< Leviticus 10 >

1 Arreptisque Nadab, et Abiu filii Aaron thuribulis, posuerunt ignem, et incensum desuper, offerentes coram Domino ignem alienum: quod eis praeceptum non erat.
Men tvo av Arons-sønerne, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde gløder i, og lagde røykjelse på gløderne, og bar framand eld fram for Herrens åsyn, det som han hadde forbode deim.
2 Egressusque ignis a Domino, devoravit eos, et mortui sunt coram Domino.
Då for det eld ut frå Herren og tynte deim, og dei døydde for Herrens åsyn.
3 Dixitque Moyses ad Aaron: Hoc est quod locutus est Dominus: Sanctificabor in iis, qui appropinquant mihi, et in conspectu omnis populi glorificabor. Quod audiens tacuit Aaron.
Og Moses sagde med Aron: «Dette var det Herren meinte då han sagde: «Min heilagdom eg syner på deim som er meg næst, og alt folket let eg mitt velde lysa fram.»» Og Aron tagde.
4 Vocatis autem Moyses Misaele, et Elisaphan filiis Oziel, patrui Aaron, ait ad eos: Ite et tollite fratres vestros de conspectu Sanctuarii, et asportate extra castra.
Men Moses ropa på Misjael og Elsafan, sønerne hans Uzziel, som var farbror åt Aron, og sagde med deim: «Kom hit, og ber frendarne dykkar burt frå heilagdomen og ut or lægret!»
5 Confestimque pergentes, tulerunt eos sicut iacebant, vestitos lineis tunicis, et eiecerunt foras, ut sibi fuerat imperatum.
So kom dei, og gjorde som Moses sagde, og bar deim ut or lægret i kjolarne deira.
6 Locutusque est Moyses ad Aaron, et ad Eleazar, et Ithamar filios eius: Capita vestra nolite nudare, et vestimenta nolite scindere, ne forte moriamini, et super omnem coetum oriatur indignatio. Fratres vestri, et omnis domus Israel plangant incendium quod Dominus suscitavit:
Og Moses sagde til Aron og til Eleazar og Itamar, sønerne hans: «De skal ikkje ganga med uflitt hår og ikkje riva sund klædi dykkar; for då kjem de til å missa livet, og han vert vreid på heile lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætti, må gråta yver den elden som Herren sende.
7 vos autem non egrediemini fores tabernaculi, alioquin peribitis: oleum quippe sanctae unctionis est super vos. Qui fecerunt omnia iuxta praeceptum Moysi.
Og frå møtetjelddøri må de ikkje røyva dykk, so sant de ikkje vil missa livet; for Herrens salvingsolje er på dykk.» Og dei gjorde som Moses sagde.
8 Dixitque Dominus ad Aaron:
Og Herren tala til Aron, og sagde:
9 Vinum, et omne quod inebriare potest, non bibetis tu et filii tui, quando intrabitis in tabernaculum testimonii, ne moriamini: quia praeceptum sempiternum est in generationes vestras.
«Vin eller nokon sterk drykk må du og sønerne dine ikkje drikka, når de gjeng inn i møtetjeldet; for då kjem de til å missa livet. Det skal vera ei æveleg lov for deg og etterkomarane dine,
10 Et ut habeatis scientiam discernendi inter sanctum et profanum, inter pollutum et mundum:
so de kann skilja millom heilagt og vanheilagt og millom ureint og reint,
11 doceatisque filios Israel omnia legitima mea quae locutus est Dominus ad eos per manum Moysi.
og læra Israels-folket alle dei bodi som Herren hev late Moses kunngjera for deim».
12 Locutusque est Moyses ad Aaron, et ad Eleazar, et Ithamar filios eius, qui erant residui: Tollite sacrificium, quod remansit de oblatione Domini, et comedite illud absque fermento iuxta altare, quia Sanctum sanctorum est.
Sidan sagde Moses til Aron og til Eleazar og Itamar, deim av sønerne hans som var i live: «Tak det som er att av dei grjonofferi det hev bore fram for Herren, og et det usyrte frammed altaret; for det er høgheilagt.
13 Comedetis autem in loco sancto: quod datum est tibi et filiis tuis de oblationibus Domini, sicut praeceptum est mihi.
De skal eta det på ein heilag stad; det er det som du og sønerne dine hev rett til av offergåvorne åt Herren; for so hev Herren sagt med meg.
14 Pectusculum quoque quod oblatum est, et armum qui separatus est, edetis in loco mundissimo tu et filii tui, et filiae tuae tecum. tibi enim ac liberis tuis reposita sunt de hostiis salutaribus filiorum Israel:
Og svingebringa og lyftelåret skal de og eta på ein rein stad, du og sønerne og døtterne dine med deg; for det er den luten som er gjeven deg og borni dine av takkofferi frå Israels-folket.
15 eo quod armum et pectus, et adipes qui cremantur in altari, elevaverunt coram Domino, et pertineant ad te, et ad filios tuos lege perpetua, sicut praecepit Dominus.
Både lyftelåret og svingebringa skal dei bera fram i hop med offerfeittet, og svinga det att og fram for Herrens åsyn; sidan skal det høyra deg og borni dine til, og vera retten dykkar æveleg og alltid, soleis som Herren hev sagt.»
16 Inter haec, hircum, qui oblatus fuerat pro peccato, cum quaereret Moyses, exustum reperit: iratusque contra Eleazar et Ithamar filios Aaron, qui remanserant, ait:
Då Moses tok til å spyrja etter syndofferbukken, fekk han vita at han var uppbrend. Då vart han harm på Eleazar og Itamar, deim som var att av sønerne hans Aron, og han sagde:
17 Cur non comedistis hostiam pro peccato in loco sancto, quae Sancta sanctorum est, et data vobis ut portetis iniquitatem multitudinis, et rogetis pro ea in conspectu Domini,
«Kvi hev de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? De veit då det er høgheilagt, og han hev gjeve dykk det på den måten at de skal taka burt syndeskuldi frå lyden og gjera soning for deim hjå Herren.
18 praesertim cum de sanguine illius non sit illatum intra sancta, et comedere debueratis eam in Sanctuario, sicut praeceptum est mihi?
Blodet vart ikkje bore innar i heilagdomen; difor skulde de ha ete offerkjøtet på den heilage staden, som eg sagde dykk.»
19 Respondit Aaron: Oblata est hodie victima pro peccato, et holocaustum coram Domino: mihi autem accidit quod vides. quomodo potui comedere eam, aut placere Domino in ceremoniis mente lugubri?
Då svara Aron: «Du veit at dei i dag hev bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og endå hev slik ei ulukka hendt meg. Um eg no hadde ete syndoffer i dag, trur du då Herren hadde tykt vel um det?»
20 Quod cum audisset Moyses, recepit satisfactionem.
Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.

< Leviticus 10 >