< Leviticus 23 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Loquere filiis Israel, et dices ad eos: Hæ sunt feriæ Domini, quas vocabitis sanctas.
«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «No skal eg nemna dykk Herrens høgtider, dei dagarne som de skal kalla folket i hop til eit heilagt møte og halda høgtid for meg!
3 Sex diebus facietis opus: dies septimus, quia sabbati requies est, vocabitur sanctus. omne opus non facietis in eo. sabbatum Domini est in cunctis habitationibus vestris.
Seks dagar lyt de arbeida og vera onnuge; men den sjuande dagen skal vera heil kviledag, med heilagt møte. Då må de ikkje gjera noko arbeid; i alle heimarne dykkar skal det vera ein kviledag, vigd åt Herren.
4 Hæ sunt ergo feriæ Domini sanctæ, quas celebrare debetis temporibus suis.
Herrens høgtider, dei heilage møti som de skal kalla i hop, kvart på si visse tid, det er desse:
5 Mense primo, quartadecima die mensis ad vesperum, Phase Domini est:
Den fjortande dagen i den fyrste månaden, soleglads bil, tek Herrens påskehelg til.
6 et quintadecima die mensis huius, sollemnitas azymorum Domini est. Septem diebus azyma comedetis.
Og den femtande dagen i den same månaden skal de halda søtebrødhelgi for Herren. I sju dagar skal de eta usyrt brød;
7 dies primus erit vobis celeberrimus, sanctusque: omne opus servile non facietis in eo:
den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og må ikkje gjera noko utearbeid,
8 sed offeretis sacrificium in igne Domino septem diebus. dies autem septimus erit celebrior et sanctior: nullumque servile opus facietis in eo.
og alle dei sju dagarne skal de bera fram offermat åt Herren; den sjuande dagen skal de og halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då heller.»»
9 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
10 Loquere filiis Israel, et dices ad eos: Cum ingressi fueritis terram, quam ego dabo vobis, et messueritis segetem, feretis manipulos spicarum, primitias messis vestræ ad sacerdotem:
«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn kornet der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda,
11 qui elevabit fasciculum coram Domino, ut acceptabile sit pro vobis, altero die Sabbati, et sanctificabit illum.
og han skal svinga det att og fram for Herrens åsyn, so Herren kann hava hugnad av dykk; dagen etter helgi skal presten svinga kornbandet.
12 Atque in eodem die quo manipulus consecratur, cædetur agnus immaculatus anniculus in holocaustum Domini.
Og same dagen som de svingar kornbandet, skal de bera fram eit årsgamalt lamb som er lytelaust, til brennoffer åt Herren.
13 Et libamenta offerentur cum eo, duæ decimæ similæ conspersæ oleo in incensum Domini, odoremque suavissimum: liba quoque vini, quarta pars hin.
Grjonofferet som fylgjer med, skal vera tvo kannor fint mjøl, blanda med olje - då er det ein offerrett åt Herren, som gjev god ange - og drykkofferet ei halv kanne vin.
14 Panem, et polentam, et pultes non comedetis ex segete, usque ad diem qua offeretis ex ea Deo vestro. Præceptum est sempiternum in generationibus, cunctisque habitaculis vestris.
Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyre den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
15 Numerabitis ergo ab altero die Sabbati, in quo obtulistis manipulum primitiarum, septem hebdomadas plenas,
Frå den fyrste dagen etter helgi, frå den dagen de bar fram kornbandet som skulde svingast for Herrens åsyn, skal de telja sju fulle vikor:
16 usque ad alteram diem expletionis hebdomadæ septimæ, id est quinquaginta dies: et sic offeretis sacrificium novum Domino
femti dagar skal de telja, til dagen etter den sjuande vika, og då skal de bera fram eit nytt grjonoffer for Herren.
17 ex omnibus habitaculis vestris, panes primitiarum duos de duabus decimis similæ fermentatæ, quos coquetis in primitias Domini.
Tvo vigslingsbrød skal de koma med frå heimarne dykkar; i deim skal det vera tvo kannor fint mjøl, og dei skal vera syrte; det skal vera nygrødeoffer åt Herren.
18 Offeretisque cum panibus septem agnos immaculatos anniculos, et vitulum de armento unum, et arietes duos, et erunt in holocaustum cum libamentis suis, in odorem suavissimum Domini.
Og attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lytelause lamb og ein ung ukse og tvo verar til brennoffer åt Herren, og det grjonofferet og dei drykkofferi som fylgjer med: det er ein offerrett for Herren, som det angar godt av.
19 Facietis et hircum pro peccato, duosque agnos anniculos hostias pacificorum.
Til syndoffer skal de ofra ein geitebukk, og til takkoffer tvo årsgamle lamb;
20 Cumque elevaverit eos sacerdos cum panibus primitiarum coram Domino, cedent in usum eius.
deim skal presten svinga att og fram for Herrens åsyn saman med nygrødebrødet; dei skal vigjast åt Herren, og høyra presten til.
21 Et vocabitis hunc diem celeberrimum, atque sanctissimum: omne opus servile non facietis in eo. Legitimum sempiternum erit in cunctis habitaculis, et generationibus vestris.
Og same dagen skal de kalla folket i hop, og halda eit heilagt møte; de må ikkje gjera noko utearbeid den dagen. Dette skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
22 Postquam autem messueritis segetem terræ vestræ, nec secabitis eam usque ad solum: nec remanentes spicas colligetis, sed pauperibus et peregrinis dimittetis eas. Ego sum Dominus Deus vester.
Og når de haustar kornet av åkrane dykkar, skal du ikkje skjera kornet for vel utåt reini, og dei aksi som ligg att etter skurden, skal du ikkje plukka upp; du skal etla deim att åt dei fatige og framande. Kom i hug: eg er Herren, dykkar Gud!»»
23 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
24 Loquere filiis Israel: Mense septimo, prima die mensis, erit vobis sabbatum, memoriale, clangentibus tubis, et vocabitur sanctum:
«Tala til Israels-folket og seg: «Den fyrste dagen i den sjuande månaden skal de halda helg; då skal luren ljoma og minna dykk, og de skal halda eit heilagt møte.
25 omne opus servile non facietis in eo, et offeretis holocaustum Domino.
Den dagen må de ikkje gjera noko utearbeid, og de skal bera fram offermat for Herren.»»
26 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
27 Decimo die mensis huius septimi, dies expiationum erit celeberrimus, et vocabitur sanctus: affligetisque animas vestras in eo, et offeretis holocaustum Domino.
«So den tiande dagen i den same sjuande månaden er det soningsdag. Det skal vera ein heilag møtedag for dykk, og de skal fasta og bera fram offermat for Herren.
28 Omne opus servile non facietis in tempore diei huius: quia dies propitiationis est, ut propitietur vobis Dominus Deus vester.
Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid; for det er soningsdag; då skal dei gjera soning for dykk framfor åsyni åt Herren, dykkar Gud.
29 Omnis anima, quæ afflicta non fuerit die hac, peribit de populis suis:
Alle som ikkje fastar den dagen, skal rydjast ut or ætti si.
30 et quæ operis quippiam fecerit, delebo eam de populo suo.
Og den som gjer noko arbeid, honom vil eg tyna midt ibland folket hans.
31 Nihil ergo operis facietis in eo: legitimum sempiternum erit vobis in cunctis generationibus, et habitationibus vestris.
Ikkje det minste grand må de gjera den dagen; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
32 sabbatum requietionis est, et affligetis animas vestras die nono mensis: A vespera usque ad vesperam celebrabitis sabbata vestra.
Ein kvile- og helgedag skal det vera for dykk, og de skal fasta; frå niande dags kvelden i den månaden til kvelden etter skal de halda heilagt.»
33 Et locutus est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala endå meir til Moses, og sagde:
34 Loquere filiis Israel: A quintodecimo die mensis huius septimi, erunt feriæ tabernaculorum septem diebus Domino.
«Tala til Israels-folket og seg: «Frå den femtande dagen i den same sjuande månaden skal de halda lauvhyttehelg for Herren i sju dagar.
35 Dies primus vocabitur celeberrimus atque sanctissimus: omne opus servile non facietis in eo.
Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera.
36 Et septem diebus offeretis holocausta Domino. dies quoque octavus erit celeberrimus atque sanctissimus, et offeretis holocaustum Domino: est enim cœtus atque collectæ: omne opus servile non facietis in eo.
Sju dagar skal de bera fram offermat for Herren; og den åttande dagen skal de halda eit heilagt møte, og bera fram offermat for Herren. Då er det stor samlingshøgtid, og de må ikkje gjera noko utearbeid.
37 Hæ sunt feriæ Domini, quas vocabitis celeberrimas atque sanctissimas, offeretisque in eis oblationes Domino, holocausta et libamenta iuxta ritum uniuscuiusque diei:
Dette er dei høgtiderne då de skal kalla folket i hop til heilagt møte og bera fram offer for Herren: brennoffer og grjonoffer, slagtoffer og drykkoffer, kvart til si tid,
38 exceptis sabbatis Domini, donisque vestris, et quæ offeretis ex voto, vel quæ sponte tribuetis Domino.
umfram Herrens kviledagsoffer, og umfram gåvorne dykkar og alle dei offeri de hev lova, eller kjem til Herren med av dykk sjølve.
39 A quintodecimo ergo die mensis septimi, quando congregaveritis omnes fructus terræ vestræ, celebrabitis ferias Domini septem diebus. die primo et die octavo erit sabbatum, id est requies.
Men frå den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar grøda i hus, skal de høgtida Herrens pilegrimshelg i sju dagar. Den fyrste dagen skal det halda heilag, og den åttande dagen skal det halda heilag.
40 Sumetisque vobis die primo fructus arboris pulcherrimæ, spatulasque palmarum, et ramos ligni densarum frondium, et salices de torrente, et lætabimini coram Domino Deo vestro.
Og den fyrste dagen skal de taka fagre frukter og palmegreiner og lauvrike buskor og seljekvister, og gleda dykk for Guds åsyn i sju dagar.
41 celebrabitisque sollemnitatem eius septem diebus per annum. legitimum sempiternum erit in generationibus vestris. Mense septimo festa celebrabitis,
Soleis skal de kvart år halda pilegrimshelg for Herren i sju dagar; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. I den sjuande månaden skal de halda den helgi.
42 et habitabitis in umbraculis septem diebus. omnis, qui de genere est Israel, manebit in tabernaculis:
Då skal de bu i lauvhyttor i sju dagar; alle som er fødde og borne i Israel, skal bu i lauvhyttor,
43 ut discant posteri vestri quod in tabernaculis habitare fecerim filios Israel, cum educerem eos de Terra Ægypti. ego Dominus Deus vester.
so etterkomarane dykkar skal minnast at eg let Israels-sønerne bu i lauvhyttor då eg fylgde deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, deira Gud.»»
44 Locutusque est Moyses super sollemnitatibus Domini ad filios Israel.
Og Moses kunngjorde Herrens høgtider for Israels-folket.

< Leviticus 23 >