< 马可福音 10 >

1 耶稣从那里起身,来到犹太的境界并约旦河外。众人又聚集到他那里,他又照常教训他们。
So tok han ut derifrå, og for til Juda-bygderne og bygderne på hi sida Jordan. Og folket samla seg att ikring honom, og han lærde deim, som han var van med.
2 有法利赛人来问他说:“人休妻可以不可以?”意思要试探他。
Då kom det nokre farisæarar og spurde honom: «Tru ein mann hev lov til å skilja seg frå kona si?» Det var for å freista honom dei spurde um det.
3 耶稣回答说:“摩西吩咐你们的是什么?”
«Kva hev Moses sagt dykk fyre?» sagde Jesus.
4 他们说:“摩西许人写了休书便可以休妻。”
«Moses gav lov til å skriva eit skilsmålsbrev og senda henne frå seg, » svara dei.
5 耶稣说:“摩西因为你们的心硬,所以写这条例给你们;
Då sagde han til deim: «Av di de er so hardhjarta, skreiv Moses den lovi for dykk.
6 但从起初创造的时候, 神造人是造男造女。
Men alt ifrå fyrste skapingstidi gjorde Gud deim til mann og kvinna.
7 因此,人要离开父母,与妻子连合,二人成为一体。
Difor skal mannen skiljast med far sin og mor si,
8 既然如此,夫妻不再是两个人,乃是一体的了。
og dei tvo skal vera eitt kjøt. So er dei då ikkje lenger tvo, men eitt kjøt,
9 所以, 神配合的,人不可分开。”
og det som Gud hev bunde i hop, det skal ikkje menneskja skilja.»
10 到了屋里,门徒就问他这事。
Heime spurde læresveinarne honom att um det same.
11 耶稣对他们说:“凡休妻另娶的,就是犯奸淫,辜负他的妻子;
Då sagde han til deim: «Den som skil seg frå kona si og gifter seg med ei onnor, bryt egteskapet med henne, og gjer hor.
12 妻子若离弃丈夫另嫁,也是犯奸淫了。”
Og dersom ho skil seg frå mannen sin, og gifter seg med ein annan, gjer ho hor.»
13 有人带着小孩子来见耶稣,要耶稣摸他们,门徒便责备那些人。
Og dei bar småborn til honom, so han skulde røra ved deim, men læresveinarne truga deim som bar deim.
14 耶稣看见就恼怒,对门徒说:“让小孩子到我这里来,不要禁止他们;因为在 神国的,正是这样的人。
Då Jesus såg det, vart han harm og sagde til deim: «Lat småborni koma til meg; hindra deim ikkje! for Guds rike høyrer slike til.
15 我实在告诉你们,凡要承受 神国的,若不像小孩子,断不能进去。”
Det segjer eg dykk for sant: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, han skal på ingen måte koma inn i det.»
16 于是抱着小孩子,给他们按手,为他们祝福。
So tok han deim i fanget og lagde henderne på deim og velsigna deim.
17 耶稣出来行路的时候,有一个人跑来,跪在他面前,问他说:“良善的夫子,我当做什么事才可以承受永生?” (aiōnios g166)
Då han kom ut på vegen, sprang det ein fram og fall på kne for honom og spurde: «Gode meister, kva skal eg gjera so eg kann vinna eit æveleg liv?» (aiōnios g166)
18 耶稣对他说:“你为什么称我是良善的?除了 神一位之外,再没有良善的。
«Kvi kallar du meg god?» sagde Jesus. «Ingen er god utan ein - Gud!
19 诫命你是晓得的:不可杀人;不可奸淫;不可偷盗;不可作假见证;不可亏负人;当孝敬父母。”
Bodi kjenner du: «Du skal ikkje drepa! Du skal ikkje gjera hor! Du skal ikkje stela! Du skal ikkje vitna rangt! Du skal ikkje slå under deg annan manns eigedom! Du skal æra far din og mor di!»»
20 他对耶稣说:“夫子,这一切我从小都遵守了。”
«Meister, » svara han, «alt det hev eg halde frå eg var ung.»
21 耶稣看着他,就爱他,对他说:“你还缺少一件:去变卖你所有的,分给穷人,就必有财宝在天上;你还要来跟从我。”
Då såg Jesus på honom og fekk honom kjær. So sagde han: «Eitt vantar deg: Gakk burt og sel alt det du hev, og gjev det til dei fatige, so fær du ein skatt i himmelen; og kom so og fylg meg!»
22 他听见这话,脸上就变了色,忧忧愁愁地走了,因为他的产业很多。
Ved det ordet for det ein skugge yver andlitet hans, og han gjekk sturen burt; for han åtte mykje.
23 耶稣周围一看,对门徒说:“有钱财的人进 神的国是何等地难哪!”
Då såg Jesus kringum seg og sagde til læresveinarne sine: «Kor vandt det er for den som eig mykje å koma inn i Guds rike!»
24 门徒希奇他的话。耶稣又对他们说:“小子,倚靠钱财的人进 神的国是何等地难哪!
Læresveinarne stokk yver ordi hans. Men Jesus tok til ords att og sagde: «Kor vandt det er, borni mine, å koma inn i Guds rike for deim som set si lit til rikdom!
25 骆驼穿过针的眼,比财主进 神的国还容易呢。”
Det er lettare for ein kamel å ganga gjenom eit nålauga enn for ein rik å koma inn i Guds rike!
26 门徒就分外希奇,对他说:“这样谁能得救呢?”
Då vart dei endå meir forfærde. «Kven kann då verta frelst?» ropa dei.
27 耶稣看着他们,说:“在人是不能,在 神却不然,因为 神凡事都能。”
Jesus såg på deim og sagde: «For menneskje er det umogelegt, men ikkje for Gud; for alt er mogelegt for Gud.»
28 彼得就对他说:“看哪,我们已经撇下所有的跟从你了。”
Då tok Peter til ords og sagde til honom: «Enn me som hev skilt oss med alt og fylgt deg!»
29 耶稣说:“我实在告诉你们,人为我和福音撇下房屋,或是弟兄、姊妹、父母、儿女、田地,
Og Jesus svara: «Det segjer eg dykk for sant: Det er ingen hev skilt seg med heim eller brør eller syster eller mor eller far eller born eller gardar for mi og evangeliet skuld,
30 没有不在今世得百倍的,就是房屋、弟兄、姊妹、母亲、儿女、田地,并且要受逼迫,在来世必得永生。 (aiōn g165, aiōnios g166)
utan han skal få det att hundrad gonger - no i denne tidi heim og brør og syster og møder og born og gardar, alt um han jamt er i fåre, og i den verdi som kjem eit æveleg liv. (aiōn g165, aiōnios g166)
31 然而,有许多在前的,将要在后,在后的,将要在前。”
Men mange som no er med dei fyrste, skal då vera millom dei siste, og dei siste millom dei fyrste.
32 他们行路上耶路撒冷去。耶稣在前头走,门徒就希奇,跟从的人也害怕。耶稣又叫过十二个门徒来,把自己将要遭遇的事告诉他们说:
No var dei på vegen upp til Jerusalem. Jesus gjekk fyre deim, og dei undrast, og dei som fylgde, var fulle av otte. Då samla han atter dei tolv ikring seg, og tok til å tala til deim um det som skulde henda honom:
33 “看哪,我们上耶路撒冷去,人子将要被交给祭司长和文士,他们要定他死罪,交给外邦人。
No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei skal døma honom frå livet og gjeva honom yver til heidningarne;
34 他们要戏弄他,吐唾沫在他脸上,鞭打他,杀害他。过了三天,他要复活。”
og dei skal spotta honom og sputta på honom og hudfletta honom og drepa honom; men tri dagar etter skal han standa upp att.»
35 西庇太的儿子雅各、约翰进前来,对耶稣说:“夫子,我们无论求你什么,愿你给我们做。”
Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, kom til honom og sagde: «Meister, det er noko me vil beda deg um! Vil du gjera det for oss?»
36 耶稣说:“要我给你们做什么?”
«Kva vil de eg skal gjera for dykk?» sagde han.
37 他们说:“赐我们在你的荣耀里,一个坐在你右边,一个坐在你左边。”
«Lova oss at me skal få sitja innmed deg i din herlegdom, ein på di høgre og ein på di vinstre sida!» svara dei.
38 耶稣说:“你们不知道所求的是什么。我所喝的杯,你们能喝吗?我所受的洗,你们能受吗?”
«De veit ikkje kva de bed um, » sagde Jesus. Kann de drikka den skåli som eg drikk, eller taka den dåpen som eg tek?»
39 他们说:“我们能。”耶稣说:“我所喝的杯,你们也要喝;我所受的洗,你们也要受;
«Ja, det kann me, » sagde dei. Då sagde Jesus til deim: «Den skåli eg drikk, skal de drikka, den dåpen eg fær, skal de få;
40 只是坐在我的左右,不是我可以赐的,乃是为谁预备的,就赐给谁。”
men sætet ved mi høgre eller vinstre sida er det ikkje mi sak å gjeva burt; det lyt dei få som det er etla åt.»
41 那十个门徒听见,就恼怒雅各、约翰。
Då dei ti høyrde det, tok dei til å harmast på Jakob og Johannes.
42 耶稣叫他们来,对他们说:“你们知道,外邦人有尊为君王的,治理他们,有大臣操权管束他们。
Då kalla Jesus deim til seg og sagde: «De veit at dei som gjeld for fyrstar, råder yver folki sine, og stormennerne deira heldt deim i age.
43 只是在你们中间,不是这样。你们中间,谁愿为大,就必作你们的用人;
Men so er det ikkje hjå dykk; den som vil vera stor millom dykk, lyt tena dei andre,
44 在你们中间,谁愿为首,就必作众人的仆人。
og den som vil vera den fyrste av dykk, lyt vera træl for dykk alle.
45 因为人子来,并不是要受人的服事,乃是要服事人,并且要舍命作多人的赎价。”
For Menneskjesonen er’kje heller komen for å tenast, men for å tena og gjeva sitt liv til løysepening for mange.»
46 到了耶利哥;耶稣同门徒并许多人出耶利哥的时候,有一个讨饭的瞎子,是底买的儿子巴底买,坐在路旁。
So kom dei til Jeriko. Då Jesus tok ut att frå Jeriko med læresveinarne sine og ein svær folkehop, sat son åt Timæus, Bartimæus, ein blind tiggar, attmed vegen,
47 他听见是拿撒勒的耶稣,就喊着说:“大卫的子孙耶稣啊!可怜我吧!”
og då han høyrde det var Jesus frå Nasaret, tok han på å ropa: «Jesus, Davids son, gjer sælebot på meg!»
48 有许多人责备他,不许他作声。他却越发大声喊着说:“大卫的子孙哪,可怜我吧!”
Mange truga honom, og sagde han skulde tegja; men han ropa berre endå meir: «Davids son, gjer sælebot på meg!»
49 耶稣就站住,说:“叫过他来。”他们就叫那瞎子,对他说:“放心,起来!他叫你啦。”
Jesus stana og sagde: «Ropa honom hit!» Då ropa dei på den blinde og sagde til honom: «Ver hugheil! Reis deg upp! Han ropar på deg!»
50 瞎子就丢下衣服,跳起来,走到耶稣那里。
So kasta han av seg kjolen og spratt upp og kom burt til Jesus.
51 耶稣说:“要我为你做什么?”瞎子说:“拉波尼,我要能看见。”
Og Jesus sagde til honom: «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Meister, lat meg få att syni!» svara den blinde.
52 耶稣说:“你去吧!你的信救了你了。”瞎子立刻看见了,就在路上跟随耶稣。
Då sagde Jesus til honom: «Gakk heim att! Trui di hev hjelpt deg.» Og med ein gong fekk han att syni, og fylgde Jesus på vegen.

< 马可福音 10 >