< 使徒行传 3 >

1 申初祷告的时候,彼得、约翰上圣殿去。
Men Peter og Johannes gjekk saman upp i templet i bønetimen, den niande timen.
2 有一个人,生来是瘸腿的,天天被人抬来,放在殿的一个门口(那门名叫美门),要求进殿的人周济。
Og ein mann som var vanfør frå mors liv, vart boren fram; og dei sette honom kvar dag ved den tempeldøri som er kalla den fagre, so han kunde beda um sælebotsgåva av deim som gjekk inn i templet.
3 他看见彼得、约翰将要进殿,就求他们周济。
Då han såg Peter og Johannes, som vilde ganga inn i templet, bad han um å få ei sælebotsgåva.
4 彼得、约翰定睛看他;彼得说:“你看我们!”
Men Peter feste augo på honom, saman med Johannes, og sagde: «Sjå på oss!»
5 那人就留意看他们,指望得着什么。
Han stirde på deim og venta å få noko av deim.
6 彼得说:“金银我都没有,只把我所有的给你:我奉拿撒勒人耶稣基督的名,叫你起来行走!”
Men Peter sagde: «Sylv og gull hev eg ikkje; men det eg hev, det gjev eg deg: i nasaræaren Jesu Kristi namn statt upp og gakk!»
7 于是拉着他的右手,扶他起来;他的脚和踝子骨立刻健壮了,
So greip han honom ved høgre handi og reiste honom upp.
8 就跳起来,站着,又行走,同他们进了殿,走着,跳着,赞美 神。
Men straks vart føterne hans og oklo sterke, og han sprang upp og stod og gjekk ikring; og han gjekk med deim inn i templet, gjekk ikring der og sprang og lova Gud.
9 百姓都看见他行走,赞美 神;
Og alt folket såg honom ganga ikring og lova Gud;
10 认得他是那素常坐在殿的美门口求周济的,就因他所遇着的事满心希奇、惊讶。
Og dei kjende honom, at det var han som hadde sete etter sælebotsgåva ved den fagre tempeldøri. Og dei vart fulle av undring og rædsla yver det som hadde hendt med honom.
11 那人正在称为所罗门的廊下,拉着彼得、约翰;众百姓一齐跑到他们那里,很觉希奇。
Med han heldt seg til Peter og Johannes, strøymde alt folket saman um deim i den sulehalli som er kalla Salomons, og dei var forstøkte.
12 彼得看见,就对百姓说:“以色列人哪,为什么把这事当作希奇呢?为什么定睛看我们,以为我们凭自己的能力和虔诚使这人行走呢?
Då Peter det såg, svara han folket: «Israelitiske menner, kvi undrast de på dette, eller kvi stirer de so på oss, som um me av vår eigi magt eller gudlegdom hadde gjort at han kann ganga?
13 亚伯拉罕、以撒、雅各的 神,就是我们列祖的 神,已经荣耀了他的仆人耶稣;你们却把他交付彼拉多。彼拉多定意要释放他,你们竟在彼拉多面前弃绝了他。
Abrahams og Isaks og Jakobs Gud, vår fedregud, hev herleggjort sin tenar Jesus, han som de sveik og forneitta for Pilatus, då han dømde at han skulde verta fri.
14 你们弃绝了那圣洁公义者,反求着释放一个凶手给你们。
Men de forneitta den heilage og rettferdige, og bad um at ein mordar måtte verta dykk unnt.
15 你们杀了那生命的主, 神却叫他从死里复活了;我们都是为这事作见证。
Men livsens hovding slo de i hel, han som Gud reiste upp frå dei daude, som me er vitne til.
16 我们因信他的名,他的名便叫你们所看见所认识的这人健壮了;正是他所赐的信心,叫这人在你们众人面前全然好了。
Og ved trui på hans namn hev hans namn styrkt denne mannen, som de ser og kjenner; og trui som er verka ved honom, gav denne mannen hans fulle helsa for augo på dykk alle.
17 弟兄们,我晓得你们做这事是出于不知,你们的官长也是如此。
Og no, brør, eg veit at de hev gjort det i vankunna, liksom og rådsherrarne dykkar.
18 但 神曾借众先知的口,预言基督将要受害,就这样应验了。
Men Gud uppfylte soleis det som han fyreåt sagde gjenom munnen til alle sine profetar, at hans Messias skulde lida.
19 所以,你们当悔改归正,使你们的罪得以涂抹,
So gjer då bot og vend um, so synderne dykkar må verta utstrokne, so at hugsvalings tider kann koma frå Herrens åsyn,
20 这样,那安舒的日子就必从主面前来到;主也必差遣所预定给你们的基督(耶稣)降临。
og han kann senda den Messias som er utkåra åt dykk, Jesus,
21 天必留他,等到万物复兴的时候,就是 神从创世以来、借着圣先知的口所说的。 (aiōn g165)
han som himmelen skal hysa til tidi for atterreisingi av alle ting, som Gud hev tala um gjenom munnen til sine heilage profetar frå gamle dagar. (aiōn g165)
22 摩西曾说:‘主— 神要从你们弟兄中间给你们兴起一位先知像我,凡他向你们所说的,你们都要听从。
For Moses hev sagt: «Herren, dykkar Gud, skal reisa upp åt dykk ein profet av dykkar brør liksom eg; honom skal de høyra i alt det som han talar til dykk.
23 凡不听从那先知的,必要从民中全然灭绝。’
Og det skal bera so til, at kvar den sjæl som ikkje høyrer den profeten, skal verta utrudd or folket.»
24 从撒母耳以来的众先知,凡说预言的,也都说到这些日子。
Men ogso alle profetarne frå Samuel og sidan, so mange som hev tala, dei hev og forkynt um desse dagarne.
25 你们是先知的子孙,也承受 神与你们祖宗所立的约,就是对亚伯拉罕说:‘地上万族都要因你的后裔得福。’
De er born åt profetarne og åt den pakti som Gud gjorde med våre feder, då han sagde til Abraham: «Og i di ætt skal alle ætter på jordi velsignast.»
26 神既兴起他的仆人,就先差他到你们这里来,赐福给你们,叫你们各人回转,离开罪恶。”
De var dei fyrste som Gud sende tenaren sin til, då han let honom koma fram for at han skulde velsigna dykk, med di kvar av dykk vender seg frå sin vondskap.»

< 使徒行传 3 >