< Iohannem 1 >

1 in principio erat Verbum et Verbum erat apud Deum et Deus erat Verbum
I upphavet var ordet, og ordet var hjå Gud, og ordet var Gud.
2 hoc erat in principio apud Deum
Han var i upphavet hjå Gud.
3 omnia per ipsum facta sunt et sine ipso factum est nihil quod factum est
All ting vart til ved honom, og utan honom vart ikkje ein einaste ting til av det som hev vorte til.
4 in ipso vita erat et vita erat lux hominum
I honom var liv, og livet var ljoset åt menneski.
5 et lux in tenebris lucet et tenebrae eam non conprehenderunt
Og ljoset skin i myrkret, og myrkret fekk ikkje magt med det.
6 fuit homo missus a Deo cui nomen erat Iohannes
Det stod fram ein mann, send ifrå Gud; Johannes er namnet hans.
7 hic venit in testimonium ut testimonium perhiberet de lumine ut omnes crederent per illum
Den mannen kom til vitnemål, at han skulde vitna um ljoset, so alle kunde tru ved honom.
8 non erat ille lux sed ut testimonium perhiberet de lumine
Det var ikkje han som var ljoset, men han skulde vitna um ljoset.
9 erat lux vera quae inluminat omnem hominem venientem in mundum
Det sanne ljoset, som lyser upp kvart menneskje, var den gongen på veg til verdi.
10 in mundo erat et mundus per ipsum factus est et mundus eum non cognovit
Han var i verdi, og verdi hev vorte til ved honom, og verdi kjende honom ikkje.
11 in propria venit et sui eum non receperunt
Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot honom.
12 quotquot autem receperunt eum dedit eis potestatem filios Dei fieri his qui credunt in nomine eius
Men alle som tok imot honom, deim gav han rett til å verta Guds born, deim som trur på namnet hans,
13 qui non ex sanguinibus neque ex voluntate carnis neque ex voluntate viri sed ex Deo nati sunt
som ikkje er fødde av blod, og ikkje av kjøts vilje, og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 et Verbum caro factum est et habitavit in nobis et vidimus gloriam eius gloriam quasi unigeniti a Patre plenum gratiae et veritatis
Og Ordet vart kjøt og feste bu hjå oss, og me skoda herlegdomen hans, ein sovoren herlegdom som ein einboren Son hev frå Far sin, full av nåde og sanning.
15 Iohannes testimonium perhibet de ipso et clamat dicens hic erat quem dixi vobis qui post me venturus est ante me factus est quia prior me erat
Johannes vitnar um honom og ropar ut: «Han var det eg sagde soleis um: Den som kjem etter meg, hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.»
16 et de plenitudine eius nos omnes accepimus et gratiam pro gratia
Ja, av hans fullnad hev me alle fenge, og det nåde på nåde;
17 quia lex per Mosen data est gratia et veritas per Iesum Christum facta est
for lovi vart gjevi gjenom Moses, nåden og sanningi vart til ved Jesus Kristus.
18 Deum nemo vidit umquam unigenitus Filius qui est in sinu Patris ipse enarravit
Aldri hev nokon set Gud; den einborne Sonen, som er i fanget åt Faderen, han hev gjort honom kjend.
19 et hoc est testimonium Iohannis quando miserunt Iudaei ab Hierosolymis sacerdotes et Levitas ad eum ut interrogarent eum tu quis es
So var vitnemålet Johannes gav då jødarne sende prestar og levitar frå Jerusalem, som skulde spyrja honom: «Kven er du?»
20 et confessus est et non negavit et confessus est quia non sum ego Christus
Då sagde han beint ut, og dulde ikkje fyre det; han sagde beint ut: «Eg er ikkje Messias.»
21 et interrogaverunt eum quid ergo Helias es tu et dicit non sum propheta es tu et respondit non
«Kva er du då?» spurde dei. «Er du Elia?» «Nei, det er eg ikkje, » sagde han. «Er du profeten?» «Nei, » svara han.
22 dixerunt ergo ei quis es ut responsum demus his qui miserunt nos quid dicis de te ipso
«Kven er du?» sagde dei då - «so me hev eit svar å gjeva deim som hev sendt oss! Kva segjer du um deg sjølv?»
23 ait ego vox clamantis in deserto dirigite viam Domini sicut dixit Esaias propheta
Han sagde: «Eg er røysti som ropar i heidi: «Beinka vegen åt Herren!» som profeten Jesaja segjer.»
24 et qui missi fuerant erant ex Pharisaeis
Dei som var sende, høyrde til farisæarflokken.
25 et interrogaverunt eum et dixerunt ei quid ergo baptizas si tu non es Christus neque Helias neque propheta
So spurde dei honom: «Kvi døyper du då, når du ikkje er Messias, og ikkje Elia, og ikkje profeten?»
26 respondit eis Iohannes dicens ego baptizo in aqua medius autem vestrum stetit quem vos non scitis
«Eg døyper med vatn, » svara Johannes; «midt ibland dykk stend ein som de ikkje kjenner:
27 ipse est qui post me venturus est qui ante me factus est cuius ego non sum dignus ut solvam eius corrigiam calciamenti
han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skobandet åt.»
28 haec in Bethania facta sunt trans Iordanen ubi erat Iohannes baptizans
Dette gjekk fyre seg i Betania, på hi sida åt Jordan, der Johannes var og døypte.
29 altera die videt Iohannes Iesum venientem ad se et ait ecce agnus Dei qui tollit peccatum mundi
Dagen etter ser han Jesus koma burt imot seg, og segjer: «Sjå der er Guds lamb, som tek burt verdsens synd!
30 hic est de quo dixi post me venit vir qui ante me factus est quia prior me erat
Det er han eg sagde det um: Etter meg kjem ein mann som hev vorte fyre meg; for han var til fyrr enn eg.
31 et ego nesciebam eum sed ut manifestaretur Israhel propterea veni ego in aqua baptizans
Eg kjende honom ikkje, men for di han skulde openberrast åt Israel, difor er det eg er komen og døyper med vatn.»
32 et testimonium perhibuit Iohannes dicens quia vidi Spiritum descendentem quasi columbam de caelo et mansit super eum
Og Johannes vitna: «Eg hev set Anden dala ned som ei duva frå himmelen, og han stana yver honom.
33 et ego nesciebam eum sed qui misit me baptizare in aqua ille mihi dixit super quem videris Spiritum descendentem et manentem super eum hic est qui baptizat in Spiritu Sancto
Eg kjende honom ikkje, men han som sende meg til å døypa med vatn, han sagde til meg: «Den du ser Anden dalar ned imot og stanar yver, han er den som døyper med den Heilage Ande.»
34 et ego vidi et testimonium perhibui quia hic est Filius Dei
Og eg hev set det, og hev vitna at han er Guds Son.»
35 altera die iterum stabat Iohannes et ex discipulis eius duo
Andre dagen stod Johannes der atter med tvo av læresveinarne sine.
36 et respiciens Iesum ambulantem dicit ecce agnus Dei
Då ser han Jesus, som kom gangande, og segjer: «Sjå der er Guds lamb!»
37 et audierunt eum duo discipuli loquentem et secuti sunt Iesum
Dei tvo læresveinarne høyrde kva han sagde, og fylgde etter Jesus.
38 conversus autem Iesus et videns eos sequentes dicit eis quid quaeritis qui dixerunt ei rabbi quod dicitur interpretatum magister ubi habitas
Då snudde Jesus seg, og då han såg dei fylgde etter honom, sagde han til deim: «Kva vil de?» «Kvar bur du, rabbi?» spurde dei - rabbi tyder meister -.
39 dicit eis venite et videte venerunt et viderunt ubi maneret et apud eum manserunt die illo hora autem erat quasi decima
«Kom, so skal de sjå!» svara han. So gjekk dei med honom, og såg kvar han budde, og dei vart verande hjå honom den dagen. Det var ikring tiande timen.
40 erat autem Andreas frater Simonis Petri unus ex duobus qui audierant ab Iohanne et secuti fuerant eum
Andreas, bror åt Simon Peter, var ein av dei tvo som hadde høyrt ordi hans Johannes og fylgt etter Jesus.
41 invenit hic primum fratrem suum Simonem et dicit ei invenimus Messiam quod est interpretatum Christus
Han finn fyrst bror sin, Simon, og segjer til honom: «Me hev funne Messias!» - Messias er det same som Kristus -.
42 et adduxit eum ad Iesum intuitus autem eum Iesus dixit tu es Simon filius Iohanna tu vocaberis Cephas quod interpretatur Petrus
Han tok honom med seg til Jesus. Jesus såg på honom og sagde: «Du er Simon Johannesson; du skal kallast Kefas!» - Kefas er det same som Peter -.
43 in crastinum voluit exire in Galilaeam et invenit Philippum et dicit ei Iesus sequere me
Dagen etter vilde Jesus taka ut og fara til Galilæa. Han møter Filip, og segjer til honom: «Fylg meg!»
44 erat autem Philippus a Bethsaida civitate Andreae et Petri
Filip var frå Betsaida, same byen som Andreas og Peter var ifrå.
45 invenit Philippus Nathanahel et dicit ei quem scripsit Moses in lege et prophetae invenimus Iesum filium Ioseph a Nazareth
Filip møter Natanael, og segjer til honom: «Me hev funne den som Moses hev skrive um i lovi, og som profetarne hev skrive um; det er Jesus Josefsson frå Nasaret.»
46 et dixit ei Nathanahel a Nazareth potest aliquid boni esse dicit ei Philippus veni et vide
«Kann det koma noko godt frå Nasaret?» sagde Natanael. «Kom og sjå!» svara Filip.
47 vidit Iesus Nathanahel venientem ad se et dicit de eo ecce vere Israhelita in quo dolus non est
Jesus såg Natanael koma burt imot seg, og sagde um honom: «Sjå der er ein egte israelit, ein som det ikkje finst svik i!»
48 dicit ei Nathanahel unde me nosti respondit Iesus et dixit ei priusquam te Philippus vocaret cum esses sub ficu vidi te
Natanael segjer til honom: «Kvar kjenner du meg ifrå?» «Eg såg deg då du var under fiketreet, fyrr Filip ropa på deg, » svara Jesus.
49 respondit ei Nathanahel et ait rabbi tu es Filius Dei tu es rex Israhel
Då tok Natanael til ords og sagde til honom: «Rabbi, du er Guds Son, du er Israels konge!»
50 respondit Iesus et dixit ei quia dixi tibi vidi te sub ficu credis maius his videbis
«Trur du for di eg sagde deg at eg hadde set deg innunder fiketreet?» svara Jesus; «du skal få sjå større ting enn det.
51 et dicit ei amen amen dico vobis videbitis caelum apertum et angelos Dei ascendentes et descendentes supra Filium hominis
Det segjer eg dykk for visst og sant, » sagde han med honom: «De skal sjå himmelen open og Guds englar stiga upp og stiga ned yver Menneskjesonen.»

< Iohannem 1 >