< Apenbaring 21 >

1 Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin. 3 Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud. 4 Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.» 5 Og han som sat på kongsstolen, sagde: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han segjer til meg: «Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.» 6 Og han sagde til meg: «Det er gjort. Eg er A og Å, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son. 8 Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.» (Limnē Pyr g3041 g4442) 9 Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, fyllte med dei sju siste plågorne, kom til meg og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg bruri, vivet til Lambet!» 10 Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned frå himmelen frå Gud. 11 Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis. 12 Og han hadde ein stor og høg mur, han hadde tolv portar, og på portarne tolv englar og innskrivne namn, som er namni på dei tolv ætter av Israels born: 13 mot aust tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar. 14 Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på deim namni på dei tolv apostlar åt Lambet. 15 Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portarne og muren hans. 16 Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på honom er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengd og breidd og høgd på honom er like. 17 Og han mælte muren um honom: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter eit menneskjemål, som og er engle-mål. 18 Og muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik reint glas. 19 Og grunnsteinarne i bymuren var prydde med allslag dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalcedon, den fjorde smaragd, 20 den femte sardonyx, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyacint, den tolvte ametyst. 21 Og dei tolv portarne var tolv perlor; kvar ein av portarne var av ei perla, og gata i byen var reint gull som klårt glas. 22 Og eg såg ikkje noko tempel i honom; for hans tempel er Herren, Gud den allmegtige, og Lambet. 23 Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser honom, og Lambet er hans ljos. 24 Og folki skal ferdast i hans ljos, og kongarne på jordi ber sin herlegdom til honom. 25 Og hans portar skal aldri verta stengde um dagen; for natt skal ikkje vera der. 26 Og dei skal bera herlegdomen og æra frå folki til honom. 27 Og inkje ureint skal koma inn i honom, og ingen som fer med styggedom og lygn; berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.

< Apenbaring 21 >