< Psalms 79 >

1 A Psalm by Asaph. God, the nations have come into your inheritance. They have defiled your holy temple. They have laid Jerusalem in heaps.
Ein salme av Asaf. Gud, heidningar er komen inn i arven din, dei hev gjort ditt heilage tempel ureint, dei hev gjort Jerusalem til steinhaugar.
2 They have given the dead bodies of your servants to be food for the birds of the sky, the flesh of your holy ones to the animals of the earth.
Dei hev gjeve liki av dine tenarar til føda for fuglarne under himmelen, kjøtet av dine trugne til landsens villdyr.
3 They have shed their blood like water around Jerusalem. There was no one to bury them.
Dei hev rent ut deira blod som vatn kringum Jerusalem, og det var ingen som jorda deim.
4 We have become a reproach to our neighbours, a scoffing and derision to those who are around us.
Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.
5 How long, LORD? Will you be angry forever? Will your jealousy burn like fire?
Kor lenge, Herre, vil du æveleg vera vreid? Kor lenge skal din brennhug loga som eld?
6 Pour out your wrath on the nations that don’t know you, on the kingdoms that don’t call on your name,
Renn din harme ut yver heidningarne som ikkje kjenner deg, og yver dei kongerike som ikkje kallar på ditt namn!
7 for they have devoured Jacob, and destroyed his homeland.
For dei hev ete upp Jakob, og hans bustad hev dei øydelagt.
8 Don’t hold the iniquities of our forefathers against us. Let your tender mercies speedily meet us, for we are in desperate need.
Kom ikkje i hug mot oss synderne åt våre forfeder, lat di miskunn snart koma imot oss, for me er svært utmødde!
9 Help us, God of our salvation, for the glory of your name. Deliver us, and forgive our sins, for your name’s sake.
Hjelp oss, du vår Frelse-Gud, for ditt namns æra skuld! og frels oss og forlat oss våre synder for ditt namn skuld!
10 Why should the nations say, “Where is their God?” Let it be known amongst the nations, before our eyes, that vengeance for your servants’ blood is being poured out.
Kvifor skal heidningarne segja: «Kvar er deira Gud?» Lat det for våre augo verta kjent millom heidningarne, at det kjem hemn yver det utrende blodet av dine tenarar!
11 Let the sighing of the prisoner come before you. According to the greatness of your power, preserve those who are sentenced to death.
Lat sukken frå den bundne koma for di åsyn! So sterk som armen din er, spar daudens born!
12 Pay back to our neighbours seven times into their bosom their reproach with which they have reproached you, Lord.
Gjev våre grannar sjufald att i deira fang den spott som dei hev spotta deg med, Herre!
13 So we, your people and sheep of your pasture, will give you thanks forever. We will praise you forever, to all generations.
Og me, ditt folk og den hjord du beiter, me vil lova deg æveleg, frå ætt til ætt vil me kunngjera din pris.

< Psalms 79 >