< Salmenes 99 >

1 Herren er konge, folki skjelv; han sit på kerubar, jordi ruggar. 2 Herren er stor i Sion, og høg er han yver alle folk. 3 Dei skal prisa ditt namn, det store og skræmelege, heilag er han. 4 Og i si magt elskar kongen det som rett er; du held rettvisa uppe, du hev gjort rett og rettferd i Jakob. 5 Høglova Herren, vår Gud, og fall ned for hans fotskammel! Heilag er han. 6 Moses og Aron var millom hans prestar, og Samuel millom deim som kalla på hans namn; dei ropa til Herren, og han svara deim. 7 I ein skystolpe tala han til deim, dei heldt hans vitnemål og den lov han gav deim. 8 Herre vår Gud, du svara deim, du var deim ein Gud som tilgav deim, men og ein hemnar yver deira gjerningar. 9 Høglova Herren, vår Gud! Og fall ned for hans heilage fjell! For heilag er Herren, vår Gud.

< Salmenes 99 >