< 2 Kongebok 4 >

1 Ei kvinna som var gift med ein profetsvein, ropa til Elisa: «Mannen min, tenaren din er dåen. Du veit sjølv att han har age for Herren. No kjem kravsmannen og vil taka båe sønerne mine til trælar.»
有一个先知门徒的妻哀求以利沙说:“你仆人—我丈夫死了,他敬畏耶和华是你所知道的。现在有债主来,要取我两个儿子作奴仆。”
2 Elisa svara til henne: «Kva kann eg gjera for deg? Seg meg, kva du hev i huset?» Ho svara: «Ingenting hev tenestkvinna di i huset anna ei krus med olje.»
以利沙问她说:“我可以为你做什么呢?你告诉我,你家里有什么?”她说:“婢女家中除了一瓶油之外,没有什么。”
3 Då sagde han: «Gakk ut til alle grannarne dine og få lånt deg kaggar, tome kaggar, di fleire di betre!
以利沙说:“你去,向你众邻舍借空器皿,不要少借;
4 Gakk so inn, steng døri etter deg og sønerne dine, slå i alle desse kaggarne, og ber deim burt etter kvart dei vert fulle!»
回到家里,关上门,你和你儿子在里面将油倒在所有的器皿里,倒满了的放在一边。”
5 Gjekk ho då frå honom, og stengde døri etter seg og sønerne sine; dei bar fram, og ho slo i.
于是,妇人离开以利沙去了,关上门,自己和儿子在里面;儿子把器皿拿来,她就倒油。
6 Då kaggarne var fyllte, bad ho son sin koma med endå ein. «Her er ikkje fleire, » svara han. Då traut oljen.
器皿都满了,她对儿子说:“再给我拿器皿来。”儿子说:“再没有器皿了。”油就止住了。
7 Ho kom og melde til gudsmannen. «No kann du selja oljen, » sagde han, «og greida skuldi di, og resten kann du og sønerne dine liva av.»
妇人去告诉神人,神人说:“你去卖油还债,所剩的你和你儿子可以靠着度日。”
8 Det bar so til ein dag at Elisa kom yver til Sunem. Der var ei velhaldi kona, som endeleg vilde gjeva honom mat; kvar gong han sidan kom den vegen, tok han inn der og fekk seg mat.
一日,以利沙走到书念,在那里有一个大户的妇人强留他吃饭。此后,以利沙每从那里经过就进去吃饭。
9 Ein gong sagde ho med mannen sin: «Sjå, eg skynar at han er ein heilag gudsmann, han som jamt kjem hit til oss.
妇人对丈夫说:“我看出那常从我们这里经过的是圣洁的神人。
10 Å, lat oss mura upp ei liti loftstova og setja inn til honom der seng og bord og stol og ljosestake, so han kann taka inn der når han kjem til oss.»
我们可以为他在墙上盖一间小楼,在其中安放床榻、桌子、椅子、灯台,他来到我们这里,就可以住在其间。”
11 Ein dag kom han dit og tok inn i loftstova og lagde seg der.
一日,以利沙来到那里,就进了那楼躺卧。
12 Han sagde til Gehazi, drengen sin: «Ropa på Sunems-kona!» Han so gjorde, og ho kom upp.
以利沙吩咐仆人基哈西说:“你叫这书念妇人来。”他就把妇人叫了来,妇人站在以利沙面前。
13 Han hadde sagt til honom: «Seg med henne: «Du hev no havt all denne umsuti for oss; kva kann då me gjera for deg? Hev du nokor sak eg kann tala for kongen eller herføraren?»» «Nei, » svara ho, «eg bur midt millom folket mitt eige.»
以利沙吩咐仆人说:“你对她说:你既为我们费了许多心思,可以为你做什么呢?你向王或元帅有所求的没有?”她回答说:“我在我本乡安居无事。”
14 «Kva kann me gjera for henne?» spurde Elisa. «Å jau, » svara Gehazi, «ho hev ingen son, og mannen hennar er gamall.»
以利沙对仆人说:“究竟当为她做什么呢?”基哈西说:“她没有儿子,她丈夫也老了。”
15 «Ropa på henne!» sagde han. Han so gjorde, og ho kom i døri.
以利沙说:“再叫她来。”于是叫了她来,她就站在门口。
16 Då sagde Elisa: «Næste år dette bil skal du hava ein son på fanget.» Ho svara: «Å nei, gode herre og gudsmann! du må ikkje ljuga for tenestkvinna di.»
以利沙说:“明年到这时候,你必抱一个儿子。”她说:“神人,我主啊,不要那样欺哄婢女。”
17 Men kona vart med barn, og åtte ein son på nyåret nett det bilet som Elisa hadde sagt med henne.
妇人果然怀孕,到了那时候,生了一个儿子,正如以利沙所说的。
18 Då guten vart større, hadde han ein dag gjenge ut til far sin millom skurdfolket.
孩子渐渐长大,一日到他父亲和收割的人那里,
19 Der tok han til å klaga seg for far sin: «Hovudet mitt! Hovudet mitt!» «Ber honom til mori!» sagde faren til drengen sin.
他对父亲说:“我的头啊,我的头啊!”他父亲对仆人说:“把他抱到他母亲那里。”
20 Han tok og bar honom heim til mori. Han sat på fanget hennar til middagsleite; då slokna han.
仆人抱去,交给他母亲;孩子坐在母亲的膝上,到晌午就死了。
21 Ho gjekk upp og lagde honom på sengi åt gudsmannen, stengde att og gjekk.
他母亲抱他上了楼,将他放在神人的床上,关上门出来,
22 So ropa ho på mannen sin: «Send ein av drengjerne med ei av asnorne, » sagde ho, «so vil eg snøggast fara åt gudsmannen og straks koma heim att.»
呼叫她丈夫说:“你叫一个仆人给我牵一匹驴来,我要快快地去见神人,就回来。”
23 «Kvifor vil du fara åt honom i dag?» spurde han; «det er korkje nymåne eller kviledag.» «Det er det same, » svara ho.
丈夫说:“今日不是月朔,也不是安息日,你为何要去见他呢?”妇人说:“平安无事。”
24 So sala ho asna og baud drengen sin: «Driv på i eino! Heft meg ikkje burt på vegen! eg skal segja til når eg vil stana.»
于是备上驴,对仆人说:“你快快赶着走,我若不吩咐你,就不要迟慢。”
25 So gav ho seg i veg og kom til gudsmannen på Karmelfjellet. Då gudsmannen gådde henne eit stykke burte, sagde han med Gehazi, drengen sin: «Sjå der kjem Sunems-kona!
妇人就往迦密山去见神人。 神人远远地看见她,对仆人基哈西说:“看哪,书念的妇人来了!
26 Spring til møtes med henne og spør henne: «Stend det vel til med deg? Stend det vel til med mannen din? Stend det vel til med vesleguten?»» Ho svara: «Ja, det gjer det.»
你跑去迎接她,问她说:你平安吗?你丈夫平安吗?孩子平安吗?”她说:“平安。”
27 Men då ho kom upp på fjellet til gudsmannen, tok ho um føterne hans. Gehazi for fram og vilde skuva henne burt. Men gudsmannen sagde: «Lat henne vera! Ho hev ei stor sorg. Herren hev løynt for meg kva det er, og ikkje kunngjort meg det.»
妇人上了山,到神人那里,就抱住神人的脚。基哈西前来要推开她,神人说:“由她吧!因为她心里愁苦,耶和华向我隐瞒,没有指示我。”
28 Då sagde ho: «Var det eg som bad deg, herre, um ein son? Bad eg deg ikkje di meir, at du ikkje skulde ljuga for meg?»
妇人说:“我何尝向我主求过儿子呢?我岂没有说过,不要欺哄我吗?”
29 Han baud då Gehazi: «Gjer deg reidug, tak staven min i handi, og gakk av stad. Um einkvan møter deg, so helsa ikkje på honom! um einkvan helsar på deg, so svara honom ikkje! Og legg so staven på andlitet til vesleguten!»
以利沙吩咐基哈西说:“你束上腰,手拿我的杖前去;若遇见人,不要向他问安;人若向你问安,也不要回答;要把我的杖放在孩子脸上。”
30 Men mori heldt fram: «So sant Herren liver, og so sant du liver, eg slepper deg ikkje!» So stod han upp og fylgde henne.
孩子的母亲说:“我指着永生的耶和华,又敢在你面前起誓,我必不离开你。”于是以利沙起身,随着她去了。
31 Gehazi hadde fare i fyrevegen og hadde lagt staven på andlitet til vesleguten; men ingen ljod, inkje teikn til liv! Gjekk han då attende til møtes med Elisa, og fortalde at guten vakna ikkje.
基哈西先去,把杖放在孩子脸上,却没有声音,也没有动静。基哈西就迎着以利沙回来,告诉他说:“孩子还没有醒过来。”
32 Då Elisa kom inn i huset, fekk han sjå guten låg lik på sengi hans.
以利沙来到,进了屋子,看见孩子死了,放在自己的床上。
33 Han gjekk inn, stengde døri og bad til Herren.
他就关上门,只有自己和孩子在里面,他便祈祷耶和华,
34 So steig han upp og lagde seg yver guten, med sin munn mot hans munn, med sine augo mot hans augo, og med sine hender mot hans hender. Med han soleis bøygde seg yver honom, vart gutekroppen varm.
上床伏在孩子身上,口对口,眼对眼,手对手;既伏在孩子身上,孩子的身体就渐渐温和了。
35 So gjekk han endå ein gong att og fram yver golvet, og då han so steig upp og bøygde seg yver honom, so naus guten sju gonger, og slo upp augo.
然后他下来,在屋里来往走了一趟,又上去伏在孩子身上,孩子打了七个喷嚏,就睁开眼睛了。
36 Han ropa på Gehazi: «Ropa på Sunems-kona!» sagde han. Han so gjorde. Ho kom upp. «Der skal du få guten din, » sagde han.
以利沙叫基哈西说:“你叫这书念妇人来”;于是叫了她来。以利沙说:“将你儿子抱起来。”
37 Ho gjekk inn, fall ned for føterne hans og lagde seg å gruve på golvet, tok so guten sin og gjekk.
妇人就进来,在以利沙脚前俯伏于地,抱起她儿子出去了。
38 Elisa kom att til Gilgal medan det var svolt i landet. Med han sit der millom profetsveinarne, segjer han med drengen sin: «Set den store gryta, og koka velling åt profetsveinarne!»
以利沙又来到吉甲,那地正有饥荒。先知门徒坐在他面前,他吩咐仆人说:“你将大锅放在火上,给先知门徒熬汤。”
39 Ein av deim gjekk då ut på marki og sanka urter. Han fann ein vild-vindel og sanka av honom ville agurkar, kappa full. Då han kom inn, skar han deim upp i småskivor uppi gryta, han visste ikkje betre.
有一个人去到田野掐菜,遇见一棵野瓜藤,就摘了一兜野瓜回来,切了搁在熬汤的锅中,因为他们不知道是什么东西;
40 So auste dei upp åt kararne, so dei fekk eta. Men då dei tok til og åt av vellingen, skreik dei upp og ropa: «Dauden er i gryta, du gudsmann!» Og dei kunde ikkje eta.
倒出来给众人吃,吃的时候,都喊叫说:“神人哪,锅中有致死的毒物!”所以众人不能吃了。
41 «Kom med mjøl!» sagde han, og då han hadde havt det upp i gryta, baud han deim: «Aus upp åt folket, so dei fær eta!» Og då var det ikkje vondt i gryta.
以利沙说:“拿点面来”,就把面撒在锅中,说:“倒出来,给众人吃吧!”锅中就没有毒了。
42 Det kom ein mann frå Ba’al-Salisa med fyrstegrøda åt gudsmannen; tjuge byggbrød og nyhausta korn hadde han i posen sin. «Gjev folki å eta!» sagde han.
有一个人从巴力·沙利沙来,带着初熟大麦做的饼二十个,并新穗子,装在口袋里送给神人。神人说:“把这些给众人吃。”
43 «Kor kann eg setja fram dette åt hundrad mann?» spurde tenaren. «Gjev folki å eta!» svara han; «Herren segjer: «Dei skal eta og endå leiva.»»
仆人说:“这一点岂可摆给一百人吃呢?”以利沙说:“你只管给众人吃吧!因为耶和华如此说,众人必吃了,还剩下。”
44 Og han sette det fram for deim, og dei åt, og dei leivde endå noko, so som Herren hadde sagt.
仆人就摆在众人面前,他们吃了,果然还剩下,正如耶和华所说的。

< 2 Kongebok 4 >