< Leviticus 15 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen et Aaron, dicens:
Og Herren tala atter til Moses og Aron, og sagde:
2 Loquimini filiis Israel, et dicite eis: Vir, qui patitur fluxum seminis, immundus erit.
«Tala til Israels-borni og seg til deim: «Når ein mann hev sådflod, so er han urein.
3 Et tunc iudicabitur huic vitio subiacere, cum per singula momenta adhæserit carni eius, atque concreverit fœdus humor.
So lenge flodi varer, fylgjer det ureinskap med honom, og det anten likamen gjev væta frå seg jamt eller stundom held henne inne; i båe høve er han urein.
4 Omne stratum, in quo dormierit, immundum erit, et ubicumque sederit.
Kvar lega han ligg på og kvar sess han sit på, vert urein.
5 Si quis hominum tetigerit lectum eius, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Den som kjem nær lega hans, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
6 Si sederit ubi ille sederat, et ipse lavabit vestimenta sua: et lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Og den som set seg på noko han hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
7 Qui tetigerit carnem eius, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Like eins den som kjem nær den sjuke sjølv; han lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
8 Si salivam huiuscemodi homo iecerit super eum qui mundus est, lavabit vestimenta sua: et lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Kjem den sjuke til å sputta på ein som er rein, so lyt den han hev sputta på två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
9 Sagma, super quo sederit, immundum erit:
Kvar sal og kvart vognsæte som den sjuke sit på, vert ureint.
10 et quidquid sub eo fuerit, qui fluxum seminis patitur, pollutum erit usque ad vesperum. Qui portaverit horum aliquid, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Den som kjem nær noko av det han hev under seg, vert urein alt til kvelds, og den som ber det burt, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
11 Omnis, quem tetigerit qui talis est, non lotis ante manibus, lavabit vestimenta sua: et lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Tek den sjuke burtpå nokon, og ikkje fyrst hev skylt henderne sine i vatn, so lyt den han hev teke burtpå två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
12 Vas fictile quod tetigerit, confringetur: vas autem ligneum lavabitur aqua.
Kjem den sjuke nær eit leirfat, so skal det slåast sund; men er det eit trefat, so skal det skyljast i vatn.
13 Si sanatus fuerit qui huiuscemodi sustinet passionem, numerabit septem dies post emundationem sui, et lotis vestibus et toto corpore in aquis viventibus, erit mundus.
Når den sjuke hev kome seg av flodi, skal han telja sju dagar fram frå di han vart god att; då skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i kjelde- eller bekkjevatn, so er han rein.
14 Die autem octavo sumet duos turtures, aut duos pullos columbæ, et veniet in conspectum Domini ad ostium tabernaculi testimonii, dabitque eos sacerdoti.
Den åttande dagen skal han taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar, og ganga fram i møtetjelddøri for Herrens åsyn, og gjeva deim til presten,
15 qui faciet unum pro peccato, et alterum in holocaustum: rogabitque pro eo coram Domino, ut emundetur a fluxi seminis sui.
og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, so han vert rein att etter sjukdomen.
16 Vir de quo egreditur semen coitus, lavabit aqua omne corpus suum: et immundus erit usque ad vesperum.
Når det gjeng såd frå ein mann i svevne, so skal han lauga heile likamen sin i vatn, og han er urein alt til kvelds.
17 Vestem et pellem, quam habuerit, lavabit aqua, et immunda erit usque ad vesperum.
Og alle klæde eller skinnplagg som sådet hev kome på, lyt tvåast vel, og er ureine alt til kvelds.
18 Mulier, cum qua coierit, lavabitur aqua, et immunda erit usque ad vesperum.
Ligg ein mann hjå eit kvende, og det gjeng såd frå honom, so lyt dei båe lauga seg, og vera ureine alt til kvelds.
19 Mulier, quæ redeunte mense patitur fluxum sanguinis, septem diebus separabitur.
Når eit kvende hev månadstidi si, og det gjeng blod frå henne, so er ho urein i sju dagar, og den som kjem nær henne, er urein alt til kvelds.
20 Omnis qui tetigerit eam, immundus erit usque ad vesperum:
Alt ho ligg eller sit på medan ho hev det soleis, vert ureint.
21 et in quo dormierit vel sederit diebus separationis suæ, polluetur.
Den som kjem nær lega hennar, lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
22 Qui tetigerit lectum eius, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, immundus erit usque ad vesperum.
Og den som kjem nær noko av det ho hev sete på, lyt og två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
23 Omne vas, super quo illa sederit, quisquis attigerit, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, pollutus erit usque ad vesperum.
Ligg det eitkvart i sengi eller i sessen hennar, og nokon kjem nær det, so er han urein alt til kvelds.
24 Si coierit cum ea vir tempore sanguinis menstrualis, immundus erit septem diebus: et omne stratum, in quo dormierit, polluetur.
Og dersom ein mann ligg med henne, og det kjem blod på honom, so vert han og urein i sju dagar, og alt det han ligg på, vert ureint.
25 Mulier, quæ patitur multis diebus fluxum sanguinis non in tempore menstruali, vel quæ post menstruum sanguinem fluere non cessat, quamdiu subiacet huic passioni, immunda erit quasi sit in tempore menstruo.
Når det gjeng blod frå eit kvende i mange dagar på ei tid som ho ikkje hev månadssjuken sin, eller når blodet gjeng frå henne lenger enn vanleg i månadstidi, so er ho urein so lenge denne ureine flodi varer, liksom når ho hev månadssjuken.
26 omne stratum, in quo dormierit, et vas in quo sederit, pollutum erit.
Um alt det ho ligg på medan ho hev blodflod, gjeld det same som er sagt um lega hennar det bil ho hev månadssjuken, og alt ho sit på, vert ureint, som når ho hev månadssjuken.
27 quicumque tetigerit ea, lavabit vestimenta sua: et ipse lotus aqua, immundus erit usque ad vesperam.
Den som kjem nær det, vert urein; han lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
28 Si steterit sanguis, et fluere cessaverit, numerabit septem dies purificationis suæ:
Vert ho god att av blodflodi, so skal ho telja sju dagar fram; so er ho rein.
29 et die octavo offeret pro se sacerdoti duos turtures, aut duos pullos columbarum ad ostium tabernaculi testimonii:
Og den åttande dagen skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar og bera åt møtetjelddøri, til presten,
30 qui unum faciet pro peccato, et alterum in holocaustum, rogabitque pro ea coram Domino, et pro fluxu immunditiæ eius.
og presten skal ofra deim, den eine til syndoffer, og den andre til brennoffer. Soleis skal presten gjera soning for henne for Herrens åsyn, so ho vert rein att etter sjukdomen.
31 Docebitis ergo filios Israel ut caveant immunditiam, et non moriantur in sordibus suis, cum polluerint tabernaculum meum quod est inter eos.
De skal vara Israels-borni for det som kann gjera deim ureine, so dei ikkje skal sulka bustaden min, som eg hev reist millom deim, og lata livet for ureinska si.
32 Ista est lex eius, qui patitur fluxum seminis, et qui polluitur coitu,
Dette er lovi um deim som hev flod: um menner som det gjeng såd frå, so dei vert ureine,
33 et quæ menstruis temporibus separatur, vel quæ iugi fluit sanguine, et hominis, qui dormierit cum ea.
og um kvende som hev månadstidi si, og um folk som er flodsjuke, både menner og kvende, og um menner som ligg med ureine kvende.»»

< Leviticus 15 >