< Jeremías 18 >

1 LA palabra que fué á Jeremías de Jehová, diciendo:
Det ordet som kom til Jeremia frå Herren; han sagde:
2 Levántate, y vete á casa del alfarero, y allí te haré oir mis palabras.
Statt upp og gakk ned til krusmakar-huset, og der skal eg lata deg høyra ordi mine.
3 Y descendí á casa del alfarero, y he aquí que él hacía obra sobre la rueda.
Eg gjekk då ned til huset åt krusmakaren, og sjå, han gjorde arbeidet sitt på svarveskiva.
4 Y el vaso que él hacía de barro se quebró en la mano del alfarero; y tornó é hízolo otro vaso, según que al alfarero pareció mejor hacerlo.
Vart det då ubrukande, kjeraldet som krusmakaren heldt på å gjera, so som det kann verta med leiret i handi på krusmakaren, so gjorde han det um att til eit anna kjerald, soleis som krusmakeren tykte det høvelegt.
5 Entonces fué á mí palabra de Jehová, diciendo:
Då kom Herrens ord til meg; han sagde:
6 ¿No podré yo hacer de vosotros como este alfarero, oh casa de Israel, dice Jehová? He aquí que como el barro en la mano del alfarero, así sois vosotros en mi mano, oh casa de Israel.
Skulde eg ikkje kunna gjera med dykk, Israels hus, likeins som denne krusmakaren? segjer Herren. Sjå, likeins som leiret er i krusmakar-handi, so er de i mi hand, Israels hus.
7 En un instante hablaré contra gentes y contra reinos, para arrancar, y disipar, y destruir.
Stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil ryskja upp og riva ned og leggja i øyde;
8 Empero si esas gentes se convirtieren de su maldad, de que habré hablado, yo me arrepentiré del mal que había pensado hacerles.
men um det folket som eg tala um, vender um frå sin vondskap, då angrar eg det vonde som eg hadde tenkt å gjera det.
9 Y en un instante hablaré de la gente y del reino, para edificar y para plantar;
Men stundom talar eg um eit folk og um eit rike, at eg vil byggja og planta.
10 Pero si hiciere lo malo delante de mis ojos, no oyendo mi voz, arrepentiréme del bien que había determinado hacerle.
So gjer dei kann henda det som vondt er i mine augo, og høyrer ikkje på mi røyst: då angrar eg det gode som eg hadde sagt eg vilde gjera vel imot deim med.
11 Ahora pues habla luego á todo hombre de Judá, y á los moradores de Jerusalem, diciendo: Así ha dicho Jehová: He aquí que yo dispongo mal contra vosotros, y trazo contra vosotros designios: conviértase ahora cada uno de su mal camino, y mejorad vuestros caminos y vuestras obras.
Seg no då dette til Juda-mennerne og Jerusalems-buarne: So segjer Herren: Sjå, eg emnar på ei ulukka åt dykk og tenkjer ut meinråder mot dykk. Vend då um, kvar og ein frå sin vonde veg, og retta på vegarne dykkar og verki dykkar!
12 Y dijeron: Es por demás: porque en pos de nuestras imaginaciones hemos de ir, y hemos de hacer cada uno el pensamiento de su malvado corazón.
Men dei segjer: «Fåfengt! for me vil fylgja våre eigne tankar, og kvar og ein vil gjera etter sitt harde vonde hjarta.»
13 Por tanto, así dijo Jehová: Preguntad ahora á las gentes, quién tal haya oído. Gran fealdad ha hecho la virgen de Israel.
Difor, so segjer Herren: Spør millom heidningfolki um nokon hev høyrt slikt. Ovleg grysjelege ting hev møyi Israel gjort.
14 ¿Faltará la nieve del Líbano de la piedra del campo? ¿faltarán las aguas frías que corren de lejanas tierras?
Bråner då Libanon-snøen brånar burt frå Markartinden, eller minkar den vellande uppkoma burt, den svale, rennande?
15 Porque mi pueblo me ha olvidado, incensando á la vanidad, y hácenles tropezar en sus caminos, en las sendas antiguas, para que caminen por sendas, por camino no hollado;
Men mitt folk hev gløymt meg, dei brenner røykjelse åt fåfengdi; og dei fekk deim til å snåva på vegarne sine, dei gamle vegarne, so dei gjekk på stigar, på ujamne vegar,
16 Para poner su tierra en desolación, y en silbos perpetuos; todo aquel que pasare por ella se maravillará, y meneará su cabeza.
so dei gjer landet sitt til ei skræma, ei æveleg spott; alle som fer der framum, vert forstøkte og rister hovudet.
17 Como viento solano los esparciré delante del enemigo; mostraréles las espaldas, y no el rostro, en el día de su perdición.
Likeins som austanvinden vil eg spreida deim for fienden. Ryggen og ikkje andlitet skal eg syna deim på deira ulukke-dag.
18 Y dijeron: Venid, y tracemos maquinaciones contra Jeremías; porque la ley no faltará del sacerdote, ni consejo del sabio, ni palabra del profeta. Venid é hirámoslo de lengua, y no miremos á todas sus palabras.
Då sagde dei: «Kom og lat oss leggja upp råder mot Jeremia! for det tryt ikkje på lov for presten, eller på råd for den vise, eller på ord for profeten. Kom, lat oss fella honom med våre tungor og ikkje bry oss det minste um det han segjer!»
19 Oh Jehová, mira por mí, y oye la voz de los que contienden conmigo.
Gjev gaum etter meg, Herre, og høyr på kor dei trættar med meg!
20 ¿Dase mal por bien, para que hayan cavado hoyo á mi alma? Acuérdate que me puse delante de ti para hablar bien por ellos, para apartar de ellos tu ira.
Skal ein løna godt med vondt? For dei hev grave ei grav for mitt liv. Kom i hug at eg stod for di åsyn og tala godt for deim, til å venda harmen din burt ifrå deim!
21 Por tanto, entrega sus hijos á hambre, y hazlos derramar por medio de la espada; y queden sus mujeres sin hijos, y viudas; y sus maridos sean puestos á muerte, y sus jóvenes heridos á cuchillo en la guerra.
Difor, gjev borni deira til svolten og lat sverdet få handsama deim, og gjer konorne deira barnlause og til enkjor, og lat mennerne deira verta drepne av sotti, og ungmenni deira slegne med sverd i striden!
22 Oigase clamor de sus casas, cuando trajeres sobre ellos ejército de repente: porque cavaron hoyo para prenderme, y á mis pies han escondido lazos.
Lat naudrop høyrast or husi deira når du let mordflokkar brått koma yver deim! For dei hev grave ei grav til å fanga meg i og lurt upp snaror for føterne mine.
23 Mas tú, oh Jehová, conoces todo su consejo contra mí para muerte; no perdones su maldad, ni borres su pecado de delante de tu rostro: y tropiecen delante de ti; haz [así] con ellos en el tiempo de tu furor.
Men du, Herre, kjenner alle deira råder imot meg til å drepa meg; gjev deim ikkje til deira misgjerning, og lat ikkje deira synd verta utstroki for di åsyn! Lat deim stupa for di åsyn; i di vreide-tid gjere du upp med deim!

< Jeremías 18 >