< Sakarias 11 >

1 Lat upp portarne dine, Libanon, so elden kann øyda cedertrei dine! 2 Jamra deg, du cypressa, for cederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker: for tjukkaste skogen er sokken! 3 Høyr, kor hyrdingarne jamrar; for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr, kor dei unge løvorne burar; for Jordans prydnad er herja! 4 So sagde Herren min Gud: Røkta slagtesauerne! 5 For dei som kjøper deim, slagtar deim utan å bøta for det, og dei som sel deim segjer: «Lova vere Herren! Eg vert då rik!» Og hyrdingarne deira sparer deim ikkje. 6 For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i henderne på kvarandre og i henderne på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje fria frå deira vald. 7 So tok eg til å røkta slagtesauerne, ja, dei ringaste av sauerne, og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg Godvilje, og den andre kalla eg Sameining. Eg gjætte då sauerne, 8 og eg gjorde dei tri hyrdingarne til inkjes på ein månad. Då leiddest eg ved deim, og dei stygdest og ved meg, 9 og so sagde eg: «Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!» 10 So tok eg staven min Godvilje og braut honom sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki. 11 Og ho vart gjord til inkjes same dagen, og då fekk dei sanna dei arme sauerne som ansa på meg, at det var Herrens ord. 12 Dinæst sagde eg til deim: «Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera!» Då vog dei upp tretti sylvdalar til løn åt meg. 13 Då sagde Herren til meg: Sleng honom burt til pottemakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvdalarne og kasta deim inn i Herrens hus, burt til pottemakaren. 14 So braut eg sund den andre staven min, Sameining, til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel. 15 Og Herren sagde til meg: Tak deg no atter hyrdingreidskap, som ein skarvehyrding. 16 For sjå, eg let ein hyrding risa upp i landet, ein som ikkje bryr seg um dei burtkomne, ikkje leitar etter dei villfarne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauverne deira riv han av. 17 Usæl den skarvehyrdingen som svik sauerne! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Visna, ja, visna skal armen hans, og høgre auga hans verta blindt.

< Sakarias 11 >