< Titus 3 >

1 Minn deim um å vera styremagter og yverråder undergjevne, vera lyduge, reidebune til all god gjerning, 2 ikkje spotta nokon, vera fredlege, godlyndte, visa all spaklynde mot alle menneskje. 3 For me var og eingong uvituge, ulyduge, villfarande, trælande under mangeslag lyster og fysnor, livande i vondskap og ovund, hata og hatande kvarandre. 4 Men då Guds, vår frelsars, godleik og mannemilde vart openberra, 5 frelste han oss - ikkje for rettferdige gjerningar skuld, som me hadde gjort, men etter si miskunn - ved badet til atterføding og uppnying ved den Heilage Ande, 6 som han rikleg hev rent ut yver oss ved Jesus Kristus, vår frelsar, 7 so me, rettferdiggjorde ved hans nåde, i voni skulde verta ervingar til det ævelege liv. (aiōnios g166) 8 Dette er eit sant ord! Og dette vil eg at du skal prenta inn, so dei som trur på Gud, må leggja vinn på å gjera gode gjerningar. Dette er godt og gagnlegt for menneski; 9 men dårlege stridsspursmål og ættartal og kivsmål og trettor um lovi skal du halda deg ifrå, for dei er gagnlause og fåfengde. 10 Eit ranglærande menneskje skal du visa frå deg, når du hev påminnt honom ein gong og tvo gonger, 11 då du veit at ein slik er rangsnudd og syndar, fordømd av seg sjølv. 12 Når eg sender Artemas til deg eller Tykikus, so gjer deg umak med å koma til meg i Nikopolis; for der hev eg tenkt å vera vinteren yver. 13 Zenas, den lovlærde, og Apollos skal du med umhug hjelpa i vegen, so dei ikkje skal vanta noko. 14 Men lat og våre læra å driva på gode gjerningar, etter som torv er til, so dei ikkje skal vera fruktlause. 15 Alle som er hjå meg, helsar deg. Helsa deim som elskar oss i trui! Nåden vere med dykk alle!

< Titus 3 >