< Leviticus 14 >

1 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
2 Hic est ritus leprosi, quando mundandus est: Adducetur ad sacerdotem:
«So er dei fyresegnerne de skal fylgja når ein som hev havt spillsykja, skal reinsast: Han skal førast fram for presten;
3 qui egressus de castris, cum invenerit lepram esse mundatam,
og presten skal ganga utanfor lægret og sjå honom yver, og dersom han er lækt for sjukdomen,
4 præcipiet ei, qui purificatur, ut offerat duos passeres vivos pro se, quibus vesci licitum est, et lignum cedrinum, vermiculumque et hyssopum.
so skal presten segja folk til å henta tvo livande reine fuglar og noko cedertre og karmesin og bergmynta til den som skal reinsast,
5 et unum ex passeribus immolari iubebit in vase fictili super aquas viventes:
og lata deim slagta den eine fuglen uppyver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkjevatn.
6 alium autem vivum cum ligno cedrino, et cocco et hyssopo, tinget in sanguine passeris immolati,
So skal han taka den livande fuglen og cedertreet og karmesinen og bergmynta, og duppa alt saman, den levande fuglen med, i blodet av den fuglen som er slagta yver kjeldevatnet,
7 quo asperget illum, qui mundandus est, septies, ut iure purgetur: et dimittet passerem vivum, ut in agrum avolet.
og skvetta det sju vendor på den som skal reinsast etter spillsykja, og reinsa honom, og den livande fuglen skal han lata fljuga sin veg.
8 Cumque laverit homo vestimenta sua, radet omnes pilos corporis, et lavabitur aqua: purificatusque ingredietur castra, ita dumtaxat ut maneat extra tabernaculum suum septem diebus,
So skal den som vert reinsa två klædi sine, og raka av seg alt håret, og lauga seg, so vert han rein, og sidan kann han få koma inn i lægret; men han skal halda seg utanfor tjeldbudi si i sju dagar.
9 et die septimo radet capillos capitis, barbamque et supercilia, ac totius corporis pilos. Et lotis rursum vestibus et corpore,
Den sjuande dagen skal han raka seg att; både hovudhåret og skjegget og augnebrunerne, alt håret sitt, skal han raka av seg; og han skal två klædi sine, og lauga likamen sin i vatn. Då er han rein.
10 die octavo assumet duos agnos immaculatos, et ovem anniculam absque macula, et tres decimas similæ in sacrificium, quæ conspersa sit oleo, et seorsum olei sextarium.
Den attande dagen skal han taka tvo verlamb som ikkje hev lyte, og eit årsgamalt lytelaust saulamb, og til grjonoffer tri kannor fint mjøl som er blanda med olje, og so ein halvpott med olje.
11 Cumque sacerdos purificans hominem, statuerit eum, et hæc omnia coram Domino in ostio tabernaculi testimonii,
Og presten som stend fyre reinsingi, skal føra den som vert reinsa og alle offergåvorne hans fram for Herrens åsyn i møtetjelddøri.
12 tollet agnum, et offeret eum pro delicto, oleique sextarium. et oblatis ante Dominum omnibus,
So skal presten taka det eine lambet og den halve potten med olje og bera fram til skuldoffer, og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
13 immolabit agnum, ubi solet immolari hostia pro peccato, et holocaustum, id est, in loco sancto. Sicut enim pro peccato, ita et pro delicto ad sacerdotem pertinet hostia: Sancta sanctorum est.
Lambet skal dei slagta på same staden som dei slagtar syndofferet og brennofferet, på den heilage staden; for skuldofferet høyrer presten til liksom syndofferet; det er høgheilagt.
14 Assumensque sacerdos de sanguine hostiæ, quæ immolata est pro delicto, ponet super extremum auriculæ dextræ eius qui mundatur, et super pollices manus dextræ et pedis:
So skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans;
15 et de olei sextario mittet in manum suam sinistram,
og han skal taka noko av den halve potten olje og hella ut i den vinstre handi si,
16 tingetque digitum dextrum in eo, et asperget coram Domino septies.
og so duppa den høgre peikefingeren i oljen som han hev i vinstre handi, og skvetta med fingeren av oljen sju gonger for Herrens åsyn.
17 quod autem reliquum est olei in læva manu, fundet super extremum auriculæ dextræ eius qui mundatur, et super pollices manus ac pedis dextri, et super sanguinem qui effusus est pro delicto,
Noko av den oljen som er att i handi hans, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet.
18 et super caput eius.
Og det som endå er att i handi hans av oljen, skal han strjuka på hovudet åt den som vert reinsa. Soleis skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn.
19 Rogabitque pro eo coram Domino, et faciet sacrificium pro peccato. tunc immolabit holocaustum,
So skal presten bera fram syndofferet, so den som vert reinsa kann få soning for det som var ureint ved honom, og sidan skal han slagta brennofferet.
20 et ponet illud in altari cum libamentis suis, et homo rite mundabitur.
Når då presten hev bore fram brennofferet og grjonofferet på altaret, og fullført soningi for honom, so er han rein att.
21 Quod si pauper est, et non potest manus eius invenire quæ dicta sunt, pro delicto assumet agnum ad oblationem, ut roget pro eo sacerdos, decimamque partem similæ conspersæ oleo in sacrificium, et olei sextarium,
Men er det ein fatig mann som ikkje hev råd til so mykje, so skal han taka eit lamb til skuldoffer - det skal svingast att og fram til soning for honom - og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, til grjonoffer, og ein halv pott med olje,
22 duosque turtures sive duos pullos columbæ, quorum unus sit pro peccato, et alter in holocaustum:
og so tvo turtelduvor eller duveungar, det som han hev råd til; den eine skal vera syndoffer, og den andre brennoffer.
23 offeretque ea die octavo purificationis suæ sacerdoti, ad ostium tabernaculi testimonii coram Domino.
Den åttande dagen etter han hev vorte rein, skal han bera offergåvorne fram for Herrens åsyn til møtetjelddøri, og gjeva deim til presten.
24 qui suscipiens agnum pro delicto et sextarium olei, levabit simul:
Og presten skal taka skuldofferlambet og oljen og svinga det att og fram for Herrens åsyn.
25 immolatoque agno, de sanguine eius ponet super extremum auriculæ dextræ illius qui mundatur, et super pollices manus eius ac pedis dextri:
Når skuldofferlambet er slagta, skal presten taka noko av skuldofferblodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans.
26 olei vero partem mittet in manum suam sinistram,
So skal han hella noko av oljen ut i den vinstre handi si
27 in quo tingens digitum dextræ manus asperget septies coram Domino:
og med den høgre peikefingeren skvetta sju vendor for Herrens åsyn av oljen som han hev i vinstre handi.
28 tangetque extremum dextræ auriculæ illius qui mundatur, et pollices manus ac pedis dextri in loco sanguinis qui effusus est pro delicto:
Noko av den oljen som presten hev i vinstre handi, skal han strjuka på den høgre øyresnippen åt den som vert reinsa, og på den høgre tumarsfingeren og den høgre tumarståi hans, yver skuldofferblodet,
29 reliquam autem partem olei, quæ est in sinistra manu, mittet super caput purificati, ut placet pro eo Dominum:
og det som endå er att av oljen som presten hev i handi, skal han strjuka på hovudet åt den som vert reinsa, so han kann finna nåde hjå Herren.
30 et turturem sive pullum columbæ offeret,
So skal han bera fram turtelduvorne eller duveungarne, det som han hadde råd til å gjeva,
31 unum pro delicto, et alterum in holocaustum cum libamentis suis.
den eine til syndoffer og den andre til brennoffer, og i hop med deim grjonofferet. Soleis skal presten gjera soning framfor Herrens åsyn for den som skal reinsast.
32 Hoc est sacrificium leprosi, qui habere non potest omnia in emundationem sui.
Dette er dei fyresegnerne de skal fylgja når ein som hev liti råd, skal reinsast etter spillsykja.»
33 Locutusque est Dominus ad Moysen et Aaron, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
34 Cum ingressi fueritis Terram Chanaan, quam ego dabo vobis in possessionem, si fuerit plaga lepræ in ædibus,
«Når de kjem inn i Kana’ans-landet, som eg gjev dykk til eiga, og eg let det koma spillsykja på noko av husi i landet dykkar,
35 ibit cuius est domus, nuncians sacerdoti, et dicet: Quasi plaga lepræ videtur mihi esse in domo mea.
so skal huseigaren koma og segja frå til presten, at det hev synt seg flekkjer som likjest spillsykja på huset hans.
36 At ille præcipiet ut efferant universa de domo, priusquam ingrediatur eam, et videat utrum leprosa sit, ne immunda fiant omnia quæ in domo sunt. Intrabitque postea ut consideret lepram domus:
Då skal presten setja deim til å rydja utor huset innan han kjem og skodar skaden, so ikkje alt som er der, skal verta ureint, og so skal han koma og skoda huset.
37 et cum viderit in parietibus illius quasi valliculas pallore sive rubore deformes, et humiliores superficie reliqua,
Ser han då at flekkjerne på husveggjerne ter seg som grøngule eller raudvorne sukkor, og synest liggja djupare enn veggflata,
38 egredietur ostium domus, et statim claudet illam septem diebus.
so skal han ganga til døri og ut or huset, og halda det læst i sju dagar.
39 Reversusque die septimo, considerabit eam. si invenerit crevisse lepram,
Den sjuande dagen skal presten koma att og sjå etter, og ser han då at skaden hev ete um seg på husveggjerne,
40 iubebit erui lapides in quibus lepra est, et proiici eos extra civitatem in locum immundum:
so skal han setja folk til å brjota ut dei steinarne som flekkjerne hev synt seg på, og kasta deim på ein urein stad utanfor byen.
41 domum autem ipsam radi intrinsecus per circuitum, et spargi pulverem rasuræ extra urbem in locum immundum,
Dei skal skrapa huset innantil, rundt ikring, og leiret som dei hev skrapa av, skal dei og føra burt og kasta på ein urein stad utanfor byen.
42 lapidesque alios reponi pro his qui ablati fuerint, et luto alio liniri domum.
Og so skal dei taka andre steinar og setja inn i staden for dei gamle, og nytt leir skal dei taka og klina huset med.
43 Sin autem postquam eruti sunt lapides, et pulvis erasus, et alia terra lita,
Bryt det vonde ut att på huset, etter steinarne er uttekne, og huset er skrapa og klint,
44 ingressus sacerdos viderit reversam lepram, et parietes respersos maculis, lepra est perseverans, et immunda domus:
so skal presten koma og sjå etter, og ser han då at skaden hev ete um seg, so er det stygg spillsykja på huset; det er ureint,
45 quam statim destruent, et lapides eius ac ligna, atque universum pulverem proiicient extra oppidum in locum immundum.
og dei skal riva det ned, både steinarne og timberet og alt leiret, og føra det ut or byen, til ein urein stad.
46 Qui intraverit domum quando clausa est, immundus erit usque ad vesperum:
Den som gjeng inn i huset dei dagarne det er attlæst, han vert urein alt til kvelds.
47 et qui dormierit in ea, et comederit quippiam, lavabit vestimenta sua.
Den som hev lege i huset, skal två klædi sine, og det same skal den som hev ete der.
48 Quod si introiens sacerdos viderit lepram non crevisse in domo, postquam denuo lita fuerit, purificabit eam reddita sanitate:
Ser presten, når han kjem og skodar huset, at dei stygge flekkjerne ikkje hev ete um seg etter det vart klint, so skal han segja huset reint; for då er det vonde burte.
49 et in purificationem eius sumet duos passeres, lignumque cedrinum, et vermiculum atque hyssopum:
So skal han til syndoffer for huset taka tvo fuglar og noko cedertre og karmesin og bergmynta.
50 et immolato uno passere in vase fictili super aquas vivas,
Den eine fuglen skal han slagta yver eit leirfat som er fyllt med kjelde- eller bekkjevatn,
51 tollet lignum cedrinum, et hyssopum, et coccum et passerem vivum, et tinget omnia in sanguine passeris immolati, atque in aquis viventibus, et asperget domum septies,
og so skal han taka cedertreet og bergmynta og karmesinen og den livande fuglen, og duppa det i blodet av den fuglen som er slagta, og i kjeldevatnet, og skvetta på huset sju vendor.
52 purificabitque eam tam in sanguine passeris quam in aquis viventibus, et in passere vivo, lignoque cedrino et hyssopo atque vermiculo.
Når han då hev reinsa huset for synd med fugleblodet og kjeldevatnet og den livande fuglen og cedertreet og bergmynta og karmesinen,
53 Cumque dimiserit passerem avolare in agrum libere, orabit pro domo, et iure mundabitur.
so skal han sleppa den livande fuglen ut or byen og lata honom fljuga. Soleis skal han gjera soning for huset, so det vert reint.
54 Ista est lex omnis lepræ et percussuræ,
So er fyresegnerne um allslags spillsykja, og um skurv,
55 lepræ vestium et domorum,
og um åtflekkjer på klæde og hus,
56 cicatricis et erumpentium papularum, lucentis maculæ, et in varias species, coloribus immutatis,
og um notror og utbrot og ljose flekkjer på hudi,
57 ut possit sciri quo tempore mundum quid, vel immundum sit.
so de kann vita når noko er ureint, og når det er reint.» Dette var lovi um spillsykja.

< Leviticus 14 >