet eum omnis multitudo, sive ille civis, sive peregrinus fuerit. Qui blasphemaverit nomen Domini, morte moriatur.
og den som spottar Herrens namn, han skal lata livet; heile lyden skal steina honom i hel; anten han er framand eller fødd og boren i landet, so skal han lata livet, so sant han hev spotta Guds namn.
17 Qui percusserit, et occiderit hominem, morte moriatur.
Slær nokon ein mann i hel, so skal han lata livet.
18 Qui percusserit animal, reddet vicarium, id est animam pro anima.
Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva like for det, liv for liv.
19 Qui irrogaverit maculam cuilibet civium suorum: sicut fecit, sic fiet ei:
Valdar nokon at grannen hans fær skade på likamen, so skal dei gjera det same med honom som han hev gjort med grannen:
20 fracturam pro fractura, oculum pro oculo, dentem pro dente restituet. qualem inflixerit maculam, talem sustinere cogetur.
brot for brot, auga for auga, tonn for tonn; det meinet han hev gjort ein annan, skal han sjølv få.
21 Qui percusserit iumentum, reddet aliud. Qui percusserit hominem, punietur.
Den som slær i hel eit krøter, skal gjeva lika for det; men den som slær i hel eit menneskje, skal lata livet.
22 Æquum iudicium sit inter vos, sive peregrinus, sive civis peccaverit: quia ego sum Dominus Deus vester.
Det er same retten for dykk alle, for den framande likso vel som for den som er fødd og boren i landet; for eg, Herren, er dykkar Gud.»»
23 Locutusque est Moyses ad filios Israel: et eduxerunt eum, qui blasphemaverat, extra castra, ac lapidibus oppresserunt. Feceruntque filii Israel sicut præceperat Dominus Moysi.
Og Moses kunngjorde dette for Israels-folket, og dei førde spottaren ut or lægret, og steina honom i hel: Israels-mennerne gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

< Leviticus 24 >