< Leviticus 7 >

1 Haec quoque lex hostiae pro delicto, Sancta sanctorum est:
So er lovi um skuldofferet: Det er høgheilagt.
2 idcirco ubi immolabitur holocaustum, mactabitur et victima pro delicto: sanguis eius per gyrum altaris fundetur.
På same staden som dei slagtar brennofferet, skal dei slagta skuldofferet. Blodet skal dei skvetta rundt ikring på altaret,
3 Offerent ex ea caudam et adipem qui operit vitalia:
og alt feittet skal dei bera fram for Herren, både spælen og netja,
4 Duos renunculos, et pinguedinem quae iuxta ilia est, reticulumque iecoris cum renunculis.
og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal skjerast utor i hop med nyro -
5 et adolebit ea sacerdos super altare: incensum est Domini pro delicto.
og presten skal brenna det på altaret til ein offerrett for Herren; då er det eit rett skuldoffer.
6 Omnis masculus de sacerdotali genere, in loco sancto vescetur his carnibus, quia Sanctum sanctorum est.
Alle menner som er prestar, må eta av det; på ein heilag stad skal det etast; det er høgheilagt.
7 Sicut pro peccato offertur hostia, ita et pro delicto: utriusque hostiae lex una erit: ad sacerdotem, qui eam obtulerit, pertinebit.
Med skuldofferet er det like eins som med syndofferet - det gjeld same lovi for båe; den presten som gjer soning med det, han skal hava det.
8 Sacerdos qui offert holocausti victimam, habebit pellem eius.
Når ein prest ofrar brennoffer for ein mann, so skal den same presten hava hudi av offerdyret som han hev bore fram.
9 Et omne sacrificium similae, quod coquitur in clibano, et quidquid in craticula, vel in sartagine praeparatur, eius erit sacerdotis a quo offertur:
Og alle grjonoffer som vert baka i omn og alle som er tillaga i panna eller på takka, deim skal den presten hava som ber deim fram.
10 sive oleo conspersa, sive arida fuerint, cunctis filiis Aaron mensura aequa per singulos dividentur.
Men alle andre grjonoffer, anten dei er blanda med olje eller turre, skal høyra alle Arons-sønerne til, den eine som den andre.
11 Haec est lex hostiae pacificorum quae offertur Domino.
So er den lovi som gjeld når nokon kjem til Herren med eit takkoffer:
12 Si pro gratiarum actione oblatio fuerit, offerent panes absque fermento conspersos oleo, et lagana azyma uncta oleo, coctamque similam, et collyridas olei admistione conspersas:
Er det til Guds lov og pris han ofrar det, so skal han attåt slagtofferet bera fram hellekakor med olje i, og tunnbrødleivar som er smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knoda til kakor.
13 panes quoque fermentatos cum hostia gratiarum, quae immolatur pro pacificis:
Det er dei offergåvorne han skal bera fram attåt lov- og takkofferdyret, og umfram det skal han hava med seg syrte kakor.
14 ex quibus unus pro primitiis offeretur Domino, et erit sacerdotis qui fundet hostiae sanguinem.
Av offergåvorne skal han gjeva ei av kvart slag i reida åt Herren; det skal presten hava, han som skvetter blodet av takkofferet på altaret.
15 cuius carnes eadem comedentur die, nec remanebit ex eis quidquam usque mane.
Kjøtet av lov- og takkofferet lyt etast same dagen som det vert frambore; ingen må gøyma noko av det til morgons.
16 Si voto, vel sponte quispiam obtulerit hostiam, eadem similiter edetur die: sed et si quid in crastinum remanserit, vesci licitum est:
Er det eit slagtoffer som ein hev lova eller gjev i godvilje, so skal det helst etast same dagen som han ber fram offeret sitt. Vert det noko att, so kann det etast dagen etter.
17 quidquid autem tertius invenerit dies, ignis absumet.
Men det som er att av offerkjøtet tridje dagen, skal brennast upp i elden.
18 si quis de carnibus victimae pacificorum die tertio comederit, irrita fiet oblatio, nec proderit offerenti: quin potius quaecumque anima tali se edulio contaminaverit, praevaricationis rea erit.
Dersom nokon et av takkofferkjøtet tridje dagen, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og det vert ikkje rekna den til gode som bar det fram; det skal haldast for utskjemt og ureint, og den som et av det, gjer ei misgjerning som han kjem til å lida for.
19 Caro, quae aliquod tetigerit immundum, non comedetur, sed comburetur igni: qui fuerit mundus, vescetur ex ea.
Kjøt som hev vore innåt noko ureint, må heller ikkje etast; det skal brennast upp i elden. Elles kann alle som er reine eta av kjøtet.
20 Anima polluta quae ederit de carnibus hostiae pacificorum, quae oblata est Domino, peribit de populis suis.
Men den som et kjøt av Herrens takkoffer medan det er noko ureint på honom, han skal rydjast ut or ætti si.
21 Et quae tetigerit immunditiam hominis, vel iumenti, sive omnis rei, quae polluere potest, et comederit de huiuscemodi carnibus, interibit de populis suis.
Og når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er slik ureinska som kann vera på folk, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og ufyse, og han so et av takkofferkjøtet åt Herren, so skal den mannen rydjast ut or ætti si.»»
22 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
23 Loquere filiis Israel: Adipem ovis, et bovis, et caprae non comedetis.
«Tala til Israels-borni og seg: «De må aldri eta feitt, anten av ukse eller sau eller geit.
24 Adipem cadaveris morticini, et eius animalis, quod a bestia captum est, habebitis in varios usus.
Feittet av sjølvdaude dyr og av dyr som er rivne i hel, kann de nytta til ymse ting, men eta det må de ikkje.
25 Si quis adipem, qui offerri debet in incensum Domini, comederit, peribit de populo suo.
Er det nokon som et feittet av slikt bufe som dei tek til offer åt Herren, so skal den som gjer det rydjast ut or ætti si.
26 Sanguinem quoque omnis animalis non sumetis in cibo, tam de avibus quam de pecoribus.
Og ikkje i noko hus må de eta blod, anten av fugl eller fe.
27 Omnis anima, quae ederit sanguinem, peribit de populis suis.
Den som nokosinne et blod, han skal rydjast ut or ætti si.»»
28 Locutusque est Dominus ad Moysen, dicens:
Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
29 Loquere filiis Israel, dicens: Qui offert victimam pacificorum Domino, offerat simul et sacrificium, id est, libamenta eius.
«Tala til Israels-borni og seg: «Den som vil bera fram eit takkeslagtoffer åt Herren, han skal sjølv koma med det han vil gjeva Herren av offeret sitt.
30 tenebit manibus adipem hostiae, et pectusculum: cumque ambo oblata Domino consecraverit, tradet sacerdoti,
Med sine eigne hender skal han bera fram dei offerretterne som er etla åt Herren. Både bringestykket og feittet skal han bera fram, og bringestykket skal svingast att og fram for Herrens åsyn.
31 qui adolebit adipem super altare, pectusculum autem erit Aaron, et filiorum eius.
Og presten skal brenna feittet på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; men bringestykket skal Aron og sønerne hans hava.
32 armus quoque dexter de pacificorum hostiis cedet in primitias sacerdotis.
Og det høgre låret skal de gjeva presten i reida av takkofferi dykkar:
33 Qui obtulerit sanguinem et adipem, filiorum Aaron, ipse habebit et armum dextrum in portione sua.
den av Arons-sønerne som ber fram takkofferblodet og feittet, han skal hava det høgre låret for sin lut.
34 Pectusculum enim elevationis, et armum separationis tuli a filiis Israel de hostiis eorum pacificis, et dedi Aaron sacerdoti, et filiis eius lege perpetua, ab omni populo Israel.
For svingebringa og lyftelåret av takkeofferi frå Israels-folket tek eg imot av deim, og gjev det åt Aron, presten, og sønerne hans; det skal i all æva vera retten deira av Israels-folket.»»
35 Haec est unctio Aaron et filiorum eius in ceremoniis Domini die qua obtulit eos Moyses, ut sacerdotio fungerentur,
So var den luten Aron og sønerne hans fekk av Herrens offerretter den dagen dei vart kalla til å gjera prestetenesta for Herren;
36 et quae praecepit eis dari Dominus a filiis Israel religione perpetua in generationibus suis.
det var det Herren sagde at Israels-borni skulde gjeve deim den dagen dei vart salva, og det skulde vera retten deira ætt etter ætt i all æva.
37 Ista est lex holocausti, et sacrificii pro peccato atque delicto, et pro consecratione et pacificorum victimis:
Dette var lovi um brennofferet og um grjonofferet og um syndofferet og um skuldofferet og um vigsleofferet og um takkofferet,
38 quam constituit Dominus Moysi in monte Sinai, quando mandabit filiis Israel ut offerrent oblationes suas Domino in deserto Sinai.
den som Herren kunngjorde for Moses på Sinaifjellet, den gongen han gav Israels-folket det bodet at dei skulde bera fram offergåvorne sine for Herren i øydemarki kring Sinai.

< Leviticus 7 >