< 使徒行传 7 >

1 大祭司就说:“这些事果然有吗?”
Då sagde øvstepresten: «Hev dette seg so?»
2 司提反说:“诸位父兄请听!当日我们的祖宗亚伯拉罕在美索不达米亚还未住哈兰的时候,荣耀的 神向他显现,
Han svara: «Brør og feder, høyr på meg! Herlegdomens Gud openberra seg for far vår, Abraham, då han var i Mesopotamia, fyrr han feste bu i Kharan;
3 对他说:‘你要离开本地和亲族,往我所要指示你的地方去。’
og han sagde til honom: «Gakk ut frå landet ditt og frå ætti di, og far til det landet som eg skal syna deg!»
4 他就离开迦勒底人之地,住在哈兰。他父亲死了以后, 神使他从那里搬到你们现在所住之地。
Då gjekk han ut or Kaldæarland og feste bu i Kharan; og då far hans var dåen, let han honom flytja derifrå til dette landet, der de no bur;
5 在这地方, 神并没有给他产业,连立足之地也没有给他;但应许要将这地赐给他和他的后裔为业;那时他还没有儿子。
men han gav honom ikkje arvlut der, ikkje ei fotbreidd eingong. Og han lova å gjeva honom det til eiga og hans ætt etter honom, endå han ikkje hadde barn.
6 神说:‘他的后裔必寄居外邦,那里的人要叫他们作奴仆,苦待他们四百年。’
Og Gud tala soleis: «Hans ætt skal bu som utlendingar i framandt land, og dei skal gjera deim til trælar og fara ille med deim i fire hundrad år.
7 神又说:‘使他们作奴仆的那国,我要惩罚。以后他们要出来,在这地方事奉我。’
Og det folket som dei trælar under, vil eg døma, » sagde Gud. «Og so skal dei draga ut og tena meg på denne staden.»
8 神又赐他割礼的约。于是 亚伯拉罕生了以撒,第八日给他行了割礼。以撒生雅各;雅各生十二位先祖。
Og han gav honom umskjeringspakti; og so avla han Isak og umskar honom den åttande dagen, og Isak Jakob, og Jakob dei tolv patriarkarne.
9 “先祖嫉妒约瑟,把他卖到埃及去; 神却与他同在,
Og patriarkarne ovundast på Josef og selde honom til Egyptarland. Og Gud var med honom
10 救他脱离一切苦难,又使他在埃及王法老面前得恩典,有智慧。法老就派他作埃及国的宰相兼管全家。
og fria honom ut or alle hans trengslor og gav honom nåde og visdom for Farao, egyptarkongen, og han sette honom til hovding yver Egyptarland og heile sitt hus.
11 后来埃及和迦南全地遭遇饥荒,大受艰难,我们的祖宗就绝了粮。
So kom det hunger yver heile Egyptarland og Kana’an, og stor trengsla; og federne våre fann ikkje føda.
12 雅各听见在埃及有粮,就打发我们的祖宗初次往那里去。
Men då Jakob høyrde at der var korn i Egyptarland, sende han federne våre dit fyrste gongen.
13 第二次约瑟与弟兄们相认,他的亲族也被法老知道了。
Og den andre gongen vart Josef attkjend av brørne sine, og Farao lærde å kjenna Josefs ætt.
14 约瑟就打发弟兄请父亲雅各和全家七十五个人都来。
Men Josef sende bod og kalla Jakob, far sin, og alt folket sitt dit, fem og sytti sjæler.
15 于是雅各下了埃及,后来他和我们的祖宗都死在那里;
Og Jakob drog ned til Egyptarland, og han døydde, han og federne våre.
16 又被带到示剑,葬于亚伯拉罕在示剑用银子从哈抹子孙买来的坟墓里。
Og dei vart flutte yver til Sikem og lagde i den gravi som Abraham kjøpte for sylv av borni åt Hemor i Sikem.
17 “及至 神应许亚伯拉罕的日期将到,以色列民在埃及兴盛众多,
Etter som det leid til tidi for den lovnaden som Gud tilsvor Abraham, auka folket seg og vart mannsterkt i Egyptarland,
18 直到有不晓得约瑟的新王兴起。
alt til det kom ein annan konge yver Egyptarland, som ikkje visste noko um Josef.
19 他用诡计待我们的宗族,苦害我们的祖宗,叫他们丢弃婴孩,使婴孩不能存活。
Han for med svikråd mot folket vårt og for ille med federne våre, til dess dei laut setja småborni sine ut, so dei ikkje skulde få liva.
20 那时,摩西生下来,俊美非凡,在他父亲家里抚养了三个月。
I den tidi vart Moses fødd, og han var yndeleg for Gud. Og han vart fostra i huset åt far sin i tri månader.
21 他被丢弃的时候,法老的女儿拾了去,养为自己的儿子。
Men då han vart utsett, tok Faraos dotter honom og fostra honom upp som sin eigen son.
22 摩西学了埃及人一切的学问,说话行事都有才能。
Og Moses vart upplærd i all egyptar-visdomen; og han var megtig i ord og gjerningar.
23 “他将到四十岁,心中起意去看望他的弟兄以色列人;
Men då han hadde fyllt fyrti år, fekk han hug til å sjå um brørne sine, Israels-borni.
24 到了那里,见他们一个人受冤屈,就护庇他,为那受欺压的人报仇,打死了那埃及人。
Og då han såg at ein leid urett, kom han honom til hjelp og tok hemn for honom som leid yvervald, og slo egyptaren i hel.
25 他以为弟兄必明白 神是借他的手搭救他们;他们却不明白。
Han tenkte at brørne hans skulde skyna at Gud gav deim frelsa ved hans hand. Men dei skyna det ikkje.
26 第二天,遇见两个以色列人争斗,就劝他们和睦,说:‘你们二位是弟兄,为什么彼此欺负呢?’
Dagen etter kom han til deim då dei trætta, og han talde deim til å halda fred og sagde: «Menner, de er brør; kvi gjer de urett mot kvarandre?»
27 那欺负邻舍的把他推开,说:‘谁立你作我们的首领和审判官呢?
Men han som gjorde grannen sin urett, støytte honom ifrå seg og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar yver oss?
28 难道你要杀我,像昨天杀那埃及人吗?’
Vil du kanskje slå meg i hel, liksom du slo egyptaren i hel i går?»
29 摩西听见这话就逃走了,寄居于米甸;在那里生了两个儿子。
Men Moses flydde for dette ordet skuld og vart ein utlending i Midjans land, og han fekk tvo søner der.
30 “过了四十年,在西奈山的旷野,有一位天使从荆棘火焰中向摩西显现。
Og då fyrti år var lidne, synte ein engel seg for honom i øydemarki ved Sinaifjellet i eldslogen i ein klunger.
31 摩西见了那异象,便觉希奇,正进前观看的时候,有主的声音说:
Då Moses såg det, undra han seg yver syni. Men då han gjekk burtåt og vilde sjå, kom ei røyst frå Herren:
32 ‘我是你列祖的 神,就是亚伯拉罕的 神,以撒的 神,雅各的 神。’摩西战战兢兢,不敢观看。
«Eg er din fedregud, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Men Moses vart skjelvande rædd og torde ikkje sjå på.
33 主对他说:‘把你脚上的鞋脱下来,因为你所站之地是圣地。
Og Herren sagde til honom: «Løys skorne av føterne dine! for staden du stend på, er heilag jord.
34 我的百姓在埃及所受的困苦,我实在看见了,他们悲叹的声音,我也听见了。我下来要救他们。你来!我要差你往埃及去。’
Eg hev grant set illgjerdi mot mitt folk i Egyptarland og høyrt deira sukk, og eg hev stige ned og vil fria deim ut. Og no, kom! lat meg senda deg til Egyptarland!»
35 这摩西就是百姓弃绝说‘谁立你作我们的首领和审判官’的; 神却借那在荆棘中显现之使者的手差派他作首领、作救赎的。
Denne Moses som dei forneitta og sagde: «Kven hev sett deg til hovding og domar?» honom sende Gud til hovding og utløysar ved den engels hand som synte seg for honom i klungeren.
36 这人领百姓出来,在埃及,在红海,在旷野,四十年间行了奇事神迹。
Han førde deim ut medan han gjorde under og teikn i Egyptarland og i Raudehavet og i øydemarki i fyrti år.
37 那曾对以色列人说‘神要从你们弟兄中间给你们兴起一位先知像我’的,就是这位摩西。
Han er den Moses som sagde til Israels-borni: «Ein profet liksom eg skal Herren, dykkar Gud, reisa upp åt dykk av dykkar brør.»
38 这人曾在旷野会中和西奈山上,与那对他说话的天使同在,又与我们的祖宗同在,并且领受活泼的圣言传给我们。
Han er den som i lyden i øydemarki var med engelen som tala til honom på Sinaifjellet, og med federne våre, han som tok imot livande ord til å gjeva oss.
39 我们的祖宗不肯听从,反弃绝他,心里归向埃及,
Honom vilde federne dykkar ikkje lyda, men dei støytte honom ifrå seg og vende seg i sitt hjarta til Egyptarland, då dei sagde til Aron:
40 对亚伦说:‘你且为我们造些神像,在我们前面引路;因为领我们出埃及地的那个摩西,我们不知道他遭了什么事。’
«Gjer oss gudar, som kann ganga fyre oss! for denne Moses som førde oss ut or Egyptarland - me veit ikkje kva som hev hendt honom.»
41 那时,他们造了一个牛犊,又拿祭物献给那像,欢喜自己手中的工作。
Og dei gjorde ein kalv i dei same dagarne bar offer fram til den avguden, og gledde seg yver det som deira eigne hender hadde gjort.
42 神就转脸不顾,任凭他们事奉天上的日月星辰,正如先知书上所写的说: 以色列家啊, 你们四十年间在旷野, 岂是将牺牲和祭物献给我吗?
Men Gud vende seg burt og yvergav deim til å tena himmelheren, so som det stend skrive i profetboki: «Hev vel de, Israels hus, gjeve meg slagtoffer og andre offer i fyrti år i øydemarki?
43 你们抬着摩洛的帐幕和理番神的星, 就是你们所造为要敬拜的像。 因此,我要把你们迁到巴比伦外去。
Og de bar med dykk Moloks tjeld og guden Remfans stjerna, dei bilæti som de gjorde for å tilbeda deim. Og eg vil flytja dykk burt på hi sida åt Babylon.»
44 “我们的祖宗在旷野,有法柜的帐幕,是 神吩咐摩西叫他照所看见的样式做的。
Vitnemålstjeldet var hjå federne våre i øydemarki; so som han som tala til Moses, hadde bode å gjera det etter det bilætet han hadde set.
45 这帐幕,我们的祖宗相继承受。当 神在他们面前赶出外邦人去的时候,他们同约书亚把帐幕搬进承受为业之地,直存到大卫的日子。
Dette tok federne våre i arv og førde det inn med Josva i eigedomslandet til dei heidningfolki som Gud dreiv undan for federne våre alt til Davids dagar.
46 大卫在 神面前蒙恩,祈求为雅各的 神预备居所;
Han fann nåde for Guds åsyn og bad um at han måtte finna ein bustad åt Jakobs Gud.
47 却是所罗门为 神造成殿宇。
Men Salomo bygde honom eit hus.
48 其实,至高者并不住人手所造的,就如先知所言:
Men den Høgste bur ikkje i hus som er gjorde med hender, som profeten segjer:
49 主说:天是我的座位, 地是我的脚凳; 你们要为我造何等的殿宇? 哪里是我安息的地方呢?
«Himmelen er min kongsstol, og jordi skammel under mine føter. Kva hus vil de byggja meg? segjer Herren, eller kva stad er min kvilestad?
50 这一切不都是我手所造的吗?
Hev ikkje mi hand gjort alt dette?»
51 “你们这硬着颈项、心与耳未受割礼的人,常时抗拒圣灵!你们的祖宗怎样,你们也怎样。
De harde halsar og u-umskorne på hjarta og øyro! De stend alltid imot den Heilage Ande, som dykkar feder, so de og!
52 哪一个先知不是你们祖宗逼迫呢?他们也把预先传说那义者要来的人杀了;如今你们又把那义者卖了,杀了。
Kven av profetarne forfylgde ikkje federne dykkar? og dei slo deim i hel, som fyreåt forkynte at den Rettferdige skulde koma, han som de no hev svike og drepe,
53 你们受了天使所传的律法,竟不遵守。”
de som fekk lovi gjenom englar og hev ikkje halde henne!»
54 众人听见这话就极其恼怒,向司提反咬牙切齿。
Men då dei høyrde dette, skar det deim i hjarta, og dei beit tennerne saman imot honom.
55 但司提反被圣灵充满,定睛望天,看见 神的荣耀,又看见耶稣站在 神的右边,
Men han var full av den Heilage Ande og såg upp mot himmelen, og han såg Guds herlegdom, og Jesus standa ved Guds høgre hand.
56 就说:“我看见天开了,人子站在 神的右边。”
Og han sagde: «Sjå, eg ser himlarne opne og Menneskjesonen standa ved Guds høgre hand!»
57 众人大声喊叫,捂着耳朵,齐心拥上前去,
Då skreik dei med høg røyst og heldt for øyro sine og styrmde samlyndt inn på honom.
58 把他推到城外,用石头打他。作见证的人把衣裳放在一个少年人名叫扫罗的脚前。
Og dei dreiv honom ut utanfor byen og steina honom. Og vitni lagde klædi sine av ved føterne til ein ung mann som heitte Saulus.
59 他们正用石头打的时候,司提反呼吁主说:“求主耶稣接收我的灵魂!”
Og dei steina Stefanus, medan han bad og sagde: «Herre Jesus, tak imot mi ånd!»
60 又跪下大声喊着说:“主啊,不要将这罪归于他们!”说了这话,就睡了。扫罗也喜悦他被害。
Men han fall på kne og ropa med høg røyst: «Herre, tilrekna deim ikkje denne syndi!» Og då han hadde sagt dette, sovna han av.

< 使徒行传 7 >