< Titus 1 >

1 Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom, 2 i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider, (aiōnios g166) 3 men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn - 4 til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar! 5 For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg, 6 um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge. 7 For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning, 8 men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden, 9 ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot. 10 For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi. 11 Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld. 12 Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.» 13 Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i trui 14 og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi. 15 Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine. 16 Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.

< Titus 1 >