< איוב 1 >

איש היה בארץ עוץ איוב שמו והיה האיש ההוא תם וישר וירא אלהים--וסר מרע 1
I landet Us budde det ein gong ein mann som heitte Job. Det var ein ærleg og rettvis mann som ottast Gud og heldt seg frå det som vondt var.
ויולדו לו שבעה בנים ושלוש בנות 2
Han fekk sju søner og tri døtter,
ויהי מקנהו שבעת אלפי צאן ושלשת אלפי גמלים וחמש מאות צמד בקר וחמש מאות אתונות ועבדה רבה מאד ויהי האיש ההוא גדול מכל בני קדם 3
og han åtte sju tusund sauer, tri tusund kamelar, fem hundrad par uksar og fem hundrad asnor, og dertil ei stor mengd tenarar, so han var den megtigaste av alle austerlendingarne.
והלכו בניו ועשו משתה בית איש יומו ושלחו וקראו לשלשת אחיתיהם לאכל ולשתות עמהם 4
Sønerne hans hadde for skikk å halda gilde kvar sin dag heime hjå seg; og dei sende bod og bad dei tri systerne sine, at dei og skulde eta og drikka i lag med deim.
ויהי כי הקיפו ימי המשתה וישלח איוב ויקדשם והשכים בבקר והעלה עלות מספר כלם--כי אמר איוב אולי חטאו בני וברכו אלהים בלבבם ככה יעשה איוב כל הימים 5
Når so ein umgang med gjestebodsdagar var til endes, sende Job bod etter deim og helga deim tidleg um morgonen ofra han brennoffer, eitt for kvar einskild av deim. For Job tenkte: «Kanskje hev sønerne mine synda og banna Gud i hjarto sine.» Soleis gjorde Job kvar gong.
ויהי היום--ויבאו בני האלהים להתיצב על יהוה ויבוא גם השטן בתוכם 6
Men so hende det ein dag at gudssønerne kom og stelte seg fram for Herren; og millom deim var og Satan.
ויאמר יהוה אל השטן מאין תבא ויען השטן את יהוה ויאמר משוט בארץ ומהתהלך בה 7
Herren spurde Satan: «Kvar kjem du ifrå?» «Eg hev fare og svive ikring på jordi, » svara Satan.
ויאמר יהוה אל השטן השמת לבך על עבדי איוב כי אין כמהו בארץ איש תם וישר ירא אלהים וסר מרע 8
Då spurde Herren Satan: «Hev du gjeve ans på Job, tenaren min? For liken hans finst ikkje på jordi, slik ein ærleg og rettvis mann som han er, og so som han ottast Gud og held seg frå det som vondt er.»
ויען השטן את יהוה ויאמר החנם ירא איוב אלהים 9
Men Satan svara Herren: «Skal tru Job ottast Gud for ingen ting?
הלא את (אתה) שכת בעדו ובעד ביתו ובעד כל אשר לו--מסביב מעשה ידיו ברכת ומקנהו פרץ בארץ 10
Du hev då verna um honom og huset hans og alt han eig! Alt hans yrke hev du signa, og buskaparne hans hev breider seg ut i landet.
ואולם שלח נא ידך וגע בכל אשר לו--אם לא על פניך יברכך 11
Men rett ut handi di og rør ved alt det han eig - då skal han so visst banna deg upp i andlitet!»
ויאמר יהוה אל השטן הנה כל אשר לו בידך--רק אליו אל תשלח ידך ויצא השטן מעם פני יהוה 12
Då sagde Herren til Satan: «Alt det han eig, er i di magt; men honom sjølv må du ikkje leggja hand på.» So gjekk Satan burt frå Herren.
ויהי היום ובניו ובנתיו אכלים ושתים יין בבית אחיהם הבכור 13
Ein dag sønerne og døtterne hans heldt måltid og drakk vin i huset hjå den eldste broren,
ומלאך בא אל איוב ויאמר הבקר היו חרשות והאתנות רעות על ידיהם 14
kom det ein til Job og sagde: «Medan uksarne gjekk for plogen og asnorne beitte ved sida av,
ותפל שבא ותקחם ואת הנערים הכו לפי חרב ואמלטה רק אני לבדי להגיד לך 15
so kom sabæarane og tok deim og hogg ned drengjerne med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.»
עוד זה מדבר וזה בא ויאמר אש אלהים נפלה מן השמים ותבער בצאן ובנערים ותאכלם ואמלטה רק אני לבדי להגיד לך 16
Medan han tala, kom ein annan og sagde: «Guds eld slo ned frå himmelen millom småfeet og hyrdingarne og brende deim upp; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.
עוד זה מדבר וזה בא ויאמר כשדים שמו שלשה ראשים ויפשטו על הגמלים ויקחום ואת הנערים הכו לפי חרב ואמלטה רק אני לבדי להגיד לך 17
Medan han tala, kom den tridje og sagde: «Kaldæarane kom i tri fylkingar og kasta seg yver kamelarne og rana deim; sveinarne hogg dei ned med sverd; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.»
עד זה מדבר וזה בא ויאמר בניך ובנותיך אכלים ושתים יין בבית אחיהם הבכור 18
Medan han tala, kom den fjorde og sagde: Medan sønerne og døtterne dine åt og drakk heime hjå den eldste broren;
והנה רוח גדולה באה מעבר המדבר ויגע בארבע פנות הבית ויפל על הנערים וימותו ואמלטה רק אני לבדי להגיד לך 19
so kom det ein sterk storm burtanfrå øydemarki og tok fat i alle fire hyrno på huset, so det seig i hop yver ungdomarne og slo deim i hel; berre eg slapp undan, so eg kunde melda det til deg.»
ויקם איוב ויקרע את מעלו ויגז את ראשו ויפל ארצה וישתחו 20
Då stod Job upp og reiv kappa si sund og klypte håret av hovudet og kasta seg å gruve og tilbad
ויאמר ערם יצתי מבטן אמי וערם אשוב שמה--יהוה נתן ויהוה לקח יהי שם יהוה מברך 21
og sagde: «Naken kom eg or moderliv; naken fer eg attende. Herren gav, og Herren tok; Herrens namn vere lova!»
בכל זאת לא חטא איוב ולא נתן תפלה לאלהים 22
Tråss i alt dette synda ikkje Job, og klaga ikkje på Gud.

< איוב 1 >