< Ecclesiastes 5 >

1 Thou that entrist in to the hous of God, kepe thi foot, and neiye thou for to here; for whi myche betere is obedience than the sacrifices of foolis, that witen not what yuel thei don.
Agta foten din når du gjeng til Guds hus! Det er betre at ein held seg nær og høyrer enn at dårar ber fram slagtoffer; for dei gjer vondt av di dei ikkje veit.
2 Speke thou not ony thing folily, nether thin herte be swift to brynge forth a word bifore God; for God is in heuene, and thou art on erthe, therfor thi wordis be fewe.
Ver ikkje bråfus med munnen din, og lat ikkje hjarta forhasta seg med å bera fram noko ord for Gud! For Gud er i himmelen og du på jordi, lat difor ordi dine vera få!
3 Dremes suen many bisynessis, and foli schal be foundun in many wordis.
For draumar kjem av mykje mas, og dåresvall av mange ord.
4 If thou hast avowid ony thing to God, tarie thou not to yelde; for an vnfeithful and fonned biheest displesith hym; but `yelde thou what euer thing thou hast avowid;
Lovar du Gud noko, so dryg ikkje med å halda det, for han likar ikkje dårar. Haldt det du lovar!
5 and it is myche betere to make not a vowe, than aftir a vowe to yelde not biheestis.
Det er betre at du inkje lovar enn at du lovar og ikkje held det.
6 Yyue thou not thi mouth, that thou make thi fleisch to do synne; nether seie thou bifor an aungel, No puruyaunce is; lest perauenture the Lord be wrooth on thi wordis, and distruye alle the werkis of thin hondis.
Lat ikkje munnen føra skuld yver kroppen, og seg ikkje til sendebodet: «Eg forrende meg!» Kvifor skal Gud harmast på det du segjer og tyna det som henderne dine gjer.
7 Where ben many dremes, ben ful many vanytees, and wordis with out noumbre; but drede thou God.
For med mange draumar fylgjer mykje fåfengd, og like eins med mange ord. Nei, du skal ottast Gud.
8 If thou seest false chalengis of nedi men, and violent domes, and that riytfulnesse is distried in the prouynce, wondre thou not on this doyng; for another is hiyere than an hiy man, and also othere men ben more hiye aboue these men;
Um du ser at fatigmannen ligg under trykk, og at dei ranar rett og rettferd i landet, so undrast ikkje på den ting! For den eine høgsette lurer på den andre, og dei hev høgsette yver seg.
9 and ferthermore the kyng of al erthe comaundith to the seruaunt.
Det er i alle høve ein fyremun for eit land: Ein konge som fremjar jordbruk.
10 An auerouse man schal not be fillid of monei; and he that loueth richessis schal not take fruytis of tho; and therfor this is vanyte.
Den som elskar pengar, vert ikkje mett av pengar, og den som elskar rikdom, fær ingi vinning. Det er fåfengd det og.
11 Where ben many richessis, also many men ben, that eten tho; and what profitith it to the haldere, no but that he seeth richessis with hise iyen?
Di meir gods, di fleire til å tæra på det. Kva gagn hev eigaren av det anna enn augnesyn?
12 Slepe is swete to hym that worchith, whether he etith litil ether myche; but the fulnesse of a ryche man suffrith not hym to slepe.
Søt er svevnen for arbeidsmannen, anten han et lite eller mykje; men rikmannen fær ikkje sova for mette.
13 Also anothir sijknesse is ful yuel, which Y siy vndur the sunne; richessis ben kept in to the yuel of her lord.
Det finst noko syrgjeleg leidt som eg hev set under soli: Rikdom som eigaren hev spart upp til si eigi ulukka.
14 For thei perischen in the worste turment; he gendride a sone, that schal be in souereyn nedynesse.
Misser han denne rikdomen i eit uhende, og han hev fenge ein son, so eig han ingen ting.
15 As he yede nakid out of his modris wombe, so he schal turne ayen; and he schal take awei with hym no thing of his trauel.
Slik som han kom ut or morslivet, skal han ganga burt att, so naken som han kom, og for strævet sitt fær han ingen ting som han kunde taka med seg.
16 Outirli it is a wretchid sijknesse; as he cam, so he schal turne ayen. What therfor profitith it to hym, that he trauelide in to the wynde?
Det og er syrgjeleg leidt: Just slik som han kom, skal han ganga burt; kva vinning hev han då av det at han strævar burt i vind og vær?
17 In alle the daies of his lijf he eet in derknessis, and in many bisinessis, and in nedynesse, and sorewe.
Attpå tærer han sitt heile sitt liv i myrker, og stor harm lyt han dragast med, og so hans sjukdom og sinne!
18 Therfor this semyde good to me, that a man ete, and drynke, and vse gladnesse of his trauel, in which he trauelide vndir the sunne, in the noumbre of daies of his lijf, which God yaf to hym; and this is his part.
Høyr no kva eg hev funne godt og fagert: At ein et og drikk og nyt det som godt er i all den møda som han mødest med under soli alle dei livedagar som Gud gjev honom; for det er hans lut.
19 And to ech man, to whom God yaf richessis, and catel, and yaf power to hym to ete of tho, and to vse his part, and to be glad of his trauel; this is the yifte of God.
Og so tidt Gud gjev ein mann rikdom og skattar og attpå gjer honom før til å njota godt av det og taka sin lut og gleda seg i møda si, so er det ei gåva frå Gud.
20 For he schal not bithenke miche on the daies of his lijf, for God ocupieth his herte with delicis.
For då tenkjer han ikkje so mykje på livedagarne sine, av di Gud gjev honom nok å gjera med hjartegleda hans.

< Ecclesiastes 5 >