< 使徒行传 25 >

1 非斯都到了任,过了三天,就从凯撒利亚上耶路撒冷去。
Då no Festus var komen til landshovding-embættet sitt, for han tri dagar etter upp til Jerusalem frå Cæsarea.
2 祭司长和犹太人的首领向他控告保罗,
Øvsteprestarne og dei fyrste menner av jødarne bar då fram for honom klaga mot Paulus og kom med ei bøn til honom,
3 又央告他,求他的情,将保罗提到耶路撒冷来,他们要在路上埋伏杀害他。
med di dei mot honom bad um det som ein nåde, at han skulde henta honom til Jerusalem; for dei lagde den løynrådi å slå honom i hel på vegen.
4 非斯都却回答说:“保罗押在凯撒利亚,我自己快要往那里去”;
Men Festus svara då at Paulus var i varetekt i Cæsarea, og at han sjølv vilde fara dit snart.
5 又说:“你们中间有权势的人与我一同下去,那人若有什么不是,就可以告他。”
«So kann dei av dykk, » sagde han, «som hev umbod til det fara ned saman med meg, um det er noko gale med denne mannen, og klaga på honom.»
6 非斯都在他们那里住了不过十天八天,就下凯撒利亚去;第二天坐堂,吩咐将保罗提上来。
Då han so hadde drygt hjå deim berre åtte eller ti dagar, for han ned til Cæsarea; dagen etter sette han seg på domstolen og baud at Paulus skulde førast fram.
7 保罗来了,那些从耶路撒冷下来的犹太人周围站着,将许多重大的事控告他,都是不能证实的。
Då han var komen, stelte dei jødarne som var komne ned frå Jerusalem, seg ikring honom og bar fram imot honom mange og tunge klagemål; men dei kunde ikkje prova deim,
8 保罗分诉说:“无论犹太人的律法,或是圣殿,或是凯撒,我都没有干犯。”
for Paulus forsvara seg og sagde: «Korkje mot den jødiske lov eller mot templet eller mot keisaren hev eg synda noko.»
9 但非斯都要讨犹太人的喜欢,就问保罗说:“你愿意上耶路撒冷去,在那里听我审断这事吗?”
Men då Festus vilde vinna seg takk av jødarne, svara han Paulus og sagde: «Er du viljug til å fara upp til Jerusalem og der få dom av meg i denne sak?»
10 保罗说:“我站在凯撒的堂前,这就是我应当受审的地方。我向犹太人并没有行过什么不义的事,这也是你明明知道的。
Då sagde Paulus: «For keisarens domstol stend eg, og der hev eg rett til å verta dømd. Mot jødarne hev eg ingen urett gjort, so som du og vel veit.
11 我若行了不义的事,犯了什么该死的罪,就是死,我也不辞。他们所告我的事若都不实,就没有人可以把我交给他们。我要上告于凯撒。”
Hev eg urett, og hev gjort noko som gjer meg skuldig til dauden, so bed eg meg ikkje fri for å døy. Men er det ikkje noko i det som desse klagar meg for, då kann ingen yvergjeva meg til deim berre for å gjera deim til lags. Eg skyt saki inn for keisaren.»
12 非斯都和议会商量了,就说:“你既上告于凯撒,可以往凯撒那里去。”
Då tala Festus med rådet sitt, og so sagde han: «For keisaren hev du skote saki inn; til keisaren skal du fara.»
13 过了些日子,亚基帕王和百妮基氏来到凯撒利亚,问非斯都安。
Men då nokre dagar var lidne, kom kong Agrippa og Berenike til Cæsarea og vilde helsa på Festus.
14 在那里住了多日,非斯都将保罗的事告诉王,说:“这里有一个人,是腓力斯留在监里的。
Då dei hadde vore der i fleire dagar, fortalde Festus kongen um Paulus og sagde: «Her er ein mann som Feliks let bunden etter seg;
15 我在耶路撒冷的时候,祭司长和犹太的长老将他的事禀报了我,求我定他的罪。
då eg kom til Jerusalem, kom øvsteprestarne og styresmennerne for jødarne fram med ei klaga mot honom og kravde straff yver honom.
16 我对他们说,无论什么人,被告还没有和原告对质,未得机会分诉所告他的事,就先定他的罪,这不是罗马人的条例。
Eg svara deim at det ikkje er sedvane hjå romarane at dei for å gjera folk til lags yvergjev noko menneskje til dauden; men den som klaga gjeld, lyt fyrst standa åsyn til åsyn med klagarane sine og få høve til å forsvara seg mot klagemålet.
17 及至他们都来到这里,我就不耽延,第二天便坐堂,吩咐把那人提上来。
Då dei so var komne saman her, drygde eg ikkje ut saki, men sette meg dagen etter på domstolen og baud at mannen skulde førast fram.
18 告他的人站着告他;所告的,并没有我所逆料的那等恶事。
Då no klagarane stod ikring honom, bar dei ikkje fram noko klagemål slikt som eg hadde tenkt meg.
19 不过是有几样辩论,为他们自己敬鬼神的事,又为一个人名叫耶稣,是已经死了,保罗却说他是活着的。
Men dei hadde nokre kivsmål med honom um deira eigi gudsdyrking og um ein Jesus som var daud, men som Paulus sagde var livande.
20 这些事当怎样究问,我心里作难,所以问他说:‘你愿意上耶路撒冷去,在那里为这些事听审吗?’
Då eg stod rådlaus med ransakingi av dette, spurde eg um han vilde fara til Jerusalem og der få dom i saki.
21 但保罗求我留下他,要听皇上审断,我就吩咐把他留下,等我解他到凯撒那里去。”
Men då Paulus innanka saki og vilde vera i varetekt til keisaren felte domen, baud eg at han skulde verta halden i varetekt til dess eg fær sendt honom til keisaren.»
22 亚基帕对非斯都说:“我自己也愿听这人辩论。”非斯都说:“明天你可以听。”
Agrippa sagde til Festus: «Eg vilde og gjerne høyra den mannen.» Han svara: «I morgon skal du få høyra honom.»
23 第二天,亚基帕和百妮基大张威势而来,同着众千夫长和城里的尊贵人进了公厅。非斯都吩咐一声,就有人将保罗带进来。
Dagen etter kom so Agrippa og Berenike med stor stas og gjekk inn i salen saman med dei øvste hovudsmennerne og dei gjævastee menner i byen, og etter påbod av Festus vart Paulus førd fram.
24 非斯都说:“亚基帕王和在这里的诸位啊,你们看这人,就是一切犹太人,在耶路撒冷和这里,曾向我恳求、呼叫说:‘不可容他再活着。’
Då segjer Festus: «Kong Agrippa og alle de menner som her er saman med oss, her ser de honom som heile hopen av jødarne både i Jerusalem og her bad meg um, og ropa at han ikkje lenger måtte få liva.
25 但我查明他没有犯什么该死的罪,并且他自己上告于皇帝,所以我定意把他解去。
Men då eg fann at han ikkje hadde gjort noko som gjorde honom skuldig til dauden, og han sjølv og skaut saki inn for keisaren, so tok eg den avgjerdi å senda honom dit.
26 论到这人,我没有确实的事可以奏明主上。因此,我带他到你们面前,也特意带他到你亚基帕王面前,为要在查问之后有所陈奏。
Noko visst hev eg ikkje å skriva til herren um honom; difor førde eg honom fram for dykk og serleg for deg, kong Agrippa, so eg, når forhøyr er halde, kann hava noko å skriva.
27 据我看来,解送囚犯,不指明他的罪案是不合理的。”
For eg tykkjer det er meiningslaust når eg sender ein fange, at eg ikkje kann segja frå um klagemåli mot honom.»

< 使徒行传 25 >