< Apenbaring 20 >

1 Og eg såg ein engel stige ned frå himmelen, som hadde lykelen til avgrunnen og ei stor lekkja i handi si. (Abyssos g12)
Καὶ εἶδον ἄγγελον καταβαίνοντα ἐκ τοῦ οὐρανοῦ, ἔχοντα τὴν κλεῖδα τῆς ἀβύσσου, καὶ ἅλυσιν μεγάλην ἐπὶ τὴν χεῖρα αὐτοῦ. (Abyssos g12)
2 Og han greip draken, den gamle ormen, som er djevelen og Satan, og batt honom for tusund år
Καὶ ἐκράτησε τὸν δράκοντα, τὸν ὄφιν τὸν ἀρχαῖον, ὅς ἐστι διάβολος καὶ Σατανᾶς, καὶ ἔδησεν αὐτὸν χίλια ἔτη,
3 og kasta honom i avgrunnen og læste honom inne og sette innsigle yver honom, so han ikkje lenger skulde dåra folki, til dess dei tusund år var fullenda. Og etter den tid skal han verta løyst ei liti stund. (Abyssos g12)
καὶ ἔβαλεν αὐτὸν εἰς τὴν ἄβυσσον, καὶ ἔκλεισεν αὐτόν, καὶ ἐσφράγισεν ἐπάνω αὐτοῦ, ἵνα μὴ πλανήσῃ τὰ ἔθνη ἔτι, ἄχρι τελεσθῇ τὰ χίλια ἔτη· καὶ μετὰ ταῦτα δεῖ αὐτὸν λυθῆναι μικρὸν χρόνον. (Abyssos g12)
4 Og eg såg stolar, og dei sette seg på deim, og det vart gjeve deim magt til å halda dom; og eg såg deira sjæler som var halshogne for Jesu vitnemål og Guds ord skuld, og deim som ikkje hadde tilbede dyret eller bilætet av det, og ikkje teke merket på panna si og på handi si; og dei vart livande og rådde saman med Kristus i tusund år.
Καὶ εἶδον θρόνους, καὶ ἐκάθισαν ἐπ᾿ αὐτούς, καὶ κρίμα ἐδόθη αὐτοῖς· καὶ τὰς ψυχὰς τῶν πεπελεκισμένων διὰ τὴν μαρτυρίαν Ἰησοῦ, καὶ διὰ τὸν λόγον τοῦ Θεοῦ, καὶ οἵτινες οὐ προσεκύνησαν τῷ θηρίῳ, οὔτε τὴν εἰκόνα αὐτοῦ, καὶ οὐκ ἔλαβον τὸ χάραγμα ἐπὶ τὸ μέτωπον αὐτῶν, καὶ ἐπὶ τὴν χεῖρα αὐτῶν· καὶ ἔζησαν, καὶ ἐβασίλευσαν μετὰ Χριστοῦ τὰ χίλια ἔτη.
5 Men dei andre daude vart ikkje livande att, fyrr dei tusund år var fullenda. Dette er den fyrste uppstoda.
Οἱ δὲ λοιποὶ τῶν νεκρῶν οὐκ ἀνέζησαν ἕως τελεσθῇ τὰ χίλια ἔτη. Αὕτη ἡ ἀνάστασις ἡ πρώτη.
6 Sæl og heilag er den som hev lut i den fyrste uppstoda; yver deim hev den andre dauden ingi magt, men dei skal vera Guds og Kristi prestar og råda saman med honom i tusund år.
Μακάριος καὶ ἅγιος ὁ ἔχων μέρος ἐν τῇ ἀναστάσει τῇ πρώτῃ· ἐπὶ τούτων ὁ θάνατος ὁ δεύτερος οὐκ ἔχει ἐξουσίαν, ἀλλ᾿ ἔσονται ἱερεῖς τοῦ Θεοῦ καὶ τοῦ Χριστοῦ, καὶ βασιλεύσουσι μετ᾿ αὐτοῦ χίλια ἔτη.
7 Og når dei tusund åri er fullenda, skal Satan verta løyst ut or sitt fengsel,
Καὶ ὅταν τελεσθῇ τὰ χίλια ἔτη, λυθήσεται ὁ Σατανᾶς ἐκ τῆς φυλακῆς αὐτοῦ,
8 og han skal ganga ut og dåra folki ved dei fire jordhyrno, Gog og Magog, og føra deim saman til strid, og talet på deim er som havsens sand.
καὶ ἐξελεύσεται πλανῆσαι τὰ ἔθνη τὰ ἐν ταῖς τέσσαρσι γωνίαις τῆς γῆς, τὸν Γὼγ καὶ τὸν Μαγώγ, συναγαγεῖν αὐτοὺς εἰς πόλεμον· ὧν ὁ ἀριθμὸς ὡς ἡ ἄμμος τῆς θαλάσσης.
9 Og dei drog upp på den vide jordflata og kringsette lægret åt dei heilage og den byen som Gud elska. Og det fall eld ned ifrå himmelen frå Gud og øydde deim.
Καὶ ἀνέβησαν ἐπὶ τὸ πλάτος τῆς γῆς, καὶ ἐκύκλωσαν τὴν παρεμβολὴν τῶν ἁγίων καὶ τὴν πόλιν τὴν ἠγαπημένην· καὶ κατέβη πῦρ ἀπὸ τοῦ Θεοῦ ἐκ τοῦ οὐρανοῦ, καὶ κατέφαγεν αὐτούς.
10 Og djevelen, som hadde dåra deim, vart kasta i sjøen med eld og svåvel, der dyret og den falske profeten var; og dei skal verta pinte dag og natt i all æva. (aiōn g165, Limnē Pyr g3041 g4442)
Καὶ ὁ διάβολος ὁ πλανῶν αὐτοὺς ἐβλήθη εἰς τὴν λίμνην τοῦ πυρὸς καὶ θείου, ὅπου τὸ θηρίον καὶ ὁ ψευδοπροφήτης· καὶ βασανισθήσονται ἡμέρας καὶ νυκτὸς εἰς τοὺς αἰῶνας τῶν αἰώνων. (aiōn g165, Limnē Pyr g3041 g4442)
11 Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim.
Καὶ εἶδον θρόνον λευκὸν μέγαν, καὶ τὸν καθήμενον ἐπ᾿ αὐτοῦ, οὗ ἀπὸ προσώπου ἔφυγεν ἡ γῆ καὶ ὁ οὐρανός, καὶ τόπος οὐχ εὑρέθη αὐτοῖς.
12 Og eg såg dei daude, små og store, standa framfor Gud, og bøker vart opna, og ei onnor bok vart opna, det er livsens bok. Og dei daude vart dømde etter det som var skrive i bøkerne, etter gjerningarne sine.
Καὶ εἶδον τοὺς νεκρούς, μικροὺς καὶ μεγάλους, ἑστῶτας ἐνώπιον τοῦ Θεοῦ, καὶ βιβλία ἠνεῴχθησαν· καὶ βιβλίον ἄλλο ἠνεῴχθη, ὅ ἐστι τῆς ζωῆς· καὶ ἐκρίθησαν οἱ νεκροὶ ἐκ τῶν γεγραμμένων ἐν τοῖς βιβλίοις, κατὰ τὰ ἔργα αὐτῶν.
13 Og havet gav att dei daude som var i det, og dauden og helheimen gav att dei daude som var i deim, og dei vart dømde kvar etter sine gjerningar. (Hadēs g86)
Καὶ ἔδωκεν ἡ θάλασσα τοὺς ἐν αὐτῇ νεκρούς, καὶ ὁ Θάνατος καὶ ὁ ᾍδης ἔδωκαν τοὺς ἐν αὐτοῖς νεκρούς· καὶ ἐκρίθησαν ἕκαστος κατὰ τὰ ἔργα αὐτῶν. (Hadēs g86)
14 Og dauden og helheimen vart kasta i eldsjøen. Dette er den andre dauden: eldsjøen. (Hadēs g86, Limnē Pyr g3041 g4442)
Καὶ ὁ Θάνατος καὶ ὁ ᾍδης ἐβλήθησαν εἰς τὴν λίμνην τοῦ πυρός· οὗτός ἐστιν ὁ δεύτερος θάνατος. (Hadēs g86, Limnē Pyr g3041 g4442)
15 Og dersom nokon ikkje vart funnen uppskriven i livsens bok, so vart han kasta i eldsjøen. (Limnē Pyr g3041 g4442)
Καὶ εἴ τις οὐχ εὑρέθη ἐν τῇ βίβλῳ τῆς ζωῆς γεγραμμένος, ἐβλήθη εἰς τὴν λίμνην τοῦ πυρός. (Limnē Pyr g3041 g4442)

< Apenbaring 20 >