< Salomos Høisang 3 >

1 «Eg leita på kvila um natt etter honom som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann. 2 Eg vil upp og sviva gjenom by, fara i gator, yver torg, og søkja han som leikar i min hug. Eg leita, men honom ikkje fann. 3 Eg vaktar møtte, som i byen sveiv. «Hev de set han som leikar i min hug?» 4 Snaudt hadd’ eg kome framum deim, då eg fann han som leikar i min hug. Eg heldt han og eg slepte han’kje laus, fyrr eg fekk han i huset hennar mor, inn i kleven hennar som meg åtte. 5 Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.» 6 «Kven er ho, som frå heidi stig upp, lik kvervlande røyk, umfløymd av angande myrra, av røykje og dåm-urter alle? 7 Sjå Salomos båra det er med seksti kjempor ikring, dei av Israels herkjempor er. 8 Dei alle er væpna med sverd og er røynde i strid. Kvar ein ber sverdet ved lend imot rædslor um natt. 9 Kong Salomo berestol fekk seg av Libanons tre. 10 Han av sylv heve stolparne gjort og karmen av gull, der er purpurlagd sess. Inni prydd - ei kjærleiksgåva frå Jerusalems døtter. 11 Gakk ut og sjå, de Sions døtter, på kong Salomo, med kruna han fekk av si mor på sin brudlaupsdag, på sin hjarte-fagnads dag.»

< Salomos Høisang 3 >