< תהילים 92 >

מזמור שיר ליום השבת ב טוב להדות ליהוה ולזמר לשמך עליון 1
Ein salme, ein song til kviledagen. Det er godt å prisa Herren, og å syngja ditt namn lov, du Høgste,
להגיד בבקר חסדך ואמונתך בלילות 2
å kunngjera di miskunn um morgonen og din truskap um næterne,
עלי-עשור ועלי-נבל עלי הגיון בכנור 3
med tistrengs-cither og med harpa, med tankefullt spel på cither.
כי שמחתני יהוה בפעלך במעשי ידיך ארנן 4
For du hev gledt meg, Herre, med ditt verk, og eg vil fegnast yver det dine hender hev gjort.
מה-גדלו מעשיך יהוה מאד עמקו מחשבתיך 5
Kor store dine gjerningar er, Herre! Ovdjupe er dine tankar.
איש-בער לא ידע וכסיל לא-יבין את-זאת 6
Ein uvitug mann kjenner ikkje til det, og ein dåre skynar det ikkje.
בפרח רשעים כמו עשב ויציצו כל-פעלי און להשמדם עדי-עד 7
Når dei ugudlege grønkar som gras, og alle illgjerningsmenner blømer, so er det til deira tyning til æveleg tid.
ואתה מרום-- לעלם יהוה 8
Men du, Herre, er høg i all æva.
כי הנה איביך יהוה-- כי-הנה איביך יאבדו יתפרדו כל-פעלי און 9
For sjå dine fiendar, Herre - for sjå, dine fiendar skal forgangast, alle illgjerningsmenner vert spreidde.
ותרם כראים קרני בלתי בשמן רענן 10
Du lyfter upp mitt horn som hornet til villuksen, frisk olje er rent yver meg.
ותבט עיני בשורי בקמים עלי מרעים-- תשמענה אזני 11
Og mitt auga skal sjå med lyst på mine fiendar, og øyro mine høyra um dei vonde som stend upp imot meg.
צדיק כתמר יפרח כארז בלבנון ישגה 12
Den rettferdige skal renna upp som palmetreet, som ceder på Libanon skal han veksa.
שתולים בבית יהוה בחצרות אלהינו יפריחו 13
Dei er planta i Herrens hus og skal grønka i Guds fyregardar.
עוד ינובון בשיבה דשנים ורעננים יהיו 14
Endå i høg alder skyt dei friske renningar, dei er groande og grønkande
להגיד כי-ישר יהוה צורי ולא-עלתה (עולתה) בו 15
til å forkynna at Herren er rettvis, han, mitt berg, og at det ingen urett er i honom.

< תהילים 92 >