< اول سموئیل 30 >

و واقع شد چون داود و کسانش در روزسوم به صقلغ رسیدند که عمالقه برجنوب و بر صقلغ هجوم آورده بودند، و صقلغ رازده آن را به آتش سوزانیده بودند. ۱ 1
Då no David og kararne hans kom til Siklag tridje dagen, hadde amalekitarne gjort ei herjeferd i Sudlandet og i Siklag, hadde teke Siklag og sett eld på byen.
و زنان و همه کسانی را که در آن بودند از خرد و بزرگ اسیرکرده، هیچ‌کس را نکشته، بلکه همه را به اسیری برده، به راه خود رفته بودند. ۲ 2
Kvendi der i byen hadde dei rana, både store små, og drege av med deim. Dei hadde ikkje drepe nokon, berre teke deim med seg, og fare sin veg.
و چون داود وکسانش به شهر رسیدند، اینک به آتش سوخته، وزنان و پسران و دختران ایشان اسیر شده بودند. ۳ 3
Då David og kararne hans kom til byen og fekk sjå at han var brend, og fekk høyre at konorne og sønerne og døtterne deira var rana og burtførde,
پس داود و قومی که همراهش بودند آواز خودرا بلند کرده، گریستند تا طاقت گریه کردن دیگرنداشتند. ۴ 4
då sette dei i og gret, både David og folki som var med honom. Dei gret so lenge til dei ikkje orka gråta meir.
و دو زن داود اخینوعم یزرعیلیه وابیجایل، زن نابال کرملی، اسیر شده بودند. ۵ 5
Dei tvo konorne åt David var og rana, Ahinoam frå Jizre’el og Abiga’il, kona åt Nabal frå Karmel, var og hertekne.
وداود بسیار مضطرب شد زیرا که قوم می‌گفتند که او را سنگسار کنند، چون جان تمامی قوم هر یک برای پسران و دختران خویش بسیار تلخ شده بود، اما داود خویشتن را از یهوه، خدای خود، تقویت نمود. ۶ 6
David kom i stor knipa; folki hans tala frampå um å steina honom, so beiskeleg innharme var dei alle i hop for tapet av sønerne og døtterne sine. Men David henta styrke hjå Herren, sin Gud.
و داود به ابیاتار کاهن، پسر اخیملک گفت: «ایفود را نزد من بیاور.» و ابیاتار ایفود را نزد داودآورد. ۷ 7
David baud presten Abjatar Ahimeleksson: «Kom hit med messehakelen!» Abjatar kom fram til David med messehakelen.
و داود از خداوند سوال نموده، گفت: «اگر این فوج را تعاقب نمایم، آیا به آنها خواهم رسید؟» او وی را گفت: «تعاقب نما زیرا که به تحقیق خواهی رسید و رها خواهی کرد.» ۸ 8
David spurde so Herren: «Skal eg setja etter desse ransmennerne? Kann eg nå deim att?» Han fekk til svar: «Gjer det! Nå deim kann du! Berga kann du!»
پس داود و ششصد نفر که همراهش بودند روانه شده، به وادی بسور آمدند و واماندگان در آنجا توقف نمودند. ۹ 9
So lagde David i veg med dei seks hundrad kararne sine. Dei kom til bekken Besor. Der stogga dei som laut vera etter.
و داود با چهارصد نفر تعاقب نمود ودویست نفر توقف نمودند زیرا به حدی خسته شده بودند که از وادی بسور نتوانستند گذشت. ۱۰ 10
David heldt fram med fire hundrad mann. Tvo hundrad mann stogga og gjekk ikkje yver Besorbekken; dei var for trøytte.
پس شخصی مصری در صحرا یافته، او رانزد داود آوردند و به او نان دادند که خورد و او راآب نوشانیدند. ۱۱ 11
Dei fann ein egyptar liggjande ute på marki, og dei henta honom til David. Og då dei hadde gjeve honom mat å eta og vatn å drikka;
و پاره‌ای از قرص انجیر و دوقرص کشمش به او دادند و چون خورد روحش به وی بازگشت زیرا که سه روز و سه شب نه نان خورده، و نه آب نوشیده بود. ۱۲ 12
og han fekk eit stykke fikekaka og tvo rosinkakor å eta, livna han til; for han hadde ikkje smaka anten vått eller turt i tri heile døger.
و داود او راگفت: «از آن که هستی و از کجا می‌باشی؟» اوگفت: «من جوان مصری و بنده شخص عمالیقی هستم، و آقایم مرا ترک کرده است زیرا سه روزاست که بیمار شده‌ام. ۱۳ 13
David spurde honom: «Kven høyrer du til, og kvar er du frå?» Han svara: «Ein egyptarsvein er eg, træl hjå ein amalekit. Husbond for frå meg i fyrrdags, av di eg var sjuk.
ما به جنوب کریتیان و برملک یهودا و بر جنوب کالیب تاخت آوردیم. صقلغ را به آتش سوزانیدیم.» ۱۴ 14
Me hadde gjort ei herjeferd i Sudlandet og den luten som høyrer til kretarane og den som høyrer til Juda og den som Kaleb åtte, og Siklag hev me brent.»
داود وی راگفت: «آیا مرا به آن گروه خواهی رسانید؟» اوگفت: «برای من به خدا قسم بخور که نه مرا بکشی و نه مرا به‌دست آقایم تسلیم کنی، پس تو را نزدآن گروه خواهم رسانید.» ۱۵ 15
David spurde: «Vil du syna oss veg til desse ransmennerne?» Han svara: «Gjer eid ved Gud at du ikkje drep meg eller gjev meg i henderne på herren min, so skal eg syna deg vegen til ransmennerne.»
و چون او را به آنجا رسانید اینک بر روی تمامی زمین منتشر شده، می‌خوردند ومی نوشیدند و بزم می‌کردند، به‌سبب تمامی غنیمت عظیمی که از زمین فلسطینیان و از زمین یهودا آورده بودند. ۱۶ 16
Han synte deim veg, og dei kom yver deim med dei låg utyver marki og åt og drakk og gama seg med det store herfanget dei hadde teke i Filistarlandet og Judalandet.
و داود ایشان را از وقت شام تا عصر روز دیگر می‌زد که از ایشان احدی رهایی نیافت جز چهارصد مرد جوان که بر شتران سوار شده، گریختند. ۱۷ 17
David hogg deim ned, og heldt på frå skumingi den eine dagen til kvelden den andre dagen. Og ingi livande sjæl berga seg undan, so nær som fire hundrad unggutar, som sette seg på kamelarne og rømde.
و داود هرچه عمالقه گرفته بودند، بازگرفت و داود دو زن خود را بازگرفت. ۱۸ 18
So berga David alt det amalekitarne hadde teke. Dei tvo konorne sine berga han og.
و چیزی از ایشان مفقود نشد از خرد وبزرگ و از پسران و دختران و غنیمت و از همه چیزهایی که برای خود گرفته بودند، بلکه داودهمه را باز آورد. ۱۹ 19
Dei sakna ingen anten liten eller stor, søner eller døtter, ikkje noko av herfanget dessmeir eller noko av alt det dei hadde rana med seg; David førde heim att alt i hop.
و داود همه گوسفندان وگاوان خود را گرفت و آنها را پیش مواشی دیگرراندند و گفتند این است غنیمت داود. ۲۰ 20
David tok alle krøteri, bufe og smale, og førde fyre den andre buskapen og sagde: «Dette er herfanget åt David!»
و داود نزد آن دویست نفر که از شدت خستگی نتوانسته بودند در عقب داود بروند وایشان را نزد وادی بسور واگذاشته بودند آمد، وایشان به استقبال داود و به استقبال قومی که همراهش بودند بیرون آمدند، و چون داود نزدقوم رسید از سلامتی ایشان پرسید. ۲۱ 21
Då David kom til dei tvo hundrad mann som hadde vore for trøytte til å fylgja, og som difor stogga attmed Besorbekken, gjekk dei til møtes med David og fylgjesveinarne hans. Og David gjekk burtåt folki og helsa deim.
اما جمیع کسان شریر و مردان بلیعال از اشخاصی که با داودرفته بودند متکلم شده، گفتند: «چونکه همراه مانیامدند، از غنیمتی که باز آورده‌ایم چیزی به ایشان نخواهیم داد مگر به هر کس زن و فرزندان او را. پس آنها را برداشته، بروند.» ۲۲ 22
Alle illmenni og uvyrderne millom fylgjesveinarne åt David tok til ords og sagde: «Etter di desse ikkje fylgde oss, fær dei ingen ting av det herfanget me berga. Einast kona og borni kann kvar taka med seg heim.»
لیکن داودگفت: «ای برادرانم چنین مکنید چونکه خداونداینها را به ما داده است و ما را حفظ نموده، آن فوج را که بر ما تاخت آورده بودند به‌دست ماتسلیم نموده است. ۲۳ 23
Men David svara: «Far ikkje soleis, brørne mine, med det som Herren gav oss! Han hev verna oss, og let oss vinna yver ransmennerne som kom yver oss.
و کیست که در این امر به شما گوش دهد زیرا قسمت آنانی که نزد اسباب می‌مانند مثل قسمت آنانی که به جنگ می‌روند، خواهد بود و هر دو قسمت مساوی خواهند برد.» ۲۴ 24
Kven vil lyda dykk i dette? Dei som fer i striden, og dei som er att og vaktar tyet, skal hava jamstor lut! Luterne skal skiftast likt!».
و از آن روز به بعد چنین شد که این را قاعده وقانون در اسرائیل تا امروز قرار داد. ۲۵ 25
Soleis stod det ved lag frå den dagen og alle dagar. Han gjorde det til lov og rett i Israel som gjeld den dag i dag.
و چون داود به صقلغ رسید، بعضی ازغنیمت را برای مشایخ یهودا و دوستان خودفرستاده، گفت: «اینک هدیه‌ای از غنیمت دشمنان خداوند برای شماست.» ۲۶ 26
Då so David kom til Siklag, sende han noko av herfanget til dei øvste i Juda, til venerne sine, med dei ordi: «Her er ei gåva åt dykk av herfanget frå Herrens uvener!» -
برای اهل بیت ئیل و اهل راموت جنوبی و اهل یتیر؛ ۲۷ 27
Til dei øvste i Betel, i Ramot i Sudlandet og i Jattir,
وبرای اهل عروعیر و اهل سفموت و اهل اشتموع؛ ۲۸ 28
i Aroer, i Sifmot, i Estemoa,
و برای اهل راکال و اهل شهرهای یرحمئیلیان و اهل شهرهای قینیان؛ ۲۹ 29
i Rakal og i jerahme’elit-byarne og kenitarbyarne,
و برای اهل حرما و اهل کورعاشان و اهل عتاق؛ ۳۰ 30
i Horma, i Bor-Asan, i Atak,
و برای اهل حبرون و جمیع مکانهایی که داود و کسانش درآنها آمد و رفت می‌کردند. ۳۱ 31
i Hebron, og alle dei staderne der David hadde ferdast med kararne sine.

< اول سموئیل 30 >