< Leviticus 1 >

1 Vocavit autem Dominus Moysen et locutus est ei de tabernaculo testimonii, dicens:
Og Herren ropa på Moses, og tala til honom or møtetjeldet og sagde:
2 Loquere filiis Israel, et dices ad eos: Homo, qui obtulerit ex vobis hostiam Domino de pecoribus, id est, de bobus et ovibus offerens victimas,
«Tala til Israels-folket og seg til deim: «Når nokon av dykk vil koma til Herren med ei offergåva av buskapen, so kann han taka offeret sitt anten av storfeet eller av småfeet.
3 si holocaustum fuerit eius oblatio, ac de armento; masculum immaculatum offeret ad ostium tabernaculi testimonii, ad placandum sibi Dominum:
Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,
4 ponetque manus super caput hostiae, et acceptabilis erit, atque in expiationem eius proficiens.
og han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret; då skal gåva hans tekkjast Herren, so han fær nåde.
5 immolabitque vitulum coram Domino, et offerent filii Aaron sacerdotis sanguinem eius, fundentes per altaris circuitum, quod est ante ostium tabernaculi.
So skal han slagta uksen for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal bera fram blodet, og skvetta det rundt ikring på altaret som stend framanfor døri åt møtetjeldet.
6 detractaque pelle hostiae, artus in frusta concident,
Og so skal han flå offerdyret og lema det sund;
7 et subiicient in altari ignem, strue lignorum ante composita:
og sønerne åt Aron, øvstepresten, skal kveikja upp eld på altaret, og leggja ved på elden.
8 et membra quae sunt caesa, desuper ordinantes, caput videlicet, et cuncta quae adhaerent iecori,
Sidan skal Arons-sønerne, prestarne, leggja kjøtet og hovudet og feittet uppå veden som er lagd på altarelden.
9 intestinis et pedibus lotis aqua: adolebitque ea sacerdos super altare in holocaustum et suavem odorem Domino.
Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.
10 Quod si de pecoribus oblatio est, de ovibus sive de capris holocaustum agnum anniculum, et absque macula offeret:
Tek han brennofferet sitt av småfeet, av sauerne eller geiterne, so skal det vera ein lytelaus ver eller bukk.
11 immolabitque ad latus altaris, quod respicit ad Aquilonem, coram Domino: sanguinem vero illius fundent super altare filii Aaron per circuitum:
Den skal han slagta på nordsida åt altaret, for Herrens åsyn, og Arons-sønerne, prestarne, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.
12 dividentque membra, caput, et omnia quae adhaerent iecori: et ponent super ligna, quibus subiiciendus est ignis:
So skal han luta upp offerdyret, og lata hovudet og feittet fylgja med, og presten skal leggja luterne uppå veden som er lagd på altarelden.
13 intestina vero et pedes lavabunt aqua. Et oblata omnia adolebit sacerdos super altare in holocaustum et odorem suavissimum Domino.
Innvolen og føterne skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det er eit brennoffer åt Herren, ein offerret som gjev god ange.
14 Si autem de avibus, holocausti oblatio fuerit Domino, de turturibus, aut pullis columbae,
Er det fugl han vil taka til brennoffer åt Herren, so skal offergåva han kjem med, vera ei turtelduva eller ein duveunge.
15 offeret eam sacerdos ad altare: et retorto ad collum capite, ac rupto vulneris loco, decurrere faciet sanguinem super crepidinem altaris:
Presten skal bera fuglen fram åt altaret, og vrida hovudet av honom, og brenna det på altaret; og blodet skal kreistast ut mot altarveggen.
16 vesiculam vero gutturis, et plumas proiiciet prope altare ad orientalem plagam, in loco in quo cineres effundi solent,
So skal han taka ut krelen med goret som er i, og kasta det attmed altaret, på austsida, der oska er,
17 confringetque ascellas eius, et non secabit, neque ferro dividet eam, et adolebit super altare, lignis igne supposito. Holocaustum est et oblatio suavissimi odoris Domino.
og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.

< Leviticus 1 >