< دوم تواریخ 9 >

و چون ملکه سبا آوازه سلیمان را شنید باموکب بسیار عظیم و شترانی که به عطریات و طلای بسیار و سنگهای گرانبها بارشده بود به اورشلیم آمد، تا سلیمان را به مسائل امتحان کند. و چون نزد سلیمان رسید با وی ازهرچه در دلش بود گفتگو کرد. ۱ 1
Då dronningi i Saba høyrde gjetordet um Salomo, drog ho til honom i Jerusalem og vilde røyna honom med djupe gåtor. Ho kom med eit ovstort fylgje, med kamelar som var klyvja med kryddor og gull i store mengder og glimesteinar. Og då ho var komi til Salomo, lagde ho fram for honom alt det ho hadde på hjarta.
و سلیمان تمامی مسائلش را برای وی بیان نمود و چیزی ازسلیمان مخفی نماند که برایش بیان نکرد. ۲ 2
Men Salomo gav henne svar på alle spurningarne hennar, og det var ingenting dult for honom, som han ikkje kunde svare på.
وچون ملکه سبا حکمت سلیمان و خانه‌ای را که بناکرده بود، ۳ 3
Då dronningi frå Saba såg kor vis Salomo var, og huset som han hadde bygt,
و طعام سفره او و مجلس بندگانش ونظم و لباس خادمانش را و ساقیانش و لباس ایشان و زینه‌ای را که به آن به خانه خداوندبرمی آمد دید، روح دیگر در او نماند. ۴ 4
og retterne på bordet hans, korleis hirdmennerne hans sat der, og korleis tenarane hans varta upp og var klædde, skjenkjarsveinarne hans og deira klæde, og den uppgangen som han hadde til Herrens hus, vart ho reint ifrå seg.
پس به پادشاه گفت: «آوازه‌ای را که درولایت خود درباره کارها و حکمت تو شنیدم راست بود. ۵ 5
Og ho sagde til kongen: «So var det då sant det som eg høyrde i landet mitt um deg og visdomen din!
اما تا نیامدم و به چشمان خود ندیدم اخبار آنها را باور نکردم، و همانا نصف عظمت حکمت تو به من اعلام نشده بود، و از خبری که شنیده بودم افزوده‌ای. ۶ 6
Eg kunde ikkje tru det dei sagde fyrr eg kom og fekk sjå det med eigne augo; og so er det endå ikkje helvti av all visdomen din som de hev fortalt meg um; du er endå større enn det gjetordet eg hev høyrt um deg.
خوشابه‌حال مردان تو وخوشابه‌حال این خادمانت که به حضور تو همیشه می ایستند و حکمت تو را می‌شنوند. ۷ 7
Sæle er mennerne dine, sæle er desse tenarane dine, som stødt fær standa framfyre deg og høyra visdomen din.
متبارک بادیهوه خدای تو که بر تو رغبت داشته، تو را برکرسی خود نشانید تا برای یهوه خدایت پادشاه بشوی. چونکه خدای تو اسرائیل را دوست می‌دارد تا ایشان را تا به ابد استوار نماید، از این جهت تو را بر پادشاهی‌ایشان نصب نموده است تا داوری و عدالت را بجا آوری.» ۸ 8
Lova vere Herren, din Gud, som hadde hugnad i deg og sette deg på sin kongsstol til konge for Herren, din Gud! For di din Gud elskar Israel, og vil halda det ved magt æveleg, difor hev han sett deg til konge yver deim til å gjera rett og rettferd.»
و به پادشاه صد و بیست وزنه طلا و عطریات از حد زیاده، وسنگهای گرانبها داد و مثل این عطریات که ملکه سبا به سلیمان پادشاه داد هرگز دیده نشد. ۹ 9
So gav ho kongen tri hundrad våger gull og kryddor i store mengder og glimesteinar; og aldri hev det funnest slike kryddor som dei dronningi frå Saba gav Salomo.
و نیز بندگان حورام و بندگان سلیمان که طلا از اوفیر می‌آوردند چوب صندل و سنگهای گرانبها آوردند. ۱۰ 10
Dessutan kom folki åt Huram og folki åt Salomo, som henta gull frå Ofir, med algummimtre og glimesteinar.
و پادشاه از این چوب صندل زینه‌ها به جهت خانه خداوند و خانه پادشاه وعودها و بربطها برای مغنیان ساخت، و مثل آنهاقبل از آن در زمین یهودا دیده نشده بود. ۱۱ 11
Og av algummimtreet let kongen gjera tropper til Herrens hus og til huset åt kongen og cithrar og harpor til songarar; og makan til det hadde dei aldri fyrr set i Judalandet.
و سلیمان پادشاه به ملکه سبا تمامی آرزوی او را که خواسته بود داد، سوای آنچه که او برای پادشاه آورده بود، پس با بندگانش به ولایت خود توجه نموده، برفت. ۱۲ 12
Og kong Salomo gav dronningi frå Saba alt ho hadde hug på og bad um, umfram gåvor for det som ho gav til kongen. Sidan snudde ho og drog heim att til landet sitt, ho og tenarane hennar.
و وزن طلایی که در یک سال به سلیمان رسید ششصد و شصت و شش وزنه طلا بود. ۱۳ 13
Vegti på det gullet som kom til Salomo på eitt år, var sekstan hundrad og fem og seksti våger gull,
سوای آنچه تاجران و بازرگانان آوردند وجمیع پادشاهان عرب و حاکمان کشورها طلا ونقره برای سلیمان می‌آوردند. ۱۴ 14
og då var det ikkje medrekna det som kjøpmennerne og kræmarane førde inn, og det som kom frå alle kongarne i Arabia og frå jarlarne i landet, som førde gull og sylv til Salomo.
و سلیمان پادشاه دویست سپر طلای چکشی ساخت که برای هر سپر ششصد مثقال طلا بکار برده شد. ۱۵ 15
Kong Salomo let gjera tvo hundrad store skjoldar av uthamra gull - til kvar skjold gjekk det seks hundrad lodd uthamra gull -
و سیصد سپر کوچک طلای چکشی ساخت که برای هر سپر سیصد مثقال طلا بکار برده شد، وپادشاه آنها را در خانه جنگل لبنان گذاشت. ۱۶ 16
og tri hundrad små skjoldar av uthamra gull, og til kvar skjold gjekk det med tri hundrad lodd gull; og kongen sette deim upp i Libanonskoghuset.
وپادشاه تخت بزرگی از عاج ساخت و آن را به زرخالص پوشانید. ۱۷ 17
Dessutan let kongen gjera ein stor kongsstol av filsbein og klædde honom med skirt gull.
و تخت را شش پله وپایندازی زرین بود که به تخت پیوسته بود و به این طرف و آن طرف نزد جای کرسیش دستها بود، ودو شیر به پهلوی دستها ایستاده بودند. ۱۸ 18
Kongsstolen hadde seks stig og ein fotskammel av gull, som var feste til kongsstolen; på båe sidorne åt sætet var det armstyd, og på kvar side åt deim stod det tvo løvor.
ودوازده شیر از این طرف و آن طرف، بر آن شش پله ایستاده بودند که در هیچ مملکت مثل این ساخته نشده بود. ۱۹ 19
Det stod og tolv løvor på båe sidorne på dei seks stigi. Det var ikkje laga maken i noko anna rike.
و تمامی ظروف نوشیدنی سلیمان پادشاه از طلا و تمامی ظروف خانه جنگل لبنان از زر خالص بود، و نقره در ایام سلیمان هیچ به حساب نمی آمد ۲۰ 20
Alle drykkjestaupi åt kong Salomo var av gull, og alle gognerne i Libanonskoghuset var av skirt gull; sylv rekna dei slett ikkje for noko i kong Salomos dagar.
زیرا که پادشاه را کشتیها بود که با بندگان حورام به ترشیش می‌رفت، و کشتیهای ترشیشی هر سه سال یک مرتبه می‌آمد، و طلا و نقره و عاج و میمونها وطاوسها می‌آورد. ۲۱ 21
For kongen hadde skip som siglde til Tarsis saman med folki åt Huram; ein gong tridje kvart år kom Tarsis-skipi og førde gull og sylv og filsbein og apor og påfuglar.
پس سلیمان پادشاه در دولت و حکمت ازجمیع پادشاهان کشورها بزرگتر شد. ۲۲ 22
Kong Salomo vart større enn alle andre kongar på jordi i rikdom og visdom.
و تمامی پادشاهان کشورها حضور سلیمان را می‌طلبیدندتا حکمتی را که خدا در دلش نهاده بود بشنوند. ۲۳ 23
Og alle kongarne på jordi kom og vilde sjå honom og høyra visdomen hans, som Gud hadde lagt i hjarta hans.
و هریکی از ایشان هدیه خود را از آلات نقره وآلات طلا و رخوت و اسلحه و عطریات و اسبهاو قاطرها یعنی قسمت هر سال را در سالش می‌آوردند. ۲۴ 24
Og kvar av deim hadde med seg ei gåva; det var ymse ting av sylv eller gull, klæde, våpn, kryddor, hestar, muldyr, år etter år.
و سلیمان چهار هزار آخور به جهت اسبان و ارابه‌ها و دوازده هزار سوار داشت. و آنها را در شهرهای ارابه‌ها و نزد پادشاه دراورشلیم گذاشت. ۲۵ 25
Salomo hadde fire tusund heste-par og stridsvogner og tolv tusund hestfolk, og deim lagde han, sume i vognbyarne og sume hjå seg sjølv i Jerusalem.
و بر جمیع پادشاهان از نهر(فرات ) تا زمین فلسطینیان و سرحد مصرحکمرانی می‌کرد. ۲۶ 26
Han rådde yver alle kongarne frå Eufratelvi til Filistarland og egyptargrensa.
و پادشاه نقره را در اورشلیم مثل سنگها و چوب سرو آزاد را مثل چوب افراغ که در صحراست فراوان ساخت. ۲۷ 27
Kongen gjorde sylvet so vanlegt i Jerusalem som stein, og cedertre som morberfiketrei i låglandet.
و اسبها برای سلیمان از مصر و از جمیع ممالک می‌آوردند. ۲۸ 28
Hestar førde dei til Salomo frå Egyptarland og frå alle landi.
و اما بقیه وقایع سلیمان از اول تا آخر آیاآنها در تواریخ ناتان نبی و در نبوت اخیای شیلونی و در رویای یعدوی رایی درباره یربعام بن نباط مکتوب نیست؟ ۲۹ 29
Det som elles er å fortelja um Salomo frå fyrst til sist, det er uppskrive i profeten Natans krønika, og i spådomen åt siloniten Ahia og i syni åt sjåaren Jedi um Jeroboam Nebatsson.
پس سلیمان چهل سال در اورشلیم بر تمامی اسرائیل سلطنت کرد. ۳۰ 30
Salomo var konge i Jerusalem yver heile Israel i fyrti år.
و سلیمان با پدران خود خوابید و او را در شهرپدرش داود دفن کردند و پسرش رحبعام در جای او پادشاه شد. ۳۱ 31
So lagde Salomo seg til kvile hjå federne sine og vart gravlagd i far sin, Davids, by. Og Rehabeam, son hans, vart konge i staden hans.

< دوم تواریخ 9 >