< Salmenes 93 >

1 Herren er konge, han hev klædt seg i høgd; Herren hev klædt seg, han hev gyrdt seg med styrke, jordriket stend fast, det let seg ikkje rikka. 2 Fast er din kongsstol frå fordoms tid, frå æva er du. 3 Straumar hev lyft, Herre, straumar hev lyft si røyst, straumar lyfter upp sin dur. 4 Men meir enn duren av dei store vatn, dei herlege, havbroti, er Herren herleg i det høge. 5 Dine vitnemål er ovleg trufaste; heilagdom høver for huset ditt, Herre, so lenge som dagarne varer.

< Salmenes 93 >