< Sakarias 5 >

1 Sidan lyfte eg atter upp augo mine og fekk sjå ein fjukande bokrull,
دیسان چاوم هەڵبڕی و تۆمارێکی فڕیوم لەبەردەمم بینی.
2 og han sagde til meg: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein fjukande bokrull, som er tjuge alner lang og ti alner breid.»
لێی پرسیم: «چی دەبینیت؟» وەڵامم دایەوە: «تۆمارێکی فڕیو دەبینم، درێژییەکەی بیست باڵە و پانییەکەشی دە باڵە.»
3 Då sagde han til meg: «Dette er forbanningi som gjeng ut yver heile landet; for i samhøve med henne skal kvar den som stel verta reinska burt her ifrå, og i samhøve med henne skal kvar den som sver verta reinska burt her ifrå.
ئینجا پێی گوتم: «ئەمە ئەو نەفرەتەیە کە بۆ سەر ڕووی هەموو زەوی دێت؛ چونکە بەپێی ڕووێکی هەموو دزێک دوور دەخرێتەوە و بەپێی ڕووەکەی دیکە هەموو ئەوەی بە درۆ سوێند بخوات دوور دەخرێتەوە.
4 Eg hev sendt henne ut, segjer Herren, allhers drott, og ho skal ganga inn i huset til tjuven og inn i huset til den som gjer rang eid ved mitt namn, og ho skal setja seg fast der i huset og øydeleggja det, både tre og stein.»
یەزدانی سوپاسالار دەفەرموێت:”من دەینێرم و دەچێتە ماڵی دز و ماڵی ئەوەی بە درۆ سوێند بە ناوی من دەخوات، لەو ماڵەدا دەمێنێتەوە، بە تەواوی لەگەڵ دار و بەردەکەی لەناوی دەبات.“»
5 Sidan kom han fram den engelen som tala med meg, og sagde til meg: «Lyft upp augo dine og sjå kva det er som kjem fram der!»
پاشان ئەو فریشتەیەی قسەی لەگەڵ دەکردم، هاتە پێشەوە و پێی فەرمووم: «چاوت هەڵبڕە و ببینە ئەوە چییە دەردەکەوێت.»
6 Eg spurde: «Kva er det?» Han svara: «Det er skjeppa som kjem fram.» Og han sagde: «Soleis ser det ut med deim i heile landet.»
لێم پرسی: «ئەوە چییە؟» وەڵامی دامەوە: «ئەوە ئەو سەبەتەیەیە کە دەردەکەوێت.» هەروەها گوتی: «ئەمەش تاوانەکەیانە کە لە هەموو زەوییە.»
7 Sjå, då vart eit rundt blylok lyft upp, og der var ei kvinna som sat i skjeppa.
ئیتر قەپاغە قورقوشمەکە هەڵگیرا، ژنێکم بینی لەناو سەبەتەکە دانیشتبوو.
8 Då sagde han: «Dette er gudløysa.» Og so tok han og slengde henne ned i skjeppa og slo blyloket yver opningi.
گوتی: «ئەمە خراپەکارییە.» ئینجا بۆ ناوەڕاستی سەبەتەکە پاڵی پێوەنا و قەپاغە قورقوشمەکەی خستە سەر دەمی.
9 Då eg sidan lyfte upp augo mine, fekk eg sjå tvo kvinnor som kom fram, og vinden fyllte vengjerne deira - for dei hadde vengjer som storkevenger - og dei tok og lyfte skjeppa upp millom himmel og jord.
ئینجا چاوم هەڵبڕی و بینیم لەبەردەمم دوو ژن هاتنە دەرەوە و با لە باڵەکانیان دەدات. باڵەکانیان وەک باڵی لەقلەق بوو، ئینجا سەبەتەکەیان بۆ نێوان زەوی و ئاسمان بەرزکردەوە.
10 Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar skal dei av med skjeppa?»
لەو فریشتەیەم پرسی کە قسەی لەگەڵ دەکردم: «سەبەتەکە بۆ کوێ دەبەن؟»
11 Han svara: «Dei skal byggja eit hus åt henne i Sinearlandet, og når det er ferdigt, skal ho setjast ned der på sin stad.»
ئەویش گوتی: «بۆ ئەوەی لە خاکی بابل ماڵێکی بۆ بنیاد بنێن و کە ئامادە بوو لەوێ لە شوێنی خۆی دادەنرێت.»

< Sakarias 5 >