< Psalmorum 24 >

1 Prima sabbati, Psalmus David. Domini est terra, et plenitudo eius: orbis terrarum, et universi, qui habitant in eo.
Av David, ein salme. Jordi høyrer Herren til - og alt det som fyller henne, jordriket og dei som bur i det.
2 Quia ipse super maria fundavit eum: et super flumina præparavit eum.
For han hev grunnlagt henne på havi og grunnfest henne på strøymande vatn.
3 Quis ascendet in montem Domini? aut quis stabit in loco sancto eius?
Kven skal stiga upp på Herrens fjell, og kven skal standa på hans heilage stad?
4 Innocens manibus et mundo corde, qui non accepit in vano animam suam, nec iuravit in dolo proximo suo.
Den som hev skuldlause hender og reint hjarta, som ikkje hev vendt sin hug til lygn og ikkje svore med svik.
5 Hic accipiet benedictionem a Domino: et misericordiam a Deo salutari suo.
Han skal bera velsigning med frå Herren og rettferd frå Gud, sin frelsar.
6 Hæc est generatio quærentium eum, quærentium faciem Dei Iacob.
Dette er deira ætt som spør etter honom, dei som søkjer di åsyn, Jakobs born. (Sela)
7 Attollite portas principes vestras, et elevamini portæ æternales: et introibit rex gloriæ.
De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
8 Quis est iste rex gloriæ? Dominus fortis et potens: Dominus potens in prælio.
Kven er kongen den herlege? Herren sterk og veldug, Herren veldug i strid.
9 Attollite portas principes vestras, et elevamini portæ æternales: et introibit rex gloriæ.
De portar, lyft upp dykkar hovud! ja lyft dykk upp, de ævelege dører, so kongen den herlege kann koma inn!
10 Quis est iste rex gloriæ? Dominus virtutum ipse est rex gloriæ.
Kven er då kongen den herlege? Herren, allhers drott; han er kongen den herlege. (Sela)

< Psalmorum 24 >