< エレミヤ書 22 >

1 ヱホバかくいひたまへり汝ユダの王の室にくだり彼處にこの言をのべていへ
So sagde Herren: Gakk ned til Juda-kongens hus og tala der dette ordet,
2 ダビデの位に坐するユダの王よ汝と汝の臣および此門よりいる汝の民ヱホバの言をきけ
og seg: Høyr Herrens ord, du Juda-konge som sit på Davids kongsstol, du sjølv og tenarane dine og folket ditt, de som gjeng inn um desse portar!
3 ヱホバかくいふ汝ら公道と公義を行ひ物を奪はるる人をその暴虐者の手より救ひ異邦人と孤子と嫠婦をなやまし虐ぐる勿れまた此處に無辜の血を流す勿れ
So segjer Herren: Gjer rett og rettferd og berga ut or valdsmanns hand den som er utplundra, og far ikkje fram med urett og vald mot den framande, den farlause og enkja, og renn ikkje ut skuldlaust blod på denne staden.
4 汝らもし此言を眞に行はばダビデの位に坐する王とその臣および其民は車と馬に乗てこの室の門にいることをえん
For um de gjer etter dette ordet, då skal kongar som sit på Davids kongsstol koma inn um portarne til dette huset på vogner og hestar - han sjølv og tenarane hans og folket hans.
5 然ど汝らもし此言を聽ずばわれ自己を指して誓ふ此室は荒地となるべしとヱホバいひたまふ
Men um de ikkje høyrer desse ordi, då sver eg ved meg sjølv, segjer Herren, at dette huset skal verta i øyde lagt.
6 ヱホバ、ユダの王の家につきてかく曰たまふ汝は我におけることギレアデのごとくレバノンの巓のごとし然どわれかならず汝を荒野となし人の住はざる邑となさん
For so segjer Herren um Juda-kongens hus: Eit Gilead er du for meg, ein tind på Libanon; men i sanning, eg vil gjera deg til ei øydemark med byar der ingen bur.
7 われ破壞者をまふけて汝を攻めしめん彼ら各人その武器を執り汝の美しき香柏を斫てこれを火に投いれん
Og eg vil vigja tynarar mot deg, kvar med sine våpn, og dei skal hogga dei gilde cedertrei dine og kasta deim på elden.
8 多の國の人此邑をすぎ互に語てヱホバ何なれば此大なる邑にかく爲せしやといはんに
Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen, og dei skal segja med kvarandre: «Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?»
9 人こたへて是は彼等其神ヱホバの契約をすてて他の神を拜し之に奉へしに由なりといはん
Og dei skal svara: «For di dei vende seg frå Herren, sin Guds pakt, og tilbad andre gudar og tente deim.»
10 死者の爲に泣くことなくまた之が爲に嗟くこと勿れ寧擄へ移されし者の爲にいたく嗟くべし彼は再び歸てその故園を見ざるべければなり
Gråt ikkje yver ein avliden og barma dykk ikkje for honom; men gråt yver den som burt er faren! for han skal ikkje meir koma att og sjå sitt fødeland.
11 ユダの王ヨシヤの子シヤルム即ちその父に繼で王となりて遂に此處をいでたる者につきてヱホバかくいひたまへり彼は再び此處に歸らじ
For so segjer Herren um Sallum Josiason, Juda-kongen, som vart konge etter Josia, far sin, og som burt er faren frå denne staden: Han skal ikkje meir koma hit att,
12 彼はその移されし處に死んふたたび此地を見ざるべし
men på den staden som dei førde honom fange til, der skal han døy, og dette landet skal han ikkje meir få sjå att.
13 不義をもて其室をつくり不法をもて其樓を造り其隣人を傭て何をも與へず其價を拂はざる者は禍なるかな
Usæl han som byggjer sitt hus med urett og sine salar med rangt, som let sin næste træla for inkje og ikkje gjev honom løni hans,
14 彼いふ我己の爲に廣厦と涼しき樓をつくり又己の爲に窓を造り香柏をもて之を蔽ひ赤く之を塗んと
som segjer: «Eg vil byggja meg eit stort hus og rome salar, » og høgg seg ut vindaugo på det og klæder det med cedertre og målar det med raudmåling.
15 汝香柏を爭ひもちふるによりて王たるを得るか汝の父は食飮せざりしや公義と公道を行ひて福を得ざりしや
Er du konge for di du kann kappbyggja i cedertre? Far din - åt ikkje han og drakk og gjorde rett og rettferd? Då gjekk det honom vel.
16 彼は貧者と患艱者の訟を理して祥をえたりかく爲すは我を識ことに非ずやとヱホバいひ給ふ
Han hjelpte armingen og fatigmannen til sin rett, då gjekk det vel. Er ikkje slikt å kjenna meg? segjer Herren.
17 然ど汝の目と心は惟貪をなさんとし無辜の血を流さんとし虐遇と暴逆をなさんとするのみ
Men augo dine og hjarta ditt stend ikkje etter anna enn etter vinningi di og etter å renna ut skuldlaust blod og etter å fara med valdsverk og trælking.
18 故にヱホバ、ユダの王のヨシヤの子ヱホヤキムにつきてかく曰たまふ衆人は哀しいかな我兄かなしいかな我姊といひて嗟かず又哀しいかな主よ哀しいかな其榮と曰て嗟かじ
Difor, so segjer Herren um Jojakim Josiason, Juda-kongen: Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, bror min! Ai, syster mi!» Dei skal ikkje barma seg for honom: «Ai, Herre! Ai, hans herlegdom!»
19 彼は驢馬を埋るがごとく埋られん即ち曳れてヱルサレムの門の外に投棄らるべし
Liksom ein jordar eit asen, skal han verta jorda; dei skal dragsa honom ut og kasta honom burt langt utanfor Jerusalems-portarne.
20 汝レバノンに登りて呼ばはりバシヤンに汝の聲を揚げアバリムより呼はれ其は汝の愛する者悉く滅されたればなり
Stig upp på Libanon og ropa, og lat røysti di ljoma i Basan, og ropa frå Abarim! For alle elskarane dine er sundkrasa.
21 汝の平康なる時我汝に語しかども汝は我にきかじといへり汝いとけなき時よりわが聲を聽ずこれ汝の故習なり
Eg tala til deg medan det gjekk deg vel, men du sagde: «Eg vil ikkje høyra.» Det var vegen din alt frå din ungdom, at du ikkje høyrde mi røyst.
22 汝の牧者はみな風に呑つくされ汝の愛する者はとらへ移されん其時汝はおのれの諸の惡のために痛く恥べし
Alle hyrdingarne dine skal få ein storm til hyrding, og elskarane dine skal verta fangar; ja, då skal du verta skjemd og til skammar for all vondskapen din.
23 汝レバノンにすみ巢を香柏につくる者よ汝の劬勞子を產む婦の痛苦のごとくにきたらんとき汝の哀慘はいかにぞや
Du som bur på Libanon, som hev reiret ditt i cedertrei, å, kor du skal stynja når du fær rider, flagor som kvinna i barnsnaud!
24 ヱホバいひたまふ我は活くユダの王ヱホヤキムの子ヱコニヤは我右の手の指環なれども我これを拔ん
So sant som eg liver, segjer Herren, um so du Konja Jojakimsson, Juda-konge, var ein signetring på høgre handi mi, vilde eg riva deg der ifrå.
25 われ汝の生命を索る者の手および汝が其面を畏るる者の手すなはちバビロンの王ネブカデネザルの手とカルデヤ人の手に汝を付さん
Og eg vil gjeva deg i henderne på deim som ligg deg etter livet, og i henderne på deim som du ræddast, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på kaldæarane.
26 われ汝と汝を生し母を汝等がうまれざりし他の地に逐やらん汝ら彼處に死べし
Og eg vil slengja deg og mor di, som fødde deg, burt i eit anna land, der som de ikkje er fødde, og der skal de døy.
27 彼らの靈魂のいたく歸らんことを願ふところの地に彼らは歸ることをえず
Men til det landet som dei stundar å koma attende til, dit-att skal dei aldri koma.
28 この人ヱコニヤは賤しむべき壞れたる器ならんや好ましからざる器具ならんや如何なれば彼と其子孫は逐出されてその識ざる地に投やらるるや
Er då denne mannen Konja eit vanvyrdt, sundbrote fat, eller eit kjerald som ingen hev hugnad i? Kvi er dei burtkasta, han og avkjømet hans, og slengde burt til det landet som dei ikkje kjende?
29 地よ地よ地よヱホバの言をきけ
Land, land, land, høyr Herrens ord!
30 ヱホバかくいひたまふこの人を子なくして其生命の中に榮えざる人と錄せそはその子孫のうちに榮えてダビデの位に坐しユダを治る人かさねてなかるべければなり
So segjer Herren: Skriv upp denne mannen barnlaus, ein uheppen mann all sin dag. For ingen av hans avkjøme skal få lukka til å sitja i Davids kongsstol og heretter rikja yver Juda.

< エレミヤ書 22 >