< Sakarias 11 >

1 Lat upp portarne dine, Libanon, so elden kann øyda cedertrei dine!
レバノンよ汝の門を啓き火をして汝の香柏を焚しめよ
2 Jamra deg, du cypressa, for cederen er fallen, dei herlege trei avøydde! Jamra dykk, de Basan-eiker: for tjukkaste skogen er sokken!
松よ叫けべ香柏は倒れ威嚴樹はそこなはれたりバシヤンの橡よ叫べ高らかなる林は倒れたり
3 Høyr, kor hyrdingarne jamrar; for di deira herlegdom er lagd i øyde! Høyr, kor dei unge løvorne burar; for Jordans prydnad er herja!
牧者の叫ぶ聲あり其榮そこなはれたればなり猛き獅子の吼る聲ありヨルダンの叢そこなはれたればなり
4 So sagde Herren min Gud: Røkta slagtesauerne!
我神ヱホバかく言たまふ宰らるべき羔を牧へ
5 For dei som kjøper deim, slagtar deim utan å bøta for det, og dei som sel deim segjer: «Lova vere Herren! Eg vert då rik!» Og hyrdingarne deira sparer deim ikkje.
之を買ふ者は之を宰るとも罪なし之を賣る者は言ふ我富を得ればヱホバを祝すべしと其牧者もこれを惜まざるなり
6 For no vil eg ikkje meir spara folket i landet, segjer Herren; men eg vil lata menneski falla i henderne på kvarandre og i henderne på kongen sin, og dei skal øyda landet, og eg vil ikkje fria frå deira vald.
ヱホバ言たまふ我かさねて地の居民を惜まじ視よ我人を各その隣人の手に付しその王の手に付さん彼ら地を荒すべし我これを彼らの手より救ひ出さじ
7 So tok eg til å røkta slagtesauerne, ja, dei ringaste av sauerne, og eg tok meg tvo stavar, den eine kalla eg Godvilje, og den andre kalla eg Sameining. Eg gjætte då sauerne,
我すなはち其宰らるべき羊を牧り是は最も憫然なる羊なり我みづから二本の杖を取り一を恩と名け一を結と名けてその羊を牧り
8 og eg gjorde dei tri hyrdingarne til inkjes på ein månad. Då leiddest eg ved deim, og dei stygdest og ved meg,
我一月に牧者三人を絶り我心に彼らを厭ひしが彼等も心に我を惡めり
9 og so sagde eg: «Eg vil ikkje lenger vera hyrdingen dykkar. Lat dei døy som vil døy, og lat det øydast som vil øydast, og dei som vert att, fær eta kvarandre upp!»
我いへり我は汝らを飼はじ死る者は死に絶るる者は絶れ遺る者は互にその肉を食ひあふべし
10 So tok eg staven min Godvilje og braut honom sund til å løysa upp pakti som eg hadde gjort med alle folki.
我恩といふ杖を取て之を折れり是諸の民に立し我契約を廢せんとてなりき
11 Og ho vart gjord til inkjes same dagen, og då fekk dei sanna dei arme sauerne som ansa på meg, at det var Herrens ord.
是は其日に廢せられたり是に於てかの我に聽したがひし憫然なる羊は之をヱホバの言なりしと知れり
12 Dinæst sagde eg til deim: «Um de so synest, so gjev meg løni mi, og synest de ikkje det er verdt, so lat det vera!» Då vog dei upp tretti sylvdalar til løn åt meg.
我彼らに向ひて汝等もし善と視なば我價を我に授けよ若しからずば止めよと言ければ彼等すなはち銀三十を權りて我價とせり
13 Då sagde Herren til meg: Sleng honom burt til pottemakaren, den herlege prisen som dei hev verdsett meg til! Og eg tok dei tretti sylvdalarne og kasta deim inn i Herrens hus, burt til pottemakaren.
ヱホバ我に言たまひけるは彼等に我が估價せられしその善價を陶人に投あたへよと我すなはち銀三十を取てヱホバの室に投いれて陶人に歸せしむ
14 So braut eg sund den andre staven min, Sameining, til å løysa upp brorskapen millom Juda og Israel.
我また結といふ杖を折れり是ユダとイスラエルの間の和好を絶んとてなりき
15 Og Herren sagde til meg: Tak deg no atter hyrdingreidskap, som ein skarvehyrding.
ヱホバ我に言たまはく汝また愚なる牧者の器を取れ
16 For sjå, eg let ein hyrding risa upp i landet, ein som ikkje bryr seg um dei burtkomne, ikkje leitar etter dei villfarne, ikkje heilar dei brotne og ikkje syter for dei friske; men kjøtet av dei feite et han, og klauverne deira riv han av.
視よ我地に一人の牧者を興さん彼は亡ぶる者を顧みず迷へる者を尋ねず傷つける者を醫さず健剛なる者を飼はず肥たる者の肉を食ひ且その蹄を裂ん
17 Usæl den skarvehyrdingen som svik sauerne! Sverd yver armen hans og yver høgre auga hans! Visna, ja, visna skal armen hans, og høgre auga hans verta blindt.
其羊の群を棄る惡き牧者は禍なるかな劍その腕に臨みその右の目に臨まん其腕は全く枯えその右の目は全く盲れん

< Sakarias 11 >