< Lucam 14 >

1 et factum est cum intraret in domum cuiusdam principis Pharisaeorum sabbato manducare panem et ipsi observabant eum
Ein kviledag hende det, at Jesus kom heim til ein av dei øvste farisæarane og skulde halda måltid der, og dei gjætte på honom.
2 et ecce homo quidam hydropicus erat ante illum
Best det var, såg han framfor seg ein mann som hadde vatssotti.
3 et respondens Iesus dixit ad legis peritos et Pharisaeos dicens si licet sabbato curare
Då tok han til ords og spurde dei lovkunnige og farisæarane: «Er det rett å lækja um kviledagen, eller er det ikkje?»
4 at illi tacuerunt ipse vero adprehensum sanavit eum ac dimisit
Dei tagde. Då tok han burt på mannen og lækte honom, og let honom ganga.
5 et respondens ad illos dixit cuius vestrum asinus aut bos in puteum cadet et non continuo extrahet illum die sabbati
Og til dei andre sagde han: «Kven av dykk dreg ikkje straks upp att son sin eller uksen sin, dersom dei dett nedi ein brunn på ein kviledag?»
6 et non poterant ad haec respondere illi
Men dei var’kje god til å svara honom noko på det.
7 dicebat autem et ad invitatos parabolam intendens quomodo primos accubitus eligerent dicens ad illos
Då han gådde korleis gjesterne valde seg ut dei øvste sæti, sagde han deim denne likningi:
8 cum invitatus fueris ad nuptias non discumbas in primo loco ne forte honoratior te sit invitatus ab eo
«Når nokon hev bede deg til brudlaups, so set deg ikkje øvst ved bordet! For det kunde henda at ein gjævare enn du var beden,
9 et veniens is qui te et illum vocavit dicat tibi da huic locum et tunc incipias cum rubore novissimum locum tenere
og at den som hadde bede dykk båe, kom og sagde til deg: «Gjev rom åt denne mannen!» og då fekk du den skammi at du laut setja deg nedst.
10 sed cum vocatus fueris vade recumbe in novissimo loco ut cum venerit qui te invitavit dicat tibi amice ascende superius tunc erit tibi gloria coram simul discumbentibus
Nei, når du er beden ein stad, so gakk og set deg på det nedste romet! Når han so kjem han som hev bede deg, segjer han til deg: «Flytt deg høgre upp, venen min! Då fær du æra hjå alle deim som sit til bords med deg.
11 quia omnis qui se exaltat humiliabitur et qui se humiliat exaltabitur
For kvar den som set seg sjølv høgt, skal gjerast låg, men den som set seg sjølv lågt, skal gjerast høg.»
12 dicebat autem et ei qui se invitaverat cum facis prandium aut cenam noli vocare amicos tuos neque fratres tuos neque cognatos neque vicinos divites ne forte et ipsi te reinvitent et fiat tibi retributio
So sagde han og til den som hadde bede honom åt seg: «Når du vil gjera eit middags- eller kveldslag, so bed ikkje venerne eller brørne eller skyldfolket ditt eller rike grannar! For dei kjem til å beda deg att, so du fær lika for det du hev gjort.
13 sed cum facis convivium voca pauperes debiles claudos caecos
Nei, når du gjer gjestebod, so bed fatige, kryplingar, halte, blinde!
14 et beatus eris quia non habent retribuere tibi retribuetur enim tibi in resurrectione iustorum
Då vert du sæl; for dei hev ingen ting å gjeva deg att, men du fær lika for det når dei rettferdige stend upp att.»
15 haec cum audisset quidam de simul discumbentibus dixit illi beatus qui manducabit panem in regno Dei
Ein av dei andre bordgjesterne sagde då han høyrde det: «Sæl den som fær sitja til bords i Guds rike!»
16 at ipse dixit ei homo quidam fecit cenam magnam et vocavit multos
Då svara han: «Det var ein gong ein mann som vilde gjera eit stort gjestebod, og bad mange.
17 et misit servum suum hora cenae dicere invitatis ut venirent quia iam parata sunt omnia
Då tidi kom at gjestebodet skulde vera, sende han sveinen sin i veg for å segja til dei bedne: «Kom! No er det ferdigt!»
18 et coeperunt simul omnes excusare primus dixit ei villam emi et necesse habeo exire et videre illam rogo te habe me excusatum
Då tok dei til å beda seg undan, alle som ein. Den fyrste sagde: «Eg hev kjøpt ein jordveg, og er nøydd til å ganga ut og sjå på honom. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»
19 et alter dixit iuga boum emi quinque et eo probare illa rogo te habe me excusatum
Ein annan sagde: «Eg hev kjøpt fem par uksar, og no skal eg av og prøva deim. Du lyt gjera so vel og orsaka meg.»
20 et alius dixit uxorem duxi et ideo non possum venire
Endå ein annan mann sagde: Eg hev teke meg ei kona; difor kann eg ikkje koma.»
21 et reversus servus nuntiavit haec domino suo tunc iratus pater familias dixit servo suo exi cito in plateas et vicos civitatis et pauperes ac debiles et caecos et claudos introduc huc
Sveinen kom og sagde det med herren sin. Då vart husbonden harm og sagde til sveinen: «Gakk snøgt ut på gatorne og stræti i byen, og før hit alle tiggarar og kryplingar og blinde og halte!»
22 et ait servus domine factum est ut imperasti et adhuc locus est
Sveinen sagde: «Herre, det er gjort som du sagde, og det er endå rom.»
23 et ait dominus servo exi in vias et sepes et conpelle intrare ut impleatur domus mea
«Gakk ut på vegarne og ved gjerdi, » svara herren, «og nøyd deim til å koma inn, so huset mitt vert fullt!
24 dico autem vobis quod nemo virorum illorum qui vocati sunt gustabit cenam meam
For eg segjer dykk at ingen av dei mennerne som vart bedne, skal smaka min gjestebodskost.»»
25 ibant autem turbae multae cum eo et conversus dixit ad illos
Det fylgde mykje folk med honom, og han snudde seg og sagde til deim:
26 si quis venit ad me et non odit patrem suum et matrem et uxorem et filios et fratres et sorores adhuc autem et animam suam non potest esse meus discipulus
«Um nokon kjem til meg og hatar ikkje far og mor og kona og born og brør og syster, ja, endå sitt eige liv, so kann han ikkje vera min læresvein.
27 et qui non baiulat crucem suam et venit post me non potest esse meus discipulus
Den som ikkje ber krossen sin og kjem etter meg, kann ikkje vera min læresvein.
28 quis enim ex vobis volens turrem aedificare non prius sedens conputat sumptus qui necessarii sunt si habet ad perficiendum
Vil nokon av dykk byggja eit tårn, tur han’kje då fyrst set seg ned og reknar etter kva det vil kosta, um han hev nok til å fullføra det.
29 ne posteaquam posuerit fundamentum et non potuerit perficere omnes qui vident incipiant inludere ei
For hev han lagt grunnsteinarne, og ikkje er god til å gjera det ferdigt, so tek alle som ser det til å gjera narr av honom og segja:
30 dicentes quia hic homo coepit aedificare et non potuit consummare
«Den mannen tok til å byggja, og var’kje god til å gjera det ferdigt!»
31 aut qui rex iturus committere bellum adversus alium regem non sedens prius cogitat si possit cum decem milibus occurrere ei qui cum viginti milibus venit ad se
Eller um ein konge vil draga ut i strid mot ein annan konge, tru han’kje då fyrst set seg ned og slær yver um han med ti tusund mann kann møta ein som kjem imot han med tjuge tusund?
32 alioquin adhuc illo longe agente legationem mittens rogat ea quae pacis sunt
Og kann han ikkje, so gjer han av ei sendeferd og tingar um fred, med hin endå er langt burte.
33 sic ergo omnis ex vobis qui non renuntiat omnibus quae possidet non potest meus esse discipulus
Soleis kann ingen av dykk vera min læresvein, utan han segjer frå seg alt det han hev.
34 bonum est sal si autem sal quoque evanuerit in quo condietur
Salt er ein god ting; men vert saltet og dove, kva skal so det kryddast med?
35 neque in terram neque in sterquilinium utile est sed foras mittetur qui habet aures audiendi audiat
Det duger korkje i mold eller møk; dei kastar det ut. Høyr etter, kvar som høyra kann!»

< Lucam 14 >