< Leviticus 25 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen in monte Sinai, dicens:
Og Herren tala atter til Moses på Sinaifjellet, og sagde:
2 Loquere filiis Israel, et dices ad eos: Quando ingressi fueritis terram quam ego dabo vobis, sabbatizes sabbatum Domino.
«Tala til Israels-folket, og seg til deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, so skal landet halda helg for Herren og kvila:
3 Sex annis seres agrum tuum, et sex annis putabis vineam tuam, colligesque fructus eius:
Seks år skal du så åkeren din, og seks år skal du kylla vintrei dine, og sanka det som jordi gjev av seg;
4 septimo autem anno sabbatum erit terræ, requietionis Domini: agrum non seres, et vineam non putabis.
men det sjuande året skal vera ei kviletid for landet, ei helg som er vigd åt Herren: då skal du ikkje så åkeren din, og ikkje kylla vintrei.
5 Quæ sponte gignet humus, non metes: et uvas primitiarum tuarum non colliges quasi vindemiam: annus enim requietionis terræ est:
Det kornet som renn upp av seg sjølv etter fjorgrøda, skal du ikkje skjera, og druvorne på det ukyllte vintreet skal du ikkje sanka: Eit kvileår skal det vera for landet.
6 sed erunt vobis in cibum, tibi et servo tuo, ancillæ et mercenario tuo, et advenæ qui peregrinantur apud te:
Og det som jordi ber i kviletidi, skal vera til føda for dykk alle: for deg og drengen din og tenestgjenta di og leigekaren og buseten som held til hjå deg;
7 iumentis tuis et pecoribus omnia quæ nascuntur, præbebunt cibum.
og bufeet ditt og villdyri som er i landet, skal og eta av all den grøda som veks.
8 Numerabis quoque tibi septem hebdomadas annorum, id est, septies septem, quæ simul faciunt annos quadraginta novem:
So skal du telja fram sju kvileår, sju gonger sju, so tidi som svarar til dei sju kvileåri, vert ni og fyrti år;
9 et clanges buccina mense septimo, decima die mensis, propitiationis tempore, in universa terra vestra.
og den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa i lur; på soningsdagen skal de lata luren ljoma i heile landet dykkar.
10 Sanctificabisque annum quinquagesimum, et vocabis remissionem cunctis habitatoribus terræ tuæ: ipse est enim iubilæus. Revertetur homo ad possessionem suam, et unusquisque rediet ad familiam pristinam:
Og de skal helga det femtiande året, og lysa ut fridom for alle som i landet bur. Det skal vera eit jubelår for dykk; då skal de koma attende kvar til sin odel og venda heim att kvar til si ætt.
11 quia iubilæus est et quinquagesimus annus. Non seretis, neque metetis sponte in agro nascentia, et primitias vindemiæ non colligetis,
Eit jubelår skal det femtiande året vera for dykk: ikkje skal de så, og ikkje skal de hausta det sjølvsådde kornet, og ikkje skal de sanka druvorne av det ukyllte vintreet.
12 ob sanctificationem iubilæi, sed statim oblata comedetis.
For det er eit jubelår: det skal vera heilagt for dykk; på marki skal de henta maten etter kvart som de treng honom.
13 Anno iubilæi redient omnes ad possessiones suas.
I jubelåret skal kvar få att odelsgarden sin.
14 quando vendes quippiam civi tuo, vel emes ab eo, ne contristes fratrem tuum, sed iuxta numerum annorum iubilei emes ab eo,
Når du sel noko til landsmannen din eller kjøper noko av honom, so skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.
15 et iuxta supputationem frugum vendet tibi.
Kjøper du jord av honom, so skal du telja dei åri som er lidne frå jubelåret, og han skal rekna etter kor mange åringar det er att.
16 Quanto plures anni remanserint post iubilæum, tanto crescet et pretium: et quanto minus temporis numeraveris, tanto minoris et emptio constabit. tempus enim frugum vendet tibi.
Etter som det då er mange eller få år att, skal prisen auka eller minka; for det er berre eit visst tal med avlingar han sel deg.
17 Nolite affligere contribules vestros, sed timeat unusquisque Deum suum, quia ego Dominus Deus vester.
Gjer ikkje urett mot kvarandre; hav age for dykkar Gud! Kom i hug: eg, Herren, er dykkar Gud!
18 Facite præcepta mea, et iudicia custodite, et implete ea, ut habitare possitis in terra absque ullo pavore,
Lyd loverne mine, og haldt bodi mine og liv etter deim, so skal de bu trygt i landet;
19 et gignat vobis humus fructus suos, quibus vescamini usque ad saturitatem, nullius impetum formidantes.
landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å liva av, og sitja der trygt.
20 Quod si dixeritis: Quid comedemus anno septimo, si non severimus, neque collegerimus fruges nostras?
Og dersom de spør: «Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår?»
21 Dabo benedictionem meam vobis anno sexto, et faciet fructus trium annorum:
so må de vita at i det sette året vil eg senda dykk mi velsigning, og de skal få so rik ei grøda, at ho rekk til for tri år.
22 seretisque anno octavo, et comedetis veteres fruges usque ad nonum annum: donec nova nascantur, edetis vetera.
Når de sår i det åttande året, skal de endå eta av fyrrårsavlen; alt til grøda kjem det niande året, skal de leva av den gamle avlen.
23 Terra quoque non vendetur in perpetuum: quia mea est, et vos advenæ et coloni mei estis.
Jordi må de ikkje selja for ollo; for det er eg som eig landet; de er berre framande og leiglendingar hjå meg.
24 unde cuncta regio possessionis vestræ sub redemptionis conditione vendetur.
Difor skal det i heile landet dykkar gjelda løysingsrett for jord:
25 Si attenuatus frater tuus vendiderit possessiunculam suam, et voluerit propinquus eius, potest redimere quod ille vendiderat.
Dersom det gjeng ut for grannen din, og han lyt selja noko av garden sin, so skal næmaste odelsmannen koma og løysa att det som skyldingen hans hev selt.
26 sin autem non habuerit proximum, et ipse pretium ad redimendum potuerit invenire:
Finst det ingen som kann løysa att jordi for honom, og han sjølv fær so mykje med hand at han kann greida løysingsummen,
27 computabuntur fructus ex eo tempore quo vendidit: et quod reliquum est, reddet emptori, sicque recipiet possessionem suam.
so skal han rekna frå dei åri som er lidne sidan han selde, og gjeva den han selde til lika for det som att er; då vert eigedomen hans;
28 quod si non invenerit manus eius ut reddat pretium, habebit emptor quod emerat, usque ad annum iubileum. In ipso enim omnis venditio redibit ad dominum, et ad possessorem pristinum.
men er han ikkje god til å greida det han skal ut med, so skal jordi høyra kjøparen til alt til jubelåret; i jubelåret vert ho fri og kjem under den gamle eigaren.
29 Qui vendiderit domum intra urbis muros, habebit licentiam redimendi, donec unus impleatur annus.
Når ein sel eit stovehus i ein by med murar ikring, so gjeld løysingsretten berre for ei tid; so lenge som eit år etter huset vart selt, skal han hava rett til å løysa det att.
30 si non redemerit, et anni circulus fuerit evolutus, emptor possidebit eam, et posteri eius in perpetuum, et redimi non poterit, etiam in iubileo.
Vert ikkje huset attløyst fyrr eit fullt år er lide, so skal det - so framt det ligg i ein by med murar ikring - falla under den som hev kjøpt det, og høyra honom og etterkomarane hans til for godt, og det vert ikkje fritt i jubelåret.
31 Sin autem in villa domus, quæ muros non habet, agrorum iure vendetur. si ante redempta non fuerit, in iubileo revertetur ad dominum.
Men husi i småbyar som det ikkje er murar ikring, skal reknast til landet; dei kann løysast att, og i jubelåret vert dei frie.
32 Ædes Levitarum, quæ in urbibus sunt, semper possunt redimi:
Er det levitbyarne det gjeld, husi i dei byarne som høyrer Levi-sønerne til, so varer løysingsretten for alle tider.
33 si redemptæ non fuerint, in iubileo revertentur ad dominos, quia domus urbium Levitarum pro possessionibus sunt inter filios Israel.
Og um nokon av Levi-sønerne ikkje løyser att eit hus han hev selt, so vert huset fritt i jubelåret, so framt det ligg i fedrebyen hans; for husi i dei byarne som høyrer levitarne til, er deira odel millom Israels-folket.
34 Suburbana autem eorum non veneant, quia possessio sempiterna est.
Heller ikkje må beitemarki kring byarne deira seljast; ho skal høyra deim til for alle tider.
35 Si attenuatus fuerit frater tuus, et infirmus manu, et susceperis eum quasi advenam, et peregrinum, et vixerit tecum,
Når det gjeng ut for grannen din, og han ikkje kann greida seg lenger, so skal du halda handi yver honom, og han skal liva hjå deg som ein framand eller busete.
36 ne accipias usuras ab eo, nec amplius quam dedisti. Time Deum tuum, ut vivere possit frater tuus apud te.
Du må ikkje taka renta eller yvermål av honom; du skal hava age for din Gud, og lata grannen din liva med deg.
37 Pecuniam tuam non dabis ei ad usuram, et frugum superabundantiam non exiges.
Du må ikkje låna honom pengar på den måten at han skal gjeva deg renta, eller mat på den måten at han skal gjeva deg noko attpå.
38 Ego Dominus Deus vester, qui eduxi vos de Terra Ægypti, ut darem vobis Terram Chanaan, et essem vester Deus.
Kom i hug: Eg er Herren, dykkar Gud, som fylgde dykk ut or Egyptarlandet og vil gjeva dykk Kana’ans-landet og vera dykkar Gud.
39 Si paupertate compulsus vendiderit se tibi frater tuus, non eum opprimes servitute famulorum,
Når grannen din vert utarma og lyt selja seg til deg, so skal du ikkje lata honom gjera slavearbeid for deg.
40 sed quasi mercenarius et colonus erit: usque ad annum iubileum operabitur apud te,
Han skal vera hjå deg som ein leigekar eller busete, og arbeide hjå deg til jubelåret;
41 et postea egredietur cum liberis suis, et revertetur ad cognationem ad possessionem patrum suorum.
då skal han flytja frå deg, både han og borni hans, og fara heim att til ætti si og fedregarden.
42 mei enim servi sunt, et ego eduxi eos de Terra Ægypti. non veneant conditione servorum:
For dei er mine tenarar, eg henta deim ut or Egyptarlandet; dei må ikkje seljast som ein sel ein slave.
43 ne affligas eum per potentiam, sed metuito Deum tuum.
Du må ikkje vera hard med deim; du skal hava age for din Gud.
44 Servus et ancilla sint vobis de nationibus quæ in circuitu vestro sunt.
Vil du få deg tenestdrengjer eller tenestgjentor som skal vera din eigedom, so kann du kjøpa både drengjer og gjentor av heidningarne som bur rundt ikring dykk,
45 Et de advenis qui peregrinantur apud vos, vel qui ex his nati fuerint in terra vestra, hos habebitis famulos:
og like eins av borni åt innflytjarane som held til hjå dykk; av deim og etterkomarane deira som bur hjå dykk og er fødde i landet dykkar, kann de kjøpa dykk tenarar som de må eiga,
46 et hereditario iure transmittetis ad posteros, ac possidebitis in æternum. fratres autem vestros filios Israel ne opprimatis per potentiam.
og kann lata borni dykkar få i arv etter dykk med full eigedomsrett; deim kann de bruka til slavar so lenge de vil; men brørne dine, Israels-borni, må du ikkje gjera deg til herre yver - bror yver bror!
47 Si invaluerit apud vos manus advenæ atque peregrini, et attenuatus frater tuus vendiderit se ei, aut cuiquam de stirpe eius:
Når ein framand eller innflutt mann hjå deg kjem til velstand hjå dykk, og landsmannen din som bur innmed han, vert utarma, og lyt selja seg til den innflutte framande mannen, eller til ein som er runnen av framand rot,
48 post venditionem potest redimi. Qui voluerit ex fratribus suis, redimet eum,
so kann han løysast ut att, etter han hev selt seg. Ein av brørne hans lyt då løysa honom ut,
49 et patruus, et patruelis, et consanguineus, et affinis. Sin autem et ipse potuerit, redimet se,
eller farbroren eller son åt farbroren eller ein annan av det næmaste skyldfolket i ætti hans; og fær han utkoma til det, so kann han løysa seg ut sjølv.
50 supputatis dumtaxat annis a tempore venditionis suæ usque ad annum iubileum: et pecunia, qua venditus fuerat, iuxta annorum numerum et rationem mercenarii supputata.
Når han då gjer upp med den han hev selt seg til, skal dei rekna ut tidi frå det året han selde seg og til jubelåret: kjøpesummen skal bytast med åretalet, og det skal vera som han hadde vore leigekar hjå honom og arbeidt etter dagen.
51 Si plures fuerint anni qui remanent usque ad iubileum, secundum hos reddet et pretium.
Er det endå mange år att, so skal han i utløysnad leggja so mykje av kjøpesummen som svarar til dei åri;
52 si pauci, ponet rationem cum eo iuxta annorum numerum, et reddet emptori quod reliquum est annorum,
og er det få år att til jubelåret, so skal han gjera upp med honom for deim; han skal i utløysnad gjeva det som svarar til dei åri han er attskuldig.
53 quibus ante servivit mercedibus imputatis: non affliget eum violenter in conspectu tuo.
Han skal vera jamgod med ein leigekar som arbeider hjå ein mann år for år; du skal ikkje tola at dei fer hardt med honom.
54 Quod si per hæc redimi non potuerit, anno iubileo egredietur cum liberis suis.
Vert han ikkje utløyst på den måten som nemnt er, so vert han fri i jubelåret, både han og borni hans.
55 Mei enim sunt servi, filii Israel, quos eduxi de Terra Ægypti.
For meg høyrer Israels-sønerne til, og er tenarane mine - mine tenarar er dei; eg henta deim ut or Egyptarlandet, eg, Herren, dykkar Gud.

< Leviticus 25 >