< イザヤ書 1 >

1 アモツの子イザヤがユダの王ウジヤ、ヨタム、アハズ、ヒゼキヤのときに示されたるユダとヱルサレムとに係る異象
Dette er dei syner som Jesaja, son åt Amos, fekk um Juda og Jerusalem i dei dagarne då Uzzia, Jotam, Ahaz og Hizkia var kongar i Juda.
2 天よきけ地よ耳をかたぶけよ ヱホバの語りたまふ言あり 曰く われ子をやしなひ育てしにかれらは我にそむけり
Høyr, de himlar, og lyd etter, du jord! for Herren talar: Eg hev fostra born og født deim upp, men dei hev falle frå meg.
3 牛はその主をしり驢馬はそのあるじの厩をしる 然どイスラエルは識ず わが民はさとらず
Ein ukse kjenner eigarmannen sin, og eit asen krubba åt herren sin; men Israel kjenner inkje, mitt folk sansar inkje!
4 ああ罪ををかせる國人よこしまを負ふたみ 惡をなす者のすゑ 壞りそこなふ種族 かれらはヱホバをすてイスラエルの聖者をあなどり之をうとみて退きたり
Usæl er den synduge slegti, det skuldtyngde folket, eit ætt av illgjerdsmenner, rangsnudde born! Dei hev vraka Herren, vanvyrdt den Heilage og vendt honom ryggen.
5 なんぢら何ぞかさねがさね悖りて猶撻れんとするか その頭はやまざる所なくその心はつかれはてたり
Tolar de meir tukt, sidan de held ved med fråfall? Hovudet er som eit einaste sår, og hjarta er gjenomsjukt.
6 足のうらより頭にいたるまで全きところなくただ創痍と打傷と腫物とのみなり 而してこれを合すものなく包むものなく亦あぶらにて軟らぐる者もなし
Frå hovud til fot finst det ikkje noko heilt, berre flengjor, flerror og nyhogne sår, som korkje er reinsa eller umbundne eller mykte med olje.
7 なんぢらの國はあれすたれなんぢらの諸邑は火にてやかれなんぢらの田畑はその前にて外人にのまれ旣にあだし人にくつがへされて荒廢れたり
Ei øydemark er landet dykkar, brandtufter byarne dykkar, årsgrøda et framande upp framfor augo på dykk; alt vert lagt i øyde, soleis som berre framandfolk kann herja.
8 シオンの女はぶだうぞのの廬のごとく瓜田の假舎のごとくまた圍をうけたる城のごとく唯ひとり遺れり
Berre dotteri Sion er att, liksom ei hytta i ein vinhage, eit natteskjol på ei agurkmark, som ein kringsett by.
9 萬軍のヱホバわれらに少しの遺をとどめ給ふことなくば我儕はソドムのごとく又ゴモラに同じかりしならん
Hadde ikkje Herren, allhers drott, unnt oss ein liten leivning, då hadde me vorte som Sodoma, me hadde set ut som Gomorra!
10 なんぢらソドムの有司よヱホバの言をきけ なんぢらゴモラの民よ われらの神の律法に耳をかたぶけよ
Høyr Herrens ord, de Sodoma-fyrstar, lyd etter vår Guds lov, du Gomorra-folk!
11 ヱホバ言たまはくなんぢらが獻ぐるおほくの犠牲はわれに何の益あらんや 我はをひつじの燔祭とこえたるけものの膏とにあけり われは牡牛あるひは小羊あるひは牡山羊の血をよろこばず
Kva skal eg med alle slagtofferi dykkar? segjer Herren. Eg leidest ved brennoffer av verar og ved feitt av gjødkalvar; og blod av uksar og lamb og bukkar hugar meg ikkje.
12 なんぢらは我に見えんとてきたる このことを誰がなんぢらに要めしや 徒らにわが庭をふむのみなり
Når de kjem og vil visa dykk for mi åsyn - kven hev kravt slikt av dykk, at de skal trakka ned mine fyregardar?
13 むなしき祭物をふたたび携ふることなかれ 燻物はわがにくむところ 新月および安息日また會衆をよびあつむることも我がにくむところなり なんぢらは聖會に惡を兼ぬ われ容すにたへず
Ber ikkje fram fleire falske grjonoffer; angen av deim styggjest eg ved. Nymåne og kviledag og tillyst møte, høgtidsferd og fanteferd hand i hand - eg toler det ikkje!
14 わが心はなんぢらの新月と節會とをきらふ 是わが重荷なり われ負にうみたり
Dykkar nymånar og høgtider hatar mi sjæl, dei hev vorte meg ei byrd, som eg ikkje orkar bera.
15 我なんぢらが手をのぶるとき目をおほひ 汝等がおほくの祈禱をなすときも聞ことをせじ なんぢらの手には血みちたり
Kor mykje de retter ut henderne dykkar, so let eg att augo, og kor mykje de bed, so høyrer eg ikkje; for henderne dykkar er fulle av blod!
16 なんぢら己をあらひ己をきよくしわが眼前よりその惡業をさり 惡をおこなふことを止め
Tvætta dykk, reinsa dykk! Slutta med dykkar vonde åtferd for augo mine, haldt upp med å gjera det som vondt er!
17 善をおこなふことをならひ 公平をもとめ 虐げらるる者をたすけ 孤子に公平をおこなひ 寡婦の訟をあげつらへ
Lær å gjera godt, legg vinn på det som rett er, vis valdsmannen på betre vegar, hjelp den farlause til retten sin, før saki åt enkja!
18 ヱホバいひたまはく 率われらともに論らはん なんぢらの罪は緋のごとくなるも雪のごとく白くなり紅のごとく赤くとも羊の毛のごとくにならん
Kom og lat oss føra sak med einannan, segjer Herren. Um synderne dykkar er som purpur, so skal dei verta kvite som snø. Um dei er raude som skarlak, so skal dei verta som ull.
19 若なんぢら肯ひしたがはば地の美產をくらふことを得べし
Berre de er viljuge og lyder, so skal de få njota det gode i landet.
20 もし汝等こばみそむかば劍にのまるべし 此はヱホバその御口よりかたりたまへるなり
Men er de motviljuge og tråssuge, so skal sverdet øyda dykk ut. For Herrens munn hev tala!
21 忠信なりし邑いかにして妓女とはなれる 昔しは公平にてみち正義その中にやどりしに今は人をころす者ばかりとなりぬ
Kor ho hev vorte ei skjøkja, den trufaste borgi! Fyrr full av rett, rettferd budde derinne, og no - mordarar.
22 なんぢの白銀は滓となり なんぢの葡萄酒は水をまじへ
Sylvet ditt hev vorte til slagg, med vatn er vinen din blanda.
23 なんぢの長輩はそむきて盗人の伴侶となり おのおの賄賂をよろこび 贓財をおひもとめ 孤子に公平をおこなはず 寡婦の訟はかれらの前にいづること能はず
Dine styresmenner er upprørsmenner, dei held lag med tjuvar. Alle so elskar dei mutor og jagar etter vinning. Den farlause hjelper dei ikkje til retten sin, og saki åt enkja kjem ikkje deim ved.
24 このゆゑに主萬軍のヱホバ、イスラエルの全能者のたまはく 唉われ敵にむかひて念をはらし仇にむかひて報をすべし
Difor segjer Herren, Herren, allhers drott, Israels Velduge: Ja, eg vil sløkkja harmen min på mine uvener, og taka hemn yver fiendarne mine.
25 我また手をなんぢの上にそへ なんぢの滓をことごとく淨くし なんぢの鉛をすべて取去り
Og eg vil retta mi hand imot deg og reinsa ut ditt slagg som med lut, og skilja ut alt ditt bly.
26 なんぢの審士を舊のごとく なんぢの議官を始のごとくに復すべし 然るのちなんぢは正義の邑忠信の邑ととなへられん
Og atter vil eg gjeva deg slike domarar som du hadde fyrr, og slike rådsmenner som du ein gong åtte. Og då skal du heita «rettferdsby», «den trufaste borgi».
27 シオンは公平をもてあがなはれ 歸來るものも正義をもて贖はるべし
Ved rett skal Sion verta utløyst og ved rettferd dei som umvender seg der.
28 されど愆ををかすものと罪人とはともに敗れ ヱホバをすつる者もまた亡びうせん
Men undergang skal råka alle illgjerdsmenner og syndarar; og dei som vender seg frå Herren, skal ganga til grunnar.
29 なんぢらはその喜びたる橿樹によりて恥をいだき そのえらびたる園によりて慙赧むべし
Ja, de skal få skam av dei eiker som var dykkar hugnad; og de skal blygjast av dei hagar som var dykkar lyst.
30 なんぢらは葉のかるる橿樹のごとく水なき園のごとくならん
For de skal verta som ei eik med visnande lauv og som ein hage utan vatn.
31 權勢あるものは麻のごとく その工は火花のごとく 二つのもの一同もえてこれを撲滅すものなし
Og den sterke skal verta til stry og hans verk til ein gneiste, og dei brenn båe til saman, og ingen sløkkjer.

< イザヤ書 1 >