< Romerne 16 >

1 Eg legg eit godt ord inn for Føbe, syster vår, som er tenar for kyrkjelyden i Kenkreæ, 2 at de tek imot henne i Herren, som det sømer dei heilage, og hjelper henne med alt som ho treng av dykk; for ho hev vore til hjelp for mange, ja for meg sjølv og. 3 Helsa Priska og Akvilas, mine medarbeidarar i Kristus Jesus - 4 dei hev våga sitt eige liv for meg, og ikkje berre eg takkar deim, men og alle kyrkjelydar av heidningarne - 5 og helsa kyrkjelyden i deira hus. Helsa Epænetus, min kjære, som er fyrstegrøda av Asia for Kristus. 6 Helsa Maria, som hev arbeidt mykje for dykk. 7 Helsa Andronikus og Junias, mine skyldfolk og medfangar, dei er namngjetne millom apostlarne, og dei kom og til Kristus fyre meg. 8 Helsa Amplias, min kjære bror i Herren. 9 Helsa Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys. 10 Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus. Helsa deim som høyrer til Aristobulus’ hus. 11 Helsa Herodion, skyldingen min. Helsa deim frå Narkissus’ hus, som er i Herren. 12 Helsa Tryfæna og Tryfosa, som hev arbeidt i Herren. Helsa Persis, den kjære, ho hev arbeidt mykje i Herren. 13 Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og hans og mi mor. 14 Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne hjå deim. 15 Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas og alle dei heilage som er hjå deim. 16 Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk. 17 Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de hev augo med deim som veld usemja og støytarne mot den læra som de hev lært, og haldt dykk ifrå deim. 18 For slike folk tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sine fagre ord og sin smeikjande tale dårar dei hjarto på dei godtrugne. 19 For ordet um dykkar lydnad er kome utyver til alle; difor gled eg meg yver dykk, men eg ynskjer at de skal vera vise til det gode og reine for det vonde. 20 Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føterne dykkar! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk! 21 Timoteus, min medarbeidar, og Lukius og Jason og Sosipater, skyldingarne mine, helsar dykk. 22 Eg, Tertius, som skriv brevet, helsar dykk i Herren. 23 Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, og broderen Kvartus. 24 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen. 25 Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider, (aiōnios g166) 26 men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru, (aiōnios g166) 27 han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen. (aiōn g165)

< Romerne 16 >