< اول سموئیل 14 >

و روزی واقع شد که یوناتان پسر شاول به جوان سلاح دار خود گفت: «بیا تا به قراول فلسطینیان که به آن طرفند بگذریم.» اماپدر خود را خبر نداد. ۱ 1
Det bar so til ein dag at Jonatan, Saulssonen, sagde med våpnsveinen sin: «Kom, lat oss ganga yver til filistarutposten der burte på hi sida!» Men han gat det ikkje med far sin.
و شاول در کناره جبعه زیر درخت اناری که در مغرون است، ساکن بود وقومی که همراهش بودند تخمین ششصد نفربودند. ۲ 2
Saul heldt seg i utkanten av Gibea under granatapallen i Migron, og folket han hadde med seg, var um lag seks hundrad mann.
و اخیا ابن اخیطوب برادر ایخابودبن فینحاس بن عیلی، کاهن خداوند، در شیلوه باایفود ملبس شده بود، و قوم از رفتن یوناتان خبرنداشتند. ۳ 3
Ahia Ahitubsson, bror åt I-kabod, son åt Pinehas Elison, Herrens prest i Silo, han bar no messehakelen. Og folket visste ikkje at Jonatan var gjengen.
و در میان معبرهایی که یوناتان می خواست از آنها نزد قراول فلسطینیان بگذرد، یک صخره تیز به این طرف و یک صخره تیز به آن طرف بود، که اسم یکی بوصیص و اسم دیگری سنه بود. ۴ 4
I skardet der Jonatan freista ganga yver til filistarutposten, låg ein berghamar på kvar sida; den eine heitte Boses, og den andre Sene.
و یکی از این صخره‌ها به طرف شمال در برابر مخماس ایستاده بود، و دیگری به طرف جنوب در برابر جبعه. ۵ 5
Den eine hamaren reis upp mot nord, beint imot Mikmas, den andre mot sør, beint imot Geba.
و یوناتان به جوان سلاحدار خود گفت: «بیانزد قراول این نامختونان بگذریم شاید خداوندبرای ما عمل کند زیرا که خداوند را از رهانیدن باکثیر یا با قلیل مانعی نیست.» ۶ 6
Jonatan sagde med våpnsveinen sin: «Kom, lat oss klyva yver til utposten åt desse u-umskorne! kann henda vil Herren hjelpa oss. Det er ingen ting i vegen for at Herren kann gjeva siger anten dei er få eller mange.»
و سلاحدارش به وی گفت: «هر‌چه در دلت باشد، عمل نما. پیش برو؛ اینک من موافق رای تو با تو هستم.» ۷ 7
Våpnsveinen svara: «Gjer alt det du tykkjer! Berre gakk på! eg fylgjer deg kvar du vil.»
ویوناتان گفت: «اینک ما به طرف این مردمان گذرنماییم و خود را به آنها ظاهر سازیم، ۸ 8
Jonatan sagde: «Me kliv yver til dei kararne, og lager det so at dei ser oss.
اگر به ماچنین گویند: بایستید تا نزد شما برسیم، آنگاه درجای خود خواهیم ایستاد و نزد ایشان نخواهیم رفت. ۹ 9
Segjer dei då: «Stana der til dess me kjem burt åt dykk!» so stoggar me der me stend, og gjeng ikkje upp til deim.
اما اگر چنین گویند که نزد ما برآیید، آنگاه خواهیم رفت زیرا خداوند ایشان را به‌دست ما تسلیم نموده است و به جهت ما، این علامت خواهد بود.» ۱۰ 10
Men segjer dei: «Kom hit upp til oss!» då gjeng me upp; for då hev Herren hev gjeve deim i våre hender. Det skal me hava til jarteign.»
پس هر دوی ایشان خویشتن را به قراول فلسطینیان ظاهر ساختند و فلسطینیان گفتند: «اینک عبرانیان از حفره هایی که خود را در آنهاپنهان ساخته‌اند، بیرون می‌آیند.» ۱۱ 11
Då no båe filistarutposten fekk sjå dei tvo, sagde dei: «Sjå hebræarane kryp ut or holorne der dei hev løynt seg.»
و قراولان، یوناتان و سلاحدارش را خطاب کرده، گفتند: «نزد ما برآیید تا چیزی به شما نشان دهیم.» ویوناتان به سلاحدار خود گفت که «در عقب من بیازیرا خداوند ایشان را به‌دست اسرائیل تسلیم نموده است.» ۱۲ 12
Og utpostkararne ropa til Jonatan og våpnsveinen hans: «Kom hit upp til oss, so skal de få full greida!» Jonatan sagde med våpnsveinen: «Fylg meg! Herren hev gjeve deim i Israels hand.»
و یوناتان به‌دست و پای خود نزد ایشان بالارفت و سلاحدارش در عقب وی، و ایشان پیش روی یوناتان افتادند و سلاحدارش در عقب او می کشت. ۱۳ 13
Jonatan kleiv uppetter på hender og føter, og våpnsveinen fylgde. Jonatan felte deim, og våpnsveinen fylgde etter og gjorde det av med deim.
و این کشتار اول که یوناتان وسلاحدارش کردند به قدر بیست نفر بود در قریب نصف شیار یک جفت گاو زمین. ۱۴ 14
I fyrste åtaket Jonatan og våpnsveinen gjorde, hogg dei ned um lag eit tjug, på ei vidd som ein halv dags plogland.
و در اردو وصحرا و تمامی قوم تزلزل در‌افتاد و قراولان وتاراج کنندگان نیز لرزان شدند و زمین متزلزل شد، پس تزلزل عظیمی واقع گردید. ۱۵ 15
Då vart dei fjetra både i lægret og på marki heile heren; og utpostarne og røvarflokkarne vart og fjetra. Og grunnen skalv, so det kom ein støkk frå Gud yver deim.
و دیده بانان شاول در جبعه بنیامین نگاه کردند و اینک آن انبوه گداخته شده، به هر طرف پراکنده می‌شدند. ۱۶ 16
Vaktpostarne åt Saul i Gibea i Benjamin såg at heile hopen var reint i ørska, so dei vingla i kross og krok.
و شاول به قومی که همراهش بودند، گفت: «الان تفحص کنید و ببینیداز ما که بیرون رفته است؟» پس تفحص کردند که اینک یوناتان و سلاحدارش حاضر نبودند. ۱۷ 17
Saul sagde til krigsfolket sitt; «Mynstra heren, og sjå kven som vantar!» Dei mynstra heren, og fekk sjå at Jonatan og våpnsveinen hans vanta.
وشاول به اخیا گفت: «تابوت خدا را نزدیک بیاور.» زیرا تابوت خدا در آن وقت همراه بنی‌اسرائیل بود. ۱۸ 18
Då sagde Saul til Ahia: «Kom hit med Guds kista!» For Guds kista var den tid millom Israels-borni.
و واقع شد چون شاول با کاهن سخن می‌گفت که اغتشاش در اردوی فلسطینیان زیاده وزیاده می‌شد، و شاول به کاهن گفت: «دست خودرا نگاهدار.» ۱۹ 19
Men medan Saul tala med presten, auka ståket i filistarlægret allstødt. Saul sagde då til presten: «Det kann vera det same.»
و شاول و تمامی قومی که با وی بودندجمع شده، به جنگ آمدند، و اینک شمشیر هرکس به ضد رفیقش بود و قتال بسیار عظیمی بود. ۲۰ 20
So samla dei seg på slagmarki, Saul og alt krigsfolket hans, og fekk sjå fiendarne lyfte sverdi mot kvarandre, og dei var so forstøkte, at dei visste korkje att eller fram.
و عبرانیانی که قبل از آن با فلسطینیان بودند وهمراه ایشان از اطراف به اردو آمده بودند، ایشان نیز نزد اسرائیلیانی که با شاول و یوناتان بودند، برگشتند. ۲۱ 21
Dei hebræarane som frå gamalt hadde vore i filistarmagt, og hadde fylgt med deim upp og var spreidde rundt i lægret, dei og slo lag med Israels-heren under Saul og Jonatan.
و تمامی مردان اسرائیل نیز که خودرا در کوهستان افرایم پنهان کرده بودند چون شنیدند که فلسطینیان منهزم شده‌اند، ایشان را درجنگ تعاقب نمودند. ۲۲ 22
Og då dei Israels-mennerne som hadde løynt seg i Efraimsfjellbygdi, høyrde gjete at filistarane var på flog, sette alle dei og etter deim og kom med i slaget.
پس خداوند در آن روزاسرائیل را نجات داد و جنگ تا بیت آون رسید. ۲۳ 23
Soleis gav Herren Israel siger den dagen. Og bardagen flutte seg heilt framum Bet-Aven.
و مردان اسرائیل آن روز در تنگی بودندزیرا که شاول قوم را قسم داده، گفته بود: «تا من ازدشمنان خود انتقام نکشیده باشم ملعون باد کسی که تا شام طعام بخورد.» و تمامی قوم طعام نچشیدند. ۲۴ 24
Det røynde hardt på kvar israelit den dagen. Og Saul batt folket med denne eiden: «Forbanna den som et noko mat fyre kvelden, fyrr eg hev teke hemn yver fiendarne mine!» So var det ingen som smaka matbiten.
و تمامی قوم به جنگلی رسیدند که در آنجا عسل بر روی زمین بود. ۲۵ 25
Då dei alle i hop kom inn i skogen, låg det honning på marki.
و چون قوم به جنگل داخل شدند، اینک عسل می‌چکید امااحدی دست خود را به دهانش نبرد زیرا قوم ازقسم ترسیدند. ۲۶ 26
Men då folket kom upp i skogen og fekk sjå honning strøyma ut, våga ingen føra handi til munnen, av age for eiden.
لیکن یوناتان هنگامی که پدرش به قوم قسم می‌داد نشنیده بود، پس نوک عصایی را که در دست داشت دراز کرده، آن را به‌شان عسل فرو برد، و دست خود را به دهانش برده، چشمان او روشن گردید. ۲۷ 27
Jonatan hadde ikkje lydt på då far hans tok folket i eid; difor rette han ut staven han hadde i handi og duppa den eine enden i honningen, og førde so handi til munnen; han vart då bjartøygd att.
و شخصی از قوم به او توجه نموده، گفت: «پدرت قوم را قسم سخت داده، گفت: ملعون بادکسی‌که امروز طعام خورد.» و قوم بی‌تاب شده بودند. ۲۸ 28
Ein av mennerne tok til ords og sagde: «Far din hev bunde folket med denne eiden: «Forbanna kvar den som et noko mat i dag!» - endå dei var trøytte.»
و یوناتان گفت: «پدرم زمین را مضطرب ساخته است، الان ببینید که چشمانم چه قدرروشن شده است که اندکی از این عسل چشیده‌ام. ۲۹ 29
Jonatan svara: «Far fører ulukka yver landet! Sjå, kor augo mine ljosna av di eg smaka noko lite på denne honningen.
و چه قدر زیاده اگر امروز قوم از غارت دشمنان خود که یافته‌اند بی‌ممانعت می‌خوردند، آیا قتال فلسطینیان بسیار زیاده نمی شد؟» ۳۰ 30
Kor mykje større mannefall skulde det ikkje vorte millom filistarane um mennerne hadde fenge eta seg mette i dag av herfanget dei vann hjå fiendarne sine!»
و در آن روز فلسطینیان را از مخماس تاایلون منهزم ساختند و قوم بسیار بی‌تاب شدند. ۳۱ 31
Like vel: dei slo filistarane den dagen og forfylgde deim frå Mikmas til Ajjalon, og folki var svært trøytte.
و قوم بر غنیمت حمله کرده، از گوسفندان وگاوان و گوساله‌ها گرفته، بر زمین کشتند و قوم آنهارا با خون خوردند. ۳۲ 32
So kasta folket seg yver herfanget, tok sauer og uksar og kalvar, og slagta deim på marki, og åt kjøtet med blodet i.
و شاول را خبر داده، گفتند: «اینک قوم به خداوند گناه ورزیده، با خون می‌خورند.» گفت: «شما خیانت ورزیده‌اید امروزسنگی بزرگ نزد من بغلطانید.» ۳۳ 33
Dei melde det åt Saul og sagde: «Sjå, folket syndar mot Herren og et kjøt med blod i.» Då ropa Saul: «De hev gjort svik! Velt ein stor stein hit til meg!»
و شاول گفت: «خود را در میان قوم منتشر ساخته، به ایشان بگویید: هر کس گاو خود و هر کس گوسفند خود را نزد من بیاورد و در اینجا ذبح نموده، بخورید وبه خدا گناه نورزیده، با خون مخورید.» و تمامی قوم در آن شب هر کس گاوش را با خود آورده، در آنجا ذبح کردند. ۳۴ 34
Og Saul sagde: «Gakk ut millom folket og seg til deim: «Kvar og ein skal føra hit til meg uksen sin og sauen sin og slagta og eta honom her! Ikkje må de synda mot Herren og eta kjøt med blod i!»» Då førde heile folket fram um natti, kvar med eigi hand, uksarne sine, og slagta deim der.
و شاول مذبحی برای خداوند بنا کرد و این مذبح اول بود که برای خداوند بنا نمود. ۳۵ 35
Saul bygde eit altar for Herren. Dette var det fyrste altaret han bygde åt Herren.
و شاول گفت: «امشب در عقب فلسطینیان برویم و آنها را تا روشنایی صبح غارت کرده، ازایشان احدی را باقی نگذاریم.» ایشان گفتند: «هرچه در نظرت پسند آید بکن.» و کاهن گفت: «دراینجا به خدا تقرب بجوییم.» ۳۶ 36
Og Saul sagde: «Lat oss forfylgja filistarane i natt og herja millom deim, alt til det dagast i morgon, so ingen av deim kjem undan!» Dei svara: «Gjer alt det du tykkjer!» Men presten sagde: «Lat oss ganga fram for Guds åsyn her!»
و شاول از خداسوال نمود که آیا از عقب فلسطینیان برویم و آیاایشان را به‌دست اسرائیل خواهی داد، اما در آن روز او را جواب نداد. ۳۷ 37
Då spurde Saul Gud: «Skal eg forfylgja filistarane? Vil du gjeva deim i Israels hand?» Men han gav deim ikkje svar den dagen.
آنگاه شاول گفت: «ای تمامی روسای قوم به اینجا نزدیک شوید و بدانیدو ببینید که امروز این گناه در چه چیز است. ۳۸ 38
Då sagde Saul: «Kom hit fram alle dei gjævaste av folket! so fær det sjå og gå kva det er for ei syndi som er gjord i dag.
زیرا قسم به حیات خداوند رهاننده اسرائیل که اگر در پسرم یوناتان هم باشد، البته خواهدمرد.» لیکن از تمامی قوم احدی به او جواب نداد. ۳۹ 39
So sant Herren liver, han som hev gjeve Israel siger, um det so er Jonatan, son min, skal han lata livet!» Ingen av folket svara honom.
پس به تمامی اسرائیل گفت: «شما به یک طرف باشید و من با پسر خود یوناتان به یک طرف باشیم.» و قوم به شاول گفتند: «هر‌چه در نظرت پسند آید، بکن.» ۴۰ 40
Då sagde han til heile Israel: «Statt de på den eine sida, so vil eg med Jonatan, son min, standa på hi.» Folket svara Saul: «Gjer som du tykkjer!»
و شاول به یهوه، خدای اسرائیل گفت: «قرعه‌ای راست بده.» پس یوناتان و شاول گرفته شدند و قوم رها گشتند. ۴۱ 41
Då sagde Saul til Herren, Israels Gud: «Lat sanningi koma for dagen!» Då fall luten på Jonatan og Saul, og folket gjekk fritt.
و شاول گفت: «در میان من و پسرم یوناتان قرعه بیندازید.» و یوناتان گرفته شد. ۴۲ 42
Saul sagde: «Drag strå millom meg og Jonatan, son min!» Då fall luten på Jonatan.
و شاول به یوناتان گفت: «مرا خبر ده که چه کرده‌ای؟» و یوناتان به او خبر داده، گفت: «به نوک عصایی که در دست دارم اندکی عسل چشیدم واینک باید بمیرم؟» ۴۳ 43
Saul sagde til Jonatan: «Seg meg kva du hev gjort!» Då sagde Jonatan det med honom: «Med enden av staven eg hadde i handi, tok eg noko lite honning og smaka lite grand på det. Sjå her er eg, ferdig til å døy.»
و شاول گفت: «خدا چنین بلکه زیاده از این بکند‌ای یوناتان! زیرا البته خواهی مرد.» ۴۴ 44
Saul svara: «Ja, Gud late meg bøta for det no og sidan! Livet lyt du lata, Jonatan!»
اما قوم به شاول گفتند: «آیایوناتان که نجات عظیم را در اسرائیل کرده است، باید بمیرد؟ حاشا! قسم به حیات خداوند که مویی از سرش به زمین نخواهد افتاد زیرا که امروز با خدا عمل نموده است.» پس قوم یوناتان را خلاص نمودند که نمرد. ۴۵ 45
Men folket sagde til Saul: «Skulde Jonatan døy? Han som hev vunne denne store sigeren for Israel! Aldri i verdi! So sant Herren liver, ikkje eit hår på hovudet hans skal vert skadt! for med Guds hjelp hev han gjort dette i dag.» Og folket løyste Jonatan ut; han vart ikkje drepen.
و شاول از تعاقب فلسطینیان باز آمد و فلسطینیان به‌جای خودرفتند. ۴۶ 46
Saul drog heim, og forfylgde ikkje filistarane meir. Filistarane drog og heim til seg.
و شاول عنان سلطنت اسرائیل را به‌دست گرفت و با جمیع دشمنان اطراف خود، یعنی باموآب و بنی عمون و ادوم و ملوک صوبه وفلسطینیان جنگ کرد و به هر طرف که توجه می‌نمود، غالب می‌شد. ۴۷ 47
Då Saul hadde eigna til seg kongedømet i Israel, førde han krig mot alle fiendarne sine rundt ikring: Moab, ammonitarne, Edom, kongarne i Soba og filistarane. Og kvar helst han vende seg, tukta han deim.
و به دلیری عمل می‌نمود و عمالیقیان را شکست داده، اسرائیل رااز دست تاراج کنندگان ایشان رهانید. ۴۸ 48
Han vann seg stort velde. Han slo Amalek - og fria soleis Israel frå deim som herja det.
و پسران شاول، یوناتان و یشوی و ملکیشوبودند. و اسمهای دخترانش این است: اسم نخست زاده‌اش میرب و اسم کوچک میکال. ۴۹ 49
Sønerne åt Saul var Jonatan, Jisvi og Malkisua. Av dei tvo døtterne hans heitte den eldste Merab og den yngste Mikal.
واسم زن شاول اخینوعام، دختر اخیمعاص، بود واسم سردار لشکرش ابنیر بن نیر، عموی شاول بود. ۵۰ 50
Kona åt Saul heitte Ahinoam Ahima’asdotter. Hovdingen yver heren hans heitte Abner, son åt Ner, som var farbror åt Saul;
و قیس پدر شاول بود و نیر پدر ابنیر و پسرابیئیل بود. ۵۱ 51
for Kis, Sauls far, og Ner, Abners far, var søner åt Abiel.
و در تمامی روزهای شاول با فلسطینیان جنگ سخت بود و هر صاحب قوت و صاحب شجاعت که شاول می‌دید، او را نزد خودمی آورد. ۵۲ 52
Krigen mot filistarane var allstødt hard so lenge Saul livde. Og so tidt Saul såg ei kjempa eller ein dugande kar, tok han honom i si tenesta.

< اول سموئیل 14 >