< Misir'Dan Çikiş 11 >

1 RAB Musa'ya, “Firavunun ve Mısır'ın başına bir bela daha getireceğim” dedi, “O zaman gitmenize izin verecek, sizi buradan adeta kovacak.
Då sagde Herren til Moses: «Endå ei ulukke vil eg føra yver Farao og egyptarane, so skal han sleppa dykk av; han skal ikkje berre gjeva dykk lov til å fara, men beint fram driva dykk ut.
2 Halkına söyle, kadın erkek herkes komşusundan altın, gümüş eşya istesin.”
Seg no du med folket at kvar mann skal beda grannen sin, og kvar kona grannekona si, um sylv og gull!»
3 RAB İsrail halkının Mısırlılar'ın gözünde lütuf bulmasını sağladı. Musa da Mısır'da, firavunun görevlilerinin ve halkın gözünde çok büyüdü.
Og Herren gjorde det so at egyptarane fekk godvilje for Israels-folket; og so var og Moses ein ovstor mann i Egyptarlandet, både for kongsmennerne og for hitt folket.
4 Musa firavuna şöyle dedi: “RAB diyor ki, ‘Gece yarısı Mısır'ı boydan boya geçeceğim.
Og Moses sagde: «So segjer Herren: «Når det lid til midnatt, vil eg fara midt igjenom Egyptarland.
5 Tahtında oturan firavunun ilk çocuğundan, değirmendeki kadın kölenin ilk çocuğuna kadar, hayvanlar dahil Mısır'daki bütün ilk doğanlar ölecek.
Då skal det døy, alt som frumbore er i Egyptarlandet, frå den frumborne sonen åt Farao, som sit i høgsetet sitt, til den frumborne sonen åt trælkjerringi, som sit og dreg handkverni, og alle frumsungarne i buskapen.
6 Bütün Mısır'da benzeri ne görülmüş, ne de görülecek büyük bir feryat kopacak.
Og frå heile Egyptarland skal det stiga eit øgjeleg skrik, so ingen skal hava høyrt slikt illskrik anten fyrr eller sidan.
7 İsrailliler'e ya da hayvanlarına bir köpek bile havlamayacak.’ O zaman RAB'bin İsrailliler'le Mısırlılar'a nasıl farklı davrandığını anlayacaksınız.
Men ikkje ein hund skal gøy på nokon i Israel, korkje på folk eller fe. Då skal de verta vare at Herren gjer skil på egyptarane og Israel.»
8 Bu görevlilerinin hepsi gelip önümde eğilecek, ‘Sen ve seni izleyenler, gidin!’ diyecekler. Ondan sonra gideceğim.” Musa firavunun yanından büyük bir öfkeyle ayrıldı.
Og alle desse mennerne dine skal koma til meg, og kasta seg ned for meg og segja: «Far herifrå, både du og heile det folket som fylgjer deg!» Og so skal eg fara.» Og han gjekk burt frå Farao i brennande harm.
9 RAB Musa'ya, “Mısır'da şaşılası işlerim çoğalsın diye firavun sizi dinlemeyecek” demişti.
Då Herren sagde til Moses: «Farao skal ikkje høyra på dykk, so eg kann få gjort mange under i Egyptarlandet, »
10 Musa'yla Harun firavunun önünde bütün bu şaşılası işleri yaptılar. Ama RAB firavunu inatçı yaptı. Firavun İsrailliler'i ülkesinden salıvermedi.
so gjorde Moses og Aron alle desse underi for augo åt Farao; men Herren hadde lagt so strid ein hug i Farao, og han slepte ikkje Israels-folket or landet sitt.

< Misir'Dan Çikiş 11 >