< Salmenes 53 >

1 Til songmeisteren, etter Mahalat; ein salme til lærdom av David. Dåren segjer i sitt hjarta: «Det er ingen Gud til.» Vond og styggjeleg er deira misgjerning; det er ingen som gjer godt. 2 Gud skodar ned frå himmelen på menneskjeborni og vil sjå um det finst nokon vitug, nokon som søkjer Gud. 3 Dei er alle avvikne, dei er utskjemde alle saman; det er ingen som gjer godt, det er ikkje ein einaste. 4 Veit dei det då ikkje, dei som gjer urett? Dei et mitt folk som dei et brød; på Gud kallar dei ikkje. 5 Då vert dei storleg rædde, der ingen ræddhug var; for Gud spreider beini av deim som lægrar seg mot deg; du gjer deim til skammar, for Gud hev støytt deim burt. 6 Å, gjev frelsa frå Sion må koma yver Israel! Når Gud vender sitt folks vanlukka, då skal Jakob fagna seg, Israel gleda seg.

< Salmenes 53 >