< Romerne 15 >

1 Me som er sterke, me er skuldige til å bera vanstyrken hjå dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad. 2 Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing! 3 For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men som skrive stend: «Deira hædingar som hædde deg, dei fall på meg.» 4 For alt det som fyrr er skrive, det er skrive oss til lærdom, so me skal hava von ved det tolmodet og den trøysti som skrifterne gjev. 5 Men Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må vera samlyndte med kvarandre etter Kristi Jesu fyredøme, 6 so de samheldige, med ein munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader! 7 Difor, tak dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra! 8 Eg meiner: Kristus hev vorte tenar for dei umskorne for Guds sannleik skuld, for å stadfesta lovnaderne til federne; 9 men heidningarne skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: «Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.» 10 Og atter segjer Skrifti: «Fagna dykk, heidningar, saman med hans folk!» 11 Og atter: «Lova Herren, alle heidningar, og prisa honom, alle folk!» 12 Og atter segjer Jesaja: «Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg til herre yver heidningar, på honom skal heidningarne vona.» 13 Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui, so de kann vera rike på von ved krafti frå den Heilage Ande! 14 Men eg og, mine brør, hev den visse trui um dykk, at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege ogso til å påminna kvarandre. 15 Men endå hev eg sume stader skrive heller djervt til dykk, med di eg atter vilde gjeva dykk påminning etter den nåde som Gud hev gjeve meg, 16 at eg skal vera Jesu Kristi offerprest for heidningarne og gjera prestetenesta med evangeliet, so heidningarne kann verta eit huglegt offer, helga ved den Heilage Ande. 17 Difor hev eg mi ros i Kristus Jesus, i mi tenesta for Gud. 18 For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev verka ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning, 19 med kraft av teikn og under, med kraft av Guds Ande, so eg fullt hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria, 20 men då so, at eg sette mi æra i å forkynna evangeliet, ikkje der som Kristus alt var nemnd, at eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll, 21 men, som skrive stend: «Dei som ingi kunngjering hev fenge um honom, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.» 22 Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk. 23 Men no, då eg ikkje lenger hev rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk, 24 no vonar eg å få sjå dykk på gjenomferdi, når eg fer til Spania, og få fylgjeskap av dykk dit, når eg fyrst i nokon mun hev fenge hugnad hjå dykk. 25 Men no fer eg til Jerusalem i tenesta for dei heilage. 26 For Makedonia og Akaia hev av si godvild gjort eit samanskot til dei fatige millom dei heilage i Jerusalem. 27 Dei hev gjort det av si godvild, dei stend og i skuld til deim; for hev heidningarne fenge av deira åndelege gode ting, so er dei og skuldige til å tena deim med dei timelege. 28 Når eg då hev fullført dette og lagt denne frukt i deira hender, so vil eg fara derifrå gjenom dykkar by til Spania, 29 og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med ei fylla av Kristi velsigning. 30 Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi og Andens kjærleik, at de må strida med meg i dykkar bøner for meg til Gud, 31 at eg må ganga fri for dei vantruande i Judæa, og mi ærend til Jerusalem må tekkjast dei heilage, 32 so eg kann koma til dykk med gleda, um Gud so vil, og kveikjast upp i samvære med dykk. 33 Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.

< Romerne 15 >