< Genesis 9 >

1 Benedixitque Deus Noe et filiis eius. Et dixit ad eos: Crescite, et multiplicamini, et replete terram.
Og Gud velsigna Noah og sønerne hans og sagde til deim: «De skal veksa og aukast og fylla jordi.
2 Et terror vester ac tremor sit super cuncta animalia terrae, et super omnes volucres caeli, cum universis quae moventur super terram: omnes pisces maris manui vestrae traditi sunt.
Age og otte skal dei bera for dykk alle dyri på jordi og alle fuglarne under himmelen, alt som krelar på marki og alle fiskarne i havet: i dykkar hender er dei gjevne.
3 Et omne, quod movetur et vivit, erit vobis in cibum: quasi olera virentia tradidi vobis omnia.
Alt som røyver seg og liver, for dykk skal det vera til føda. Som eg gav dykk dei grøne urterne, so gjev eg dykk alt dette.
4 Excepto, quod carnem cum sanguine non comedetis.
Men kjøt med liv, med blodet i, det må de ikkje eta!
5 Sanguinem enim animarum vestrarum requiram de manu cunctarum bestiarum: et de manu hominis, de manu viri, et de manu fratris eius requiram animam hominis.
Og berre dykkar eige blod vil eg hemna: eg vil krevja det att av kvart dyr, og av menneskjet og; kvar manns liv vil eg krevja att av hans bror.
6 Quicumque effuderit humanum sanguinem, fundetur sanguis illius: ad imaginem quippe Dei factus est homo.
Den som tek manns blod, hans blod skal menner taka; for i Guds likning skapte han mannen.
7 Vos autem crescite et multiplicamini, et ingredimini super terram, et implete eam.
Men de skal veksa og aukast; de skal yrja på jordi og auka dykk på henne.»
8 Haec quoque dixit Deus ad Noe, et ad filios eius cum eo:
Og Gud sagde til Noah og sønerne hans, som var med honom:
9 Ecce ego statuam pactum meum vobiscum, et cum semine vestro post vos:
«Sjå, eg vil gjera ei pakt med dykk og med etterkomarane dykkar,
10 et ad omnem animam viventem, quae est vobiscum, tam in volucribus quam in iumentis et pecudibus terrae cunctis, quae egressa sunt de arca, et universis bestiis terrae.
og med kvart eit livande liv som hjå dykk er, både fuglar og fe og alle dei ville dyr som er hjå dykk, alle som gjekk ut or arki, alt som liver på jordi:
11 Statuam pactum meum vobiscum, et nequaquam ultra interficietur omnis caro aquis diluvii, neque erit deinceps diluvium dissipans terram.
Ei pakt vil eg gjera med dykk, og aldri meir skal alt livande tynast i flaumen, og aldri meir skal det koma ei flod som legg jordi i øyde.»
12 Dixitque Deus: Hoc signum foederis quod do inter me et vos, et ad omnem animam viventem, quae est vobiscum in generationes sempiternas:
Og Gud sagde: «Dette er merket på pakti eg set millom meg og dykk og kvart livande liv som hjå dykk er, til æveleg tid:
13 Arcum meum ponam in nubibus, et erit signum foederis inter me, et inter terram.
Bogen min set eg i skyi: han skal vera eit merke på pakti millom meg og jordi.
14 Cumque obduxero nubibus caelum, apparebit arcus meus in nubibus:
Og so tidt eg let skyer skyggja yver jordi, og bogen ter seg i skyi,
15 et recordabor foederis mei vobiscum, et cum omni anima vivente quae carnem vegetat: et non erunt ultra aquae diluvii ad delendum universam carnem.
då skal eg koma i hug den pakti som er millom meg og dykk og kvart livande liv av alt kjøt, og vatnet skal aldri meir verta ei flod som tyner alt kjøt.
16 Eritque arcus meus in nubibus, et videbo illum, et recordabor foederis sempiterni quod pactum est inter Deum et omnem animam viventem universae carnis quae est super terram.
So skal bogen standa i skyi, og eg sjå honom og minnast ævordomspakti millom Gud og kvart livande liv av alt kjøt som til er på jordi.
17 Dixitque Deus ad Noe: Hoc est signum foederis, quod constitui inter me et omnem carnem super terram.
Dette, » sagde Gud til Noah, «er merket på den pakt eg hev sett millom meg og alt kjøt som til er på jordi.»
18 Erant ergo filii Noe, qui egressi sunt de arca, Sem, Cham, et Iapheth: porro Cham ipse est pater Chanaan.
Og Noahs-sønerne, som gjekk ut or arki, det var Sem og Kham og Jafet. Og Kham var far åt Kana’an.
19 Tres isti filii sunt Noe: et ab his disseminatum est omne genus hominum super universam terram.
Desse tri var sønerne hans Noah, og frå deim hev alle folk på jordi greina seg ut.
20 Coepitque Noe vir agricola exercere terram, et plantavit vineam.
Og Noah var jorddyrkar, og han var den fyrste som gjorde ein vinhage.
21 Bibensque vinum inebriatus est, et nudatus in tabernaculo suo.
Og han drakk av vinen, og vart drukken, og so klædde han seg naken midt inni tjeldbudi.
22 Quod cum vidisset Cham pater Chanaan, verenda scilicet patris sui nudata, nunciavit duobus fratribus suis foras.
Og då Kham, far åt Kana’an, såg far sin liggja naken, gjekk han ut og sagde det med båe brørne sine.
23 At vero Sem et Iapheth pallium imposuerunt humeris suis, et incedentes retrorsum, operuerunt verenda patris sui: faciesque eorum aversae erant, et patris virilia non viderunt.
Då tok Sem og Jafet ei kåpa og lagde på herdarne sine, og gjekk inn baklengs, og breidde kåpa yver far sin; og dei vende augo burt, so dei såg ikkje blygsli åt far sin.
24 Evigilans autem Noe ex vino, cum didicisset quae fecerat ei filius suus minor,
Då so Noah vakna av ruset, fekk han vita kva den yngste sonen hans hadde gjort imot honom.
25 ait: Maledictus Chanaan, servus servorum erit fratribus suis.
Då sagde han: «Forbanna skal Kana’an vera! Den lågaste av alle trælar skal han vera for sine brøder.»
26 Dixitque: Benedictus Dominus Deus Sem, sit Chanaan servus eius.
So sagde han: «Lova vere Herren, Sems Gud, og Kana’an vera hans træl!
27 Dilatet Deus Iapheth, et habitet in tabernaculis Sem, sitque Chanaan servus eius.
Gud gjere det romt for Jafet! Under tjeldi hans Sem skal han bu, og Kana’an vere hans træl.»
28 Vixit autem Noe post diluvium trecentis quinquaginta annis.
Etter storflodi livde Noah endå tri hundrad og femti år.
29 Et impleti sunt omnes dies eius nongentorum quinquaginta annorum: et mortuus est.
Og alle dagarne hans Noah vart ni hundrad og femti år. So døydde han.

< Genesis 9 >