< Apenbaring 3 >

1 «Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette segjer han som hev dei sju Guds ånder og dei sju stjernorne: Eg veit um gjerningarne dine, at du hev namn av å liva, og du er daud! 2 Vert vaken og styrk det andre, som var på veg til å døy! for eg hev ikkje funne gjerningarne dine fullkomne for min Gud. 3 Kom difor i hug korleis du hev lært og høyrt, og tak vare på det og vend um! Dersom du då ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva stund eg kjem yver deg. 4 Men du hev nokre få namn i Sardes som ikkje hev flekka klædi sine, og dei skal ganga med meg i kvite klæde; for dei er det verde. 5 Den som sigrar, han skal verta klædd soleis i kvite klæde, og eg skal ikkje strjuka hans namn ut or livsens bok, og eg vil kjennast ved hans namn for min Fader og for hans englar. 6 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne! 7 Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia: Dette segjer den Heilage, den Sannordige, han som hev Davids lykel, han som let upp, og ingen let att, og let att, og ingen let upp: 8 Eg veit um dine gjerningar. Sjå, eg hev sett framfyre deg ei opna dør, og ingen kann lata henne att; for du hev liti kraft, og hev like vel halde mitt ord og ikkje forneitta mitt namn. 9 Sjå, eg let nokre av Satans synagoga koma, som segjer dei er jødar, og ikkje er det, men lyg; sjå, eg vil gjera so at dei skal koma og falla ned for føterne dine og kjenna at eg hev elska deg. 10 Sidan du hev teke vare på mitt ord um tolmod, so vil eg og halda deg fri frå den freistings stund som skal koma yver all heimen til å freista deim som bur på jordi. 11 Eg kjem snart; haldt fast på det du hev, so ingen skal taka kruna di! 12 Den som sigrar, honom vil eg gjera til ein pilar i min Guds tempel, og han skal aldri meir ganga ut derifrå, og eg vil skriva på honom min Guds namn og namnet på min Guds by, det nye Jerusalem, det som kjem ned frå himmelen frå min Gud, og mitt namn det nye. 13 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne! 14 Og skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea: Dette segjer han som er amen, det truverdige og sannordige vitnet, upphavet til Guds skapning: 15 Eg veit um dine gjerningar, at du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men so, då du er lunka og korkje kald eller varm, vil eg spy deg ut or munnen min. 17 Sidan du segjer: «Eg er rik og hev ovnøgd og treng ingen ting», og du veit ikkje at du er arm og ynkeleg og fatig og blind og naken, 18 so råder eg deg til å kjøpa av meg gull som er glødt i eld, so du kann verta rik, og kvite klæde, so du kann klæda deg med deim, og skammi av din nakenskap ikkje skal verta synberr, og salva augo dine med augnesalve, so du kann sjå! 19 Alle deim som eg elskar, deim refser og tuktar eg. Ver difor ihuga og vend um! 20 Sjå, eg stend for døri og bankar på; dersom nokon høyrer mi røyst og let upp døri, so vil eg ganga inn til honom og halda nattverd med honom, og han med meg. 21 Den som sigrar, honom vil eg gjeva å sitja med meg på min kongsstol, liksom og eg hev sigra og sett meg med min Fader på hans kongsstol. 22 Den som hev øyra, han høyre kva Anden segjer til kyrkjelydarne!»

< Apenbaring 3 >