< Iohannem 15 >

1 ego sum vitis vera et Pater meus agricola est
«Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen.
2 omnem palmitem in me non ferentem fructum tollet eum et omnem qui fert fructum purgabit eum ut fructum plus adferat
Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han burt, og kvar som ber frukt, reinskar han, so ho skal bera meir frukt.
3 iam vos mundi estis propter sermonem quem locutus sum vobis
De er alt reine for skuld ordet som eg hev tala til dykk.
4 manete in me et ego in vobis sicut palmes non potest ferre fructum a semet ipso nisi manserit in vite sic nec vos nisi in me manseritis
Ver i meg, so er eg i dykk! Som greini ikkje kann bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, so kann ikkje de heller, utan de er i meg.
5 ego sum vitis vos palmites qui manet in me et ego in eo hic fert fructum multum quia sine me nihil potestis facere
Eg er vintreet, de er greinerne. Den som er i meg og eg i honom, han ber mykje frukt; for utan meg kann de ingen ting gjera.
6 si quis in me non manserit mittetur foras sicut palmes et aruit et colligent eos et in ignem mittunt et ardent
Um nokon ikkje vert verande i meg, vert han kasta ut som ei grein, og visnar; folk sankar deim i hop og kastar deim på elden, og dei brenn.
7 si manseritis in me et verba mea in vobis manserint quodcumque volueritis petetis et fiet vobis
Vert de verande i meg, og vert ordi mine verande i dykk, so bed um kva de vil, og de skal få det!
8 in hoc clarificatus est Pater meus ut fructum plurimum adferatis et efficiamini mei discipuli
På den måten vert far min herleggjord, at de ber mykje frukt, og de vert mine læresveinar.
9 sicut dilexit me Pater et ego dilexi vos manete in dilectione mea
Som Faderen hev elska meg, so hev eg elska dykk; ver i min kjærleik!
10 si praecepta mea servaveritis manebitis in dilectione mea sicut et ego Patris mei praecepta servavi et maneo in eius dilectione
Held de bodi mine, so er de i min kjærleik, liksom eg hev halde bodi åt far min, og er i hans kjærleik.
11 haec locutus sum vobis ut gaudium meum in vobis sit et gaudium vestrum impleatur
Dette hev eg tala til dykk so mi gleda kann vera i dykk, og dykkar gleda kann verta fullkomi.
12 hoc est praeceptum meum ut diligatis invicem sicut dilexi vos
Det er bodet mitt, at de skal elska kvarandre, som eg hev elska dykk.
13 maiorem hac dilectionem nemo habet ut animam suam quis ponat pro amicis suis
Ingen hev større kjærleik enn at han gjev livet sitt for venerne sine.
14 vos amici mei estis si feceritis quae ego praecipio vobis
De er venerne mine, so sant de gjer det eg segjer til dykk.
15 iam non dico vos servos quia servus nescit quid facit dominus eius vos autem dixi amicos quia omnia quaecumque audivi a Patre meo nota feci vobis
Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger; for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer, men dykk kallar eg vener, for alt eg hev høyrt av far min, hev eg sagt med dykk.
16 non vos me elegistis sed ego elegi vos et posui vos ut eatis et fructum adferatis et fructus vester maneat ut quodcumque petieritis Patrem in nomine meo det vobis
De hev ikkje valt ut meg, men eg hev valt ut dykk, og sett dykk til å ganga ut og bera frukt - frukt som varer ved, so Faderen kann gjeva dykk alt de bed um i mitt namn.
17 haec mando vobis ut diligatis invicem
Det er det eg legg dykk på hjarta, at de skal elska kvarandre.
18 si mundus vos odit scitote quia me priorem vobis odio habuit
Um verdi hatar dykk, so må de vita at ho hev hata meg fyre dykk.
19 si de mundo fuissetis mundus quod suum erat diligeret quia vero de mundo non estis sed ego elegi vos de mundo propterea odit vos mundus
Var de av verdi, so vilde verdi elska sitt eige. Men for di de ikkje er av verdi, men eg hev valt dykk ut or verdi, difor hatar verdi dykk.
20 mementote sermonis mei quem ego dixi vobis non est servus maior domino suo si me persecuti sunt et vos persequentur si sermonem meum servaverunt et vestrum servabunt
Kom i hug det ordet eg sagde dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin; hev dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk og; hev dei halde seg etter mitt ord, vil dei halda seg etter dykkar ord og.
21 sed haec omnia facient vobis propter nomen meum quia nesciunt eum qui misit me
Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, av di dei ikkje kjenner den som sende meg.
22 si non venissem et locutus fuissem eis peccatum non haberent nunc autem excusationem non habent de peccato suo
Var eg ikkje komen og hadde tala til deim, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei ingen ting å orsaka syndi si med.
23 qui me odit et Patrem meum odit
Den som hatar meg, hatar og far min.
24 si opera non fecissem in eis quae nemo alius fecit peccatum non haberent nunc autem et viderunt et oderunt et me et Patrem meum
Hadde eg’kje gjort slike verk bland deim som ingen annan hev gjort, so hadde dei ikkje synd; men no hev dei set deim, og like vel hatar dei både meg og far min.
25 sed ut impleatur sermo qui in lege eorum scriptus est quia odio me habuerunt gratis
Men det er av di det laut sannast det ordet som er skrive i lovi deira: «Utan orsak hata dei meg.»
26 cum autem venerit paracletus quem ego mittam vobis a Patre Spiritum veritatis qui a Patre procedit ille testimonium perhibebit de me
Når målsmannen kjem, han som eg vilde senda dykk frå Faderen, Sannings-Anden, som gjeng ut frå Faderen, so skal han vitna um meg.
27 et vos testimonium perhibetis quia ab initio mecum estis
Men de og skal vitna; for de hev vore med meg frå det fyrste.»

< Iohannem 15 >