< תהילים 72 >

לשלמה אלהים--משפטיך למלך תן וצדקתך לבן-מלך 1
Av Salomo. Gud, gjev kongen dine domar og kongssonen di rettferd!
ידין עמך בצדק וענייך במשפט 2
Han skal døma ditt folk med rettferd og dine armingar med rett.
ישאו הרים שלום לעם וגבעות בצדקה 3
Fjelli skal bera fred for folket, og like eins haugarne, ved rettferd.
ישפט עניי-עם--יושיע לבני אביון וידכא עושק 4
Han skal døma armingarne i folket, han skal frelsa borni åt den fatige og knasa valdsmannen.
ייראוך עם-שמש ולפני ירח דור דורים 5
Dei skal ottast deg so lenge soli skin, og so lenge månen lyser frå ætt til ætt.
ירד כמטר על-גז כרביבים זרזיף ארץ 6
Han skal koma ned som regn på nyslegen voll, lik ei regnskur som væter jordi.
יפרח-בימיו צדיק ורב שלום עד-בלי ירח 7
I hans dagar skal den rettferdige bløma, og det skal vera mykje fred, alt til det ingen måne er meir.
וירד מים עד-ים ומנהר עד-אפסי-ארץ 8
Og han skal hava herredom frå hav til hav, og frå elvi til endarne av jordi.
לפניו יכרעו ציים ואיביו עפר ילחכו 9
Dei som bur i øydemarki, skal bøygja seg for honom, og hans fiendar skal slikka mold.
מלכי תרשיש ואיים מנחה ישיבו מלכי שבא וסבא אשכר יקריבו 10
Kongarne frå Tarsis og øyarne skal bera fram gåvor, kongarne frå Sjeba og Seba skal koma med skatt.
וישתחוו-לו כל-מלכים כל-גוים יעבדוהו 11
Alle kongar skal fall ned for honom, alle folkeslag skal tena honom.
כי-יציל אביון משוע ועני ואין-עזר לו 12
For han skal frelsa den fatige som ropar, og armingen som ingen hjelpar hev.
יחס על-דל ואביון ונפשות אביונים יושיע 13
Han skal spara vesalmannen og den fatige, og sjælerne åt dei fatige skal han frelsa.
מתוך ומחמס יגאל נפשם וייקר דמם בעיניו 14
Frå trykk og vald skal han løysa deira sjæl, og dyrt skal blodet deira vera i hans augo.
ויחי-- ויתן-לו מזהב שבא ויתפלל בעדו תמיד כל-היום יברכנהו 15
Og han skal liva, og Sjeba-gull skal han gjeva honom, og han skal alltid beda for honom, heile dagen skal han lova honom.
יהי פסת-בר בארץ-- בראש הרים ירעש כלבנון פריו ויציצו מעיר כעשב הארץ 16
Det skal vera ei mengd med korn i landet, på fjelltopparne, grøda skal susa som Libanonskogen, og folk blømer fram i byarne som gras på jordi.
יהי שמו לעולם-- לפני-שמש ינין (ינון) שמו ויתברכו בו כל-גוים יאשרוהו 17
Hans namn skal vara i all æva, so lenge soli skin, skal hans namn setja nye renningar, og ved honom skal dei velsigna seg, alle heidningefolk skal prisa honom sæl.
ברוך יהוה אלהים--אלהי ישראל עשה נפלאות לבדו 18
Lova vere Gud Herren, Israels Gud, han, den einaste som gjer under!
וברוך שם כבודו-- לעולם וימלא כבודו את-כל הארץ-- אמן ואמן 19
Og lova vere hans herlege namn i all æva! og all jordi verte full av hans æra! Amen, amen!
כלו תפלות-- דוד בן-ישי 20
Ende på bønerne av David, son åt Isai.

< תהילים 72 >