< 路加福音 5 >

1 耶稣站在革尼撒勒湖边,众人拥挤他,要听 神的道。
Ein gong stod han nedmed Gennesaretsjøen, og folket trengde seg um honom og lydde på Guds ord;
2 他见有两只船湾在湖边;打鱼的人却离开船洗网去了。
då vart han var tvo båtar som låg ved strandi; fiskarane hadde gjenge utor deim og stod og skylde garni sine.
3 有一只船是西门的,耶稣就上去,请他把船撑开,稍微离岸,就坐下,从船上教训众人。
Han steig ut i ein av båtarne, som høyrde Simon til, og bad honom leggja eit lite stykke frå land; so sette han seg og lærde folket frå båten.
4 讲完了,对西门说:“把船开到水深之处,下网打鱼。”
Då han hadde halde upp å tala, sagde han til Simon: «Legg ut på djupet og set ut garni dykkar, so de kann få fisk!»
5 西门说:“夫子,我们整夜劳力,并没有打着什么。但依从你的话,我就下网。”
«Meister, me hev stræva i heile natt og ingen ting fenge, » svara Simon; «men på ditt ord vil eg setja ut garni.»
6 他们下了网,就圈住许多鱼,网险些裂开,
So gjorde dei det, og då stengde dei slik ein brote med fisk at garni heldt på og skulde rivna.
7 便招呼那只船上的同伴来帮助。他们就来,把鱼装满了两只船,甚至船要沉下去。
Då vitta dei til lagsmennerne sine i hin båten, at dei skulde koma og taka i med deim, og då dei kom, fyllte dei båe båtarne, so det var nære på dei sokk.
8 西门·彼得看见,就俯伏在耶稣膝前,说:“主啊,离开我,我是个罪人!”
Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sagde: «Gakk burt frå meg, Herre! Eg er ein syndug mann.»
9 他和一切同在的人都惊讶这一网所打的鱼。
For det kom ein støkk på honom og alle deim som var med honom, for skuld all fisken dei hadde sanka;
10 他的伙伴西庇太的儿子雅各、约翰,也是这样。耶稣对西门说:“不要怕!从今以后,你要得人了。”
og like eins var det med Jakob og Johannes, sønerne åt Sebedæus, som var lagsbrørne åt Simon. Men Jesus sagde til Simon: «Ver ikkje rædd! Heretter skal du fanga menneskje.»
11 他们把两只船拢了岸,就撇下所有的,跟从了耶稣。
So rodde dei båtarne til lands og gjekk ifrå alt og fylgde honom.
12 有一回,耶稣在一个城里,有人满身长了大麻风,看见他,就俯伏在地,求他说:“主若肯,必能叫我洁净了。”
Ein gong som han var i ein av byarne, var det der ein mann som var full av spillsykja; med same han såg Jesus, kasta han seg å gruve og bad: «Herre, dersom du vil, kann du gjera meg rein!»
13 耶稣伸手摸他,说:“我肯,你洁净了吧!”大麻风立刻就离了他的身。
Jesus rette ut handi og tok burtpå honom og sagde: «Eg vil; ver rein!» Og med ein gong gjekk spillsykja av honom.
14 耶稣嘱咐他:“你切不可告诉人,只要去把身体给祭司察看,又要为你得了洁净,照摩西所吩咐的献上礼物,对众人作证据。”
Jesus sagde til honom at han ikkje måtte segja det med nokon: «Men gakk og te deg for presten, og ber fram offer for reinsingi di, etter det som Moses hev sagt, so du kann vitna for deim.»
15 但耶稣的名声越发传扬出去。有极多的人聚集来听道,也指望医治他们的病。
Men ordet um honom for berre so mykje vidare utyver, og folk kom i flokk og fylgje og vilde høyra på honom og lækjast for sjukdomarne sine.
16 耶稣却退到旷野去祷告。
Sjølv heldt han seg avsides i øydemarkerne og bad.
17 有一天,耶稣教训人,有法利赛人和教法师在旁边坐着;他们是从加利利各乡村和犹太并耶路撒冷来的。主的能力与耶稣同在,使他能医治病人。
Ein dag heldt han på og lærde folket, og der sat det farisæarar og lovlærarar, som var komne frå kvar grend i Galilæa og Judæa og frå Jerusalem, og Herrens kraft var yver honom og gav honom magt til å lækja.
18 有人用褥子抬着一个瘫子,要抬进去放在耶稣面前,
Då kom nokre menner berande med ein som låg i ei seng og var lam; dei vilde bera honom inn og setja honom ned framfyre Jesus,
19 却因人多,寻不出法子抬进去,就上了房顶,从瓦间把他连褥子缒到当中,正在耶稣面前。
men såg seg ingi råd til å koma inn med honom for folkestimen. So gjekk dei upp på taket og fira honom med sengi ned millom taksteinarne, midt framfyre Jesus.
20 耶稣见他们的信心,就对瘫子说:“你的罪赦了。”
Då Jesus såg trui deira, sagde han: «Synderne dine er tilgjevne, mann!»
21 文士和法利赛人就议论说:“这说僭妄话的是谁?除了 神以外,谁能赦罪呢?”
Då tok dei skriftlærde og farisæarane til å tenkja med seg: «Kva er dette for ein, som talar spottarord mot Gud? Kven kann tilgjeva synder utan ein - Gud?»
22 耶稣知道他们所议论的,就说:“你们心里议论的是什么呢?
Men Jesus skyna kva dei tenkte; han tok til ords og sagde til deim: «Kva er det for tankar de hyser i hjarta?
23 或说‘你的罪赦了’,或说‘你起来行走’,哪一样容易呢?
Kva er lettast: å segja: «Synderne dine er tilgjevne!» eller å segja: «Statt upp og gakk!»
24 但要叫你们知道,人子在地上有赦罪的权柄。”就对瘫子说:“我吩咐你,起来,拿你的褥子回家去吧!”
Men so de skal vita at Menneskjesonen hev magt til å tilgjeva synder på jordi, so segjer eg deg» - sagde han til den lame -: «Statt upp, tak sengi di og gakk heim!»
25 那人当众人面前立刻起来,拿着他所躺卧的褥子回家去,归荣耀与 神。
Og med ein gong stod han upp, midt for augo deira, tok lega si og gjekk heim att, alt med han lova Gud.
26 众人都惊奇,也归荣耀与 神,并且满心惧怕,说:“我们今日看见非常的事了。”
Då vart dei alle so tekne at dei var reint frå seg; dei lova Gud og vart fulle av otte og sagde: «I dag hev me set utrulege ting.»
27 这事以后,耶稣出去,看见一个税吏,名叫利未,坐在税关上,就对他说:“你跟从我来。”
So gjekk han ut att. Då fekk han sjå ein tollmann som heitte Levi; han sat på tollbudi. Jesus sagde til honom: «Fylg meg!»
28 他就撇下所有的,起来,跟从了耶稣。
Då let han alle ting vera og stod upp og fylgde Jesus.
29 利未在自己家里为耶稣大摆筵席,有许多税吏和别人与他们一同坐席。
Levi gjorde eit stort gjestebod for honom i huset sitt; der var det ein heil flokk med tollmenner og andre, som sat til bords med deim.
30 法利赛人和文士就向耶稣的门徒发怨言说:“你们为什么和税吏并罪人一同吃喝呢?”
Og farisæarane og dei skriftlærde som fylgdest med deim, murra og sagde til læresveinarne hans: «Kvifor et og drikk de i lag med tollmenner og syndarar?»
31 耶稣对他们说:“无病的人用不着医生;有病的人才用得着。
Då tok Jesus til ords og sagde til deim: «Dei friske treng ikkje lækjar, men det gjer dei som sjuke er.
32 我来本不是召义人悔改,乃是召罪人悔改。”
Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til umvending.»
33 他们说:“约翰的门徒屡次禁食祈祷,法利赛人的门徒也是这样;惟独你的门徒又吃又喝。”
So sagde dei til honom: «Læresveinarne åt Johannes fastar tidt og ofte og held bøn, og det same gjer læresveinarne åt farisæarane, men dine læresveinar et og drikk!»
34 耶稣对他们说:“新郎和陪伴之人同在的时候,岂能叫陪伴之人禁食呢?
Jesus svara: «Kann de få brudlaupsfolket til å fasta med dei hev brudgomen hjå seg?
35 但日子将到,新郎要离开他们,那日他们就要禁食了。”
Men det kjem ei tid då brudgomen vert teken ifrå deim; når den tidi kjem, då skal dei fasta.»
36 耶稣又设一个比喻,对他们说:“没有人把新衣服撕下一块来补在旧衣服上;若是这样,就把新的撕破了,并且所撕下来的那块新的和旧的也不相称。
Han sagde deim og ei likning: «Ingen riv eit stykke av ein ny kjole og hev det til bot på ein gamall; for då riv han ikkje berre den nye kjolen sund, men boti som han tok av den nye kjolen, høver ikkje på den gamle.
37 也没有人把新酒装在旧皮袋里;若是这样,新酒必将皮袋裂开,酒便漏出来,皮袋也就坏了。
Og ingen hev ny vin på gamle lerflaskor; for då sprengjer den nye vinen flaskorne, og vinen renn ut, og flaskorne forferst.
38 但新酒必须装在新皮袋里。
Ny vin lyt ein hava på nye lerflaskor.
39 没有人喝了陈酒又想喝新的;他总说陈的好。”
Og ingen som hev drukke gamall vin, hev hug på ny vin. «Den gamle er best!» segjer han.»

< 路加福音 5 >