< Salmenes 54 >

1 Til songmeisteren, med strengleik; ein song til lærdom av David, då zifitarne kom og sagde til Saul: «David held seg løynd hjå oss.» Gud, frels meg ved ditt namn, og døm meg til min rett ved di kraft! 2 Gud, høyr mi bøn, vend øyra til ordi frå min munn! 3 For framande stend upp imot meg, og valdsmenner stend meg etter livet; dei hev ikkje Gud for augo. (Sela) 4 Sjå, Gud hjelper meg, Herren er den som held uppe mi sjæl. 5 Det vonde skal falla tilbake på deim som lurar på meg; gjer deim til inkjes i din truskap! 6 Med viljugt hjarta vil eg ofra til deg; ditt namn vil eg prisa, Herre, for det er godt. 7 For det friar meg ut or all naud, og på mine fiendar ser mitt auga med lyst.

< Salmenes 54 >