< Iohannem 10 >

1 amen amen dico vobis qui non intrat per ostium in ovile ovium sed ascendit aliunde ille fur est et latro
«Det segjer eg dykk for visst og sant: Den som ikkje gjeng inn i sauekvii gjenom døri, men stig yver ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar;
2 qui autem intrat per ostium pastor est ovium
Men den som gjeng inn gjenom døri, er hyrding åt sauerne.
3 huic ostiarius aperit et oves vocem eius audiunt et proprias oves vocat nominatim et educit eas
Honom let dørvaktaren upp åt, og sauerne høyrer målet hans, og han kallar sine sauer på namn, og leider deim ut.
4 et cum proprias oves emiserit ante eas vadit et oves illum sequuntur quia sciunt vocem eius
Når han hev fenge ut alle sauerne sine, gjeng han fyre deim, og sauerne fylgjer honom; for dei kjenner målet hans.
5 alienum autem non sequuntur sed fugient ab eo quia non noverunt vocem alienorum
Ein framand vilde dei aldri fylgja; dei vilde røma for honom, av di dei ikkje kjenner målet åt dei framande.»
6 hoc proverbium dixit eis Iesus illi autem non cognoverunt quid loqueretur eis
Denne likningi fortalde Jesus deim, men dei skyna ikkje kva det var han tala til deim um.
7 dixit ergo eis iterum Iesus amen amen dico vobis quia ego sum ostium ovium
So tala Jesus atter til deim og sagde: «Det segjer eg dykk for visst og sant: Eg er døri som ber inn til sauerne.
8 omnes quotquot venerunt fures sunt et latrones sed non audierunt eos oves
Alle dei som er komne fyre meg, er tjuvar og røvarar; men sauerne høyrde ikkje på deim.
9 ego sum ostium per me si quis introierit salvabitur et ingredietur et egredietur et pascua inveniet
Eg er døri; den som gjeng inn gjenom meg, skal verta berga, og skal ganga inn og ganga ut og finna beite.
10 fur non venit nisi ut furetur et mactet et perdat ego veni ut vitam habeant et abundantius habeant
Tjuven kjem ikkje for anna enn for di han vilde stela og slagta og øyda; eg er komen for dei skal hava liv og hava nøgdi.
11 ego sum pastor bonus bonus pastor animam suam dat pro ovibus
Eg er den gode hyrdingen; den gode hyrdingen set livet sitt til for sauerne.
12 mercennarius et qui non est pastor cuius non sunt oves propriae videt lupum venientem et dimittit oves et fugit et lupus rapit et dispergit oves
Leigekaren, som ikkje er hyrding, og som sauerne ikkje høyrer til, ser ulven koma, men let sauerne vera der dei er, og rømer, og ulven røvar deim og jagar deim frå einannan;
13 mercennarius autem fugit quia mercennarius est et non pertinet ad eum de ovibus
so gjer leigekaren av di han er ein leigekar, og ikkje hev umsut for sauerne.
14 ego sum pastor bonus et cognosco meas et cognoscunt me meae
Eg er den gode hyrdingen, og eg kjenner mine, og mine kjenner meg,
15 sicut novit me Pater et ego agnosco Patrem et animam meam pono pro ovibus
liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen; og eg set livet til for sauerne.
16 et alias oves habeo quae non sunt ex hoc ovili et illas oportet me adducere et vocem meam audient et fiet unum ovile unus pastor
Eg hev andre sauer og, som ikkje høyrer til denne kvii; deim og lyt eg leida, og dei skal lyda røysti mi, og det skal vera ei hjord og ein hyrding.
17 propterea me Pater diligit quia ego pono animam meam ut iterum sumam eam
Difor er det Far min elskar meg, for di eg set livet mitt til so eg kann taka det att.
18 nemo tollit eam a me sed ego pono eam a me ipso potestatem habeo ponendi eam et potestatem habeo iterum sumendi eam hoc mandatum accepi a Patre meo
Ingen tek det frå meg, eg set det til av meg sjølv. Eg hev magt til å setja det til, og eg hev magt til å taka det att; det bodet fekk eg av far min.»
19 dissensio iterum facta est inter Iudaeos propter sermones hos
Um desse ordi var det på nytt skilde meiningar millom jødarne.
20 dicebant autem multi ex ipsis daemonium habet et insanit quid eum auditis
Mange av deim sagde: «Han er forgjord, han er frå vitet! Kvi lyder de på honom?»
21 alii dicebant haec verba non sunt daemonium habentis numquid daemonium potest caecorum oculos aperire
Andre sagde: «Dette er ikkje forgjord manns tale! Kann ei vond ånd opna augo på blinde?»
22 facta sunt autem encenia in Hierosolymis et hiemps erat
So høgtida dei tempelvigsle-helgi i Jerusalem. Det var vinter,
23 et ambulabat Iesus in templo in porticu Salomonis
og Jesus gjekk ikring i templet i Salomons-halli.
24 circumdederunt ergo eum Iudaei et dicebant ei quousque animam nostram tollis si tu es Christus dic nobis palam
Då flokka jødarne seg rundt ikring honom og sagde til honom: «Kor lenge vil du halda oss i uvissa? Er du Messias, so seg oss det beint ut!»
25 respondit eis Iesus loquor vobis et non creditis opera quae ego facio in nomine Patris mei haec testimonium perhibent de me
Jesus svara: «Eg hev sagt dykk det, og de trur ikkje. Dei verki eg gjer i far min’s namn, dei vitnar um meg,
26 sed vos non creditis quia non estis ex ovibus meis
men de trur ikkje, for de høyrer ikkje til mine sauer.
27 oves meae vocem meam audiunt et ego cognosco eas et sequuntur me
Mine sauer lyder røysti mi, og eg kjenner deim, og dei fylgjer meg,
28 et ego vitam aeternam do eis et non peribunt in aeternum et non rapiet eas quisquam de manu mea (aiōn g165, aiōnios g166)
og eg gjev deim eit ævelegt liv; dei skal ikkje i all æve forkomast, og ingen skal riva dei ut or handi mi. (aiōn g165, aiōnios g166)
29 Pater meus quod dedit mihi maius omnibus est et nemo potest rapere de manu Patris mei
Far min, som hev gjeve meg deim, er større enn alle, og ingen kann riva deim ut or handi åt Far min.
30 ego et Pater unum sumus
Eg og Faderen er eitt.»
31 sustulerunt lapides Iudaei ut lapidarent eum
På nytt lag tok jødarne upp steinar og vilde steina honom.
32 respondit eis Iesus multa opera bona ostendi vobis ex Patre meo propter quod eorum opus me lapidatis
Då tok Jesus til ords og sagde: «Mange gilde verk hev eg synt dykk frå far min; - kva for eitt av deim er det de steinar meg for?»
33 responderunt ei Iudaei de bono opere non lapidamus te sed de blasphemia et quia tu homo cum sis facis te ipsum Deum
«For eit gildt verk steinar me deg ikkje, » svara jødarne, «men for gudsspotting, for di du som er eit menneskje, gjer deg sjølv til Gud.»
34 respondit eis Iesus nonne scriptum est in lege vestra quia ego dixi dii estis
Jesus svara: «Stend det’kje skrive i lovi dykkar: «Eg hev sagt: «De er gudar?»»
35 si illos dixit deos ad quos sermo Dei factus est et non potest solvi scriptura
Når no lovi kallar deim som Guds ord kom til, for gudar - og Skrifti kann ikkje gjerast um inkje -
36 quem Pater sanctificavit et misit in mundum vos dicitis quia blasphemas quia dixi Filius Dei sum
segjer då de til den som Faderen hev helga og sendt til verdi: «Du spottar Gud, » for di eg sagde: «Eg er Guds son?»
37 si non facio opera Patris mei nolite credere mihi
Gjer eg ikkje verki åt Far min, so tru meg ikkje!
38 si autem facio et si mihi non vultis credere operibus credite ut cognoscatis et credatis quia in me est Pater et ego in Patre
Men gjer eg det, so tru verki, um de ikkje trur meg; so skal de skyna og sjå at Faderen er i meg, og eg i honom!»
39 quaerebant ergo eum prendere et exivit de manibus eorum
Då freista dei atter å gripa honom, men han slapp utor henderne deira.
40 et abiit iterum trans Iordanen in eum locum ubi erat Iohannes baptizans primum et mansit illic
So for han attende til hi sida av Jordan, til den staden der Johannes fyrst hadde vore og døypt, og der vart han verande ei tid.
41 et multi venerunt ad eum et dicebant quia Iohannes quidem signum fecit nullum
Og kom mange til honom, og dei sagde: «Johannes gjorde fulla ikkje noko teikn, men alt det Johannes sagde um denne mannen, var sant.»
42 omnia autem quaecumque dixit Iohannes de hoc vera erant et multi crediderunt in eum
Og mange trudde på honom der.

< Iohannem 10 >