< Salmenes 95 >

1 Kom, lat oss fegnast for Herren, lat oss ropa av frygd for vårt frelse-berg! 2 Lat oss stiga fram for hans åsyn med lovsong, lat oss syngja vår fagnad for honom i salmar! 3 For ein stor Gud er Herren og ein stor konge yver alle gudar, 4 han som i si hand hev det djupaste av jordi, og som eig topparne av fjelli. 5 Han eig havet, for han hev skapt det, og turrlendet hev hans hender laga. 6 Kom, lat oss falla ned og bøygja oss, lat oss bøygja kne for Herren, vår skapar! 7 For han er vår Gud, og me er det folk han føder, og den hjord som handi hans leider. Å, vilde de høyra på hans røyst i dag! 8 Forherd ikkje dykkar hjarta som ved Meriba, som på Massa-dagen i øydemarki, 9 der federne dykkar freista meg! Dei prøvde meg, endå dei hadde set mi gjerning. 10 I fyrti år var eg leid av den ætti, og eg sagde: «Dei er eit folk med villfarande hjarta, og dei kjenner ikkje vegarne mine.» 11 So svor eg i min vreide: «Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.»

< Salmenes 95 >